studentmållag



Studentmållag ermållag som organiserer studentar ved universitet og høgskular. Særleg har Studentmållaget i Oslo spela ei viktig rolle i å fremjenynorsk på det akademiske feltet.
«Student-maallaget» vart skipa 31. oktober 1900. Den første formannen varLeiv Heggstad. Tillegget «i Oslo» vart teke i bruk etter kvart som det kom til fleire studentmållag. Ved landbrukshøgskulen (NLH) vart Studentmållaget i Ås skipa i 1908, og i 1916 kom Studentmållaget i Nidaros ved den nyskipa tekniske høgskulen (NTH). Studentmållaget i Bergen kom til i 1946, same året som universitetet.
Etter den store utbygginga av høgare utdanningsinstitusjonar frå sist i 1960-åra har det i periodar funnest studentmållag ved dei fleste universitet og høgskular. Det vart no òg vanleg å kalle mållaga ved lærarskulane «studentmållag» i staden for «elevmållag». Det er likevel truleg berre Studentmållaget i Oslo som har vore i ubroten drift sidan skipinga. Studentmållaga har vore medlemslag iNoregs Mållag. Dei spela ei hovudrolle i skipinga av Noregs Student- og Elevmållag (seinareNorsk Målungdom) i 1961 og har seinare vore berande lag innanfor denne ungdomssamskipnaden.
Studentmållaget i Oslo har spela den klart viktigaste rolla. Laget var det første tiåret ein vegbrøytar når det galdt å opneuniversitetet for nynorskbruk, og det har hatt ei viktig rolle i å fremje bruk av nynorsk i akademiske samanhengar. Det har skjedd både gjennom organisering av målstudentar og yrkesakademikarar, utgiving av skrifter og målpolitisk påverknadsarbeid. Viktig for målrørsla har det òg vore at personar som seinare har fått framståande posisjonar i målrørsla og samfunnslivet, var organiserte i eit studentmållag (særleg i Oslo) i studietida. Fleire av studentmållaga har òg lagt ned mykje arbeid i utvikling av fagspråk og terminologi.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Olaf Almenningen m.fl.:Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900-2000. Oslo 2003
- Olaf Almenningen m.fl. (red.):Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906-1981.Oslo 1981
- Student- og elevmållaget i Trondheim gjennom 50 år. 1916-1966.Trondheim 1966
- Olav Fagerbakke:Studentmållaget i Ås. 1908-1958. Vollebekk 1958
Artikkelen er henta frå det nynorske leksikonet Allkunne, gjeve ut avNynorsk kultursentrum, som Store norske leksikon har overtatt frå 2021.
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.