Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

vigesimalt talsystem

Skriven av

Vigesimalt talsystem er eittalsystem dergrunntalet er 20.

Det vanlegaste talsystemet i verda i dag ertitalssystemet (dekadisk talsystem), der grunntalet er 10. Det finst spor av eit vigesimalt talsystem i fleire europeiske språk, mellom annadansk,fransk,baskisk ogkeltiske språk. Det vigesimale talsystemet har òg blitt brukt avainoar,inuittar og av fleire folkeslag iMesoamerika.

Danske tal er til dømes i hovudsak basert på titalssystemet, men også delvis basert på det vigesimale talsystemet. Frå 0 til 49 er dei danske tala like dei norske tala, men derfrå tel danskanesneis (20). Til dømes blir 60 sagttres (tre sneiser) og 80 erfirs (fire sneiser).

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Bolstad, Erik:vigesimalt talsystem iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/vigesimalt_talsystem

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTallteori

Jon Eivind Vatne
Førsteamanuensis, Handelshøyskolen BI

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp