Gratis tilgang
No får alle mellom 15 og 20 år tilgang til Firdaposten og over 120 aviser -heilt gratis
Du blir sendt til aID for å logge inn, og BankID for å bekrefte alder
- Gratis tilgang til over 120 aviser i heile Norge
- Bli kjend med redaktørstyrte medium
- Tilgang på nyheiter som er faktasjekka
- Få betre forståing av kva som skjer i samfunnet

Våre aviser
Eit lite utval...
Sjå kva for nokre fleire aviser som er inkluderte her
Slik går du fram
Lag aID
Du treng aID for å logge inn. Har du ikkje det, lagar du det først.
Bekreft alderen din
Bruk BankID for å bekrefte at du er mellom 15 og 20 år.
Godta avtalen
Les og godta vilkåra for å få tilgang.
Vanlege spørsmål
Det er gratis tilgang til alle mellom 15 og 20 år, til over 120 aviser frå Amedia. Målet er å gi unge enkel tilgang til truverdige nyheiter – ikkje berre det som blir delt i sosiale medium. Prosjektet skal hjelpe deg mellom 15 og 20 år, med å forstå samfunnet betre. Tilgangen stoppar automatisk når du fyller 21 år. Dersom du vil ha tilgang etter det, kan du velje å kjøpe eit abonnement.
Du kan berre ha gratis tilgang aktivert i éin app eller nettlesar om gongen. Dersom du aktiverer den ein annan stad, mistar du tilgangen der du først aktiverte den.
aID er ei gratis innloggingsteneste utvikla av Amedia, Norges største utgivar av redaktørstyrte medium. Med aID kan du logge inn på over 120 norske aviser med éin brukar.
Les meir omaID.
Grunnen til at du må verifisere deg med BankID for å få gratis tilgang, er for å bekrefte alderen din. Tilbodet er berre for unge mellom 15 og 20 år, og BankID er ein trygg måte å vise at du faktisk er innanfor den aldersgruppa – utan at du treng å sende inn legitimasjon eller andre dokument. Det handlar altså ikkje om betaling, men om å sikre at berre dei som har rett på tilbodet får det.
Redaktørstyrte medium er medium som har ein ansvarleg redaktør, og som følgjer pressa sitt etiske regelverk. Det betyr at det som blir publisert er faktasjekka, kontrollert og publisert med ansvar. Redaktøren har det fulle ansvaret for innhaldet – både juridisk og etisk. Dette gir høgare truverd og gjer at ein kan stole meir på informasjonen, enn i for eksempel sosiale medium, der ingen har det same ansvaret.
Amedia er Norges største utgivar av redaktørstyrte medium. Amedia er eigd av ei stifting og er ikkje politisk. Med over 120 aviser og 1300 journalistar, gir vi dagleg nyheiter og innhald til over to millionar nordmenn.Her finn du ei oversikt over kva aviser som er eigde av Amedia, og som du har tilgang til.
Vi har ope på kvardagar frå kl. 08.00 til 16.00.
E-post:ung@amedia.no
Telefon:32 27 70 86 (telefontid: kl. 08.00 til 15.30)

Med støtte frå