Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

transkripsjon

Skriven av

Det kyrilliske alfabetet
Transkripsjon av den russiske versjonen avdet kyrilliske alfabetet til norsk.
Det kyrilliske alfabetet
Lisens:CC BY SA 3.0

Transkripsjon er overføring av tale tillydskrift, eller av ein tekst frå eit skriftsystem til eit anna, til dømes fråkyrillisk tillatinsk skrift.

Faktaboks

Etymologi
frålatin avtrans-, ‘over, gjennom’ ogscribere, ‘skrive’

Transkripsjon vert òg brukt om musikalsk arrangement for eit anna instrument enn det komposisjonen eigentleg er skriven for.

Mellom alfabet/skriftsystem

Når ein transkriberer tillatinske bokstavar er det vanleg å bruke ein transkripsjon som gjev eit tilnærma rett bilete av uttala i det framande språket. Einskildbokstavane ш og ч irussisk vert til dømes attgjevne på norsk medsj ogtsj, iengelsk medsh ogch, ifransk medch ogtch, itysk medschog tsch, isvensk ogdansk medsj ogtj. For andre skriftsystem har det skjedd ei viss internasjonal samordning, til dømes forkinesisk, der den såkallapinyin-transkripsjonen avløyser eldre nasjonale transkripsjonssystem.

Medtranslitterasjon meiner ein ei omskriving bokstav for bokstav, slik at originalen kan rekonstruerast i detalj. Translitterasjon vert fyrst og fremst brukt i vitskaplege samanhengar. I translitterasjon heiter til dømes det russiske fyrstenamnetPotëmkin (ellerPotemkin; russiskПотёмкин ellerПотемкин), i transkripsjonPotjomkin eller, endå meir fonetisk,Patjomkin.

For transkripsjon av enkelte alfabet og skriftsystem, sjå artiklane om vedkomande språk.

Innan musikk

Transkripsjon er eit musikalskarrangement for eit annainstrument enn detkomposisjonen eigentleg er skriven for.

Uttrykket er òg brukt omnotasjon av framført, munnleg overlevert musikk (ifolkemusikk,jazz med meir).

Genetikk

Transkripsjon, syntese avRNA medDNA somtemplat. Transkripsjonen er prosessen der informasjonen i arvestoffet vert avlesen og overførd til ulike klassar RNA-molekyl.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Gundersen, Dag; Johansen, Pål; Bjerkestrand, Nils E.:transkripsjon iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/transkripsjon

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTranskripsjon

Jørgen G. Bosoni

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp