syklon

Syklon er det same somlågtrykk. Ordet vert òg brukt som ei upresis nemning på ulike typarstormar, til dømestropisk lågtrykk.
Faktaboks
- Uttale
syklon
- Etymologi
- til syklusav greskkyklos(‘ring’)
Syklon vert ofte nytta for å omtale eit stort, spiralforma vindsystem omkring eit lågtrykksområde.Vindretninga i ein syklon er ein spiral innover mot lågtrykket. Vindretninga er mot klokka på den nordlege halvkula og med klokka på den sørlege. Syklonar oppstår og forflyttar seg over heile jorda med unntak av eit belte langsekvator.
Tropisk syklon
Tropiske syklonar oppstår over hav der overflatetemperaturen er minst 26,5° C og krefter som skriv seg frå jordrotasjonen (corioliskrefter) samtidig kan få stor nok verknad. Slike område finn ein i to belte mellom om lag 5–6 og 15breiddegrader nord og sør for ekvator. Ein tropisk syklon har ein diameter på om lag 100–500 km, og han følgjer ei bane mot høgare breidder medan han slaknar i styrke.
Ein tropisk syklon kan føre til store skadar når han går innover land. Når snittfarten på vinden i ein tropisk syklon kjem over 117 km/t, blir han iAtlanterhavet og aust iStillehavet kalla ein tropisk orkan. IIndiahavet blir tropiske syklonar kalla nettopp syklonar, medan dei vest i Stillehavet blir kallatyfonar eller taifunar.
Ekstratropisk syklon
Kverveldanningar itempererte soner, som iEuropa, blir kalla ekstratropiske syklonar. Desse har ei utstrekning frå om lag 1000 til 4000 km og blir danna frå bølgjerørsler i skiljet mellom varme og kalde luftmassar, den såkallapolarfronten. Dei er normalt ikkje så kraftige som tropiske syklonar.
Polar syklon og subtropisk syklon
Andre typar syklonar er polare syklonar og subtropiske syklonar. Dei sistnemnde deler nokre av eigenskapane til både ekstratropiske syklonar, tropiske syklonar og syklonar som oppstår i samband med kraftigetorevêr, somtornadoar. Eit vindsystem som roterer rundt eithøgtrykk, kallar einantisyklon. Der rører lufta seg motsett, der spiralen går ut frå trykksentrumet, og er vanlegvis svakare enn i ein syklon.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.