soleiefamilien

Soleiefamilien er ein plantefamilie innanklassentofrøblada planter. I Noreg finnes fleireartar viltvoksande, mellom annablåveis,kvitveis,tyrihjelm ogengsoleie.
Faktaboks
- Uttale
sol'eie
- Vitskapeleg namn
- Ranunculaceae
Globalt består familien av om lag 60slekter og 2000artar. Familien er spreidd over heile verda, men med ei særskild hovudvekt itempererte ogboreale soner av den nordlege halvkula.
Skildring
Dei flesteartane i soleiefamilien erurter ogbuskar medtokjønnafrikronablomar. Blomane kan ha udifferensiert blomedekke, eller differensiert blomedekke medkronblad ogbegerblad. Mange av artane, til dømesmogop ogballblom, harnektarproduserande strukturar.
Fruktene innan familien varierer fråbelgkapslar (til dømes hjåakeleie,ridderspore,ballblom ogbekkeblom) til smånøtter (til dømes hjåsoleie,kvitveis ogblåveis) ogbær (til dømes hjåtrollbær).
Bruk
Mange av artane i familien vert dyrka som prydplanter. Fleire av artane er svært giftige.
I Noreg
Det er om lag 18 slekter innan soleiefamilien i Noreg.
Systematikk
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Ranunculales | soleieordenen |
Familie | Ranunculaceae | soleiefamilien |
Systematikken følgerArtsdatabankens inndeling (2024).
Les meir i Store norske leksikon
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ranunculaceae
- Artsdatabanken-ID
- 103071
- GBIF-ID
- 2410
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.