tungusiske språk

Tungusiske språk er ein språkfamilie som blir snakka i det nordlegeKina (Mandsjuria,Xinjiang) og iRussland i det austlegeSibir. Det dreiar seg om til dels veldig små språksamfunn som er sterkt truga eller i ferd med å døy ut. Til saman blir språka snakka av om lag 50 000 menneske. UnderQing-dynastiet (1644–1911) var det tungusiske språketmandsju offisielt språk i Kina.
Mange tungusiske språk er truga, og på lang sikt er framtida til heile språkfamilien usikker. Lingvistar er ueinige om klassifiseringa av dei tungusiske språka. Nokre få reknar dei til ein hypotetiskaltaisk språkfamilie i lag medtyrkiske ogmongolske språk, men det vanlege er å rekne tungusiske språk som ein eigenspråkfamilie utan genetisk slektskap til nokon andre språkfamiliar.
Det eldste kjende språket er dsjurtsjen, talt av eit dynasti i Nord-Kina på 1100- til 1200-tallet og kjent frå innskrifter og dokument. Det einaste tungusiske språket med nokon omfattande litteratur ermandsju.
Grupper

Dei nålevande tungusiske språka kan delast inn i to grupper, sørtungusisk og nordtungusisk.
Sørtungusisk
Sørtungusisk omfattar seks eller sju språk, avhengig av om mandsju og sibe blir rekna som eitt eller to språk:
- mandsju (Mandsjuria,Xinjiang), om lag 20 talarar
- sibe (eller xibo, i Xinjiang), 20 000–30 000 talarar
- nanaiisk (eller golde, i Russland ved Amur og i Kina), litt under 1300 talarar
- ultsjisk (i Russland vedAmur), om lag 150 talarar
- udegejsk (i Russland vedAmur), om lag 100 talarar
- orotsjisk (i Russland vedAmur), færre enn 10 talarar
- orokisk (Sakhalin), under 50 talarar
De sørtungusiske språka minner i struktur mykje ommongolsk og er i ordtilfang og syntaks sterkt påverka avmongolsk ogkinesisk.
Mandsju, sibe, nanaiisk og udegejsk erskriftspråk.
Nordtungusisk
Nordtungusisk omfattar fem språk:
- negidalsk (i Russland vedAmur), kring 70 talarar
- evenkisk (ellertungusisk, i Russland, iSakha og påKamtsjatka), litt over 15 000 talarar
- orokensk (eller oroqen, iHeilongjiang-provinsen iKina), kring 1200 talarar, men berre rundt 10 som snakkar det flytande
- evensk (eller lamutisk, i Russland vedJenisej), mellom 5000 og 6000 talarar
- kili (eller kilen, kirin, kila, ved elvane Kur og Urmi i Khabarovsk-området), om lag 40 talarar
Kili har tradisjonelt blitt rekna som ein dialekt av det sørtungusiske språket nanaiisk.
Evenkisk og evensk erskriftspråk.
Dei nordtungusiske språka har eit komplisert lydsystem og mangekasus. Evenkisk og evensk har 13 kasus, negidalsk har 9 kasus.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forOrientalske språk utenom indisk og iransk
