

Tørke er ein lengre periode der eit område får mindrenedbør enn normalt. Lite nedbør over lengre tid påverkar dethydrologiske krinsløpet, og ein kan få ulike typar tørke.
Meteorologisk tørke, altså ein periode med lite nedbør over tid, kan gje jordbrukstørke. Det vil seie at det oppstår vassunderskot i jorda. Vidare kan ein få hydrologisk tørke, altså låg grunnvasstand og mindre vassføring ielver. Hydrologisk tørke kan òg oppstå når vassforbruket overstig tilførsla av vatn frånedbørfelt.
Tørke utviklar seg seint og kan vare i fleire månadar. Lite nedbør eller mindre tilsig over tid får konsekvensar forøkosystem og økonomi. I Noreg påverkar tørke først og fremst sektorar som vassforsyning, jord- og skogbruk, vasskraft og industri. I Noreg kan vi oppleve tørke både om sommaren og vinteren. Døme på tørkehendingar i Noreg i seinare tid er vinteren 2009–2010 og tørkesomrane i 2018 og 2021, med stor fare for skogbrannar.
Utbreiing
Tørke kan oppstå dei fleste stadar på Jorda, men med ulik lengd og frekvens. Nærast permanent tørke finn ein i Jordasørkenområde. Her vil jordbruk berre vere mogleg vedirrigasjon (vatning). Sesongprega tørke oppstår jamleg i område som har ein årleg syklus medregntid ogtørketid.
Meir ekstrem tørke
Hyppigare tørke er ei sentral følge avklimaendringane i mange regionar. Endringar i temperatur, nedbør og fordamping gjev fleire endringar i dethydrologiske krinsløpet. I Europa er det særleg i landa rundt Middelhavet kor omfanget av tørke kan bli mest alvorleg framover. Berekraftig bruk av vassressursar blir difor endå viktigare i framtida.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- IPCC, 2021. AR6 Climate Change 2021 -The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Sixth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.