teolog
Teolog er ein person som er utdanna i eller studererteologi; eller ein forskar med teologi som fag.
I Noreg er ein teolog ein person som har teke teologisk eksamen av høgare grad (teologisk embetseksamen, cand.theol.). Dei fleste arbeider somprestar.
I 1629 vart teologisk embetseksamen obligatorisk for dei som skulle bli prestar. I dagens profesjonsstudium i teologi er praktisk-teologisk utdanning integrert i studiet, som normalt tek seks år (360studiepoeng). IDen norske kyrkja er dette hovedveien for å bli prest, men kyrkja har opna for at det også er mogeleg å bli prest gjennom alternativ kompetanse. Strengt tatt tyder det at ein ikkje treng å vere teolog for å bli vigsla til prestetjeneste.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forKristen teologi og troslære
