
skjærtorsdag


Skjærtorsdag er torsdag iden stille veka førpåske. Ifølgjeevangelia var skjærtorsdag den siste dagenJesus hadde saman meddisiplane før han blei teken til fange av romarane ogkrossfesta.
Skjærtorsdag kjem av gamalnorskskira, 'reinsing', som truleg viser til at Jesus ifølgjeJohannesevangeliet vaska disiplane sine føter før dei åtpåskelammet saman. Det jødiske påskemåltidet var til minne om då israelittene blei fridde ut frå fangenskapen iEgypt. Under Jesu siste måltid med disiplane innstifta hannattverden. Ikyrkjeåret blir skjærtorsdag markert til minne om dette.
Ordet «nattverd» tyder «kveldsmåltid», og i den kristne kyrkja si gudsteneste blir nattverden markert som eit rituelt måltid. På skjærtorsdag var det skikk å gå tilkyrkja, og mange gjekk tilnattverden. Nattverden kan òg uttrykkje eiåndeleg reinsing.
Folkelege tradisjonar
Ifølgje folketradisjonen skulleheksene ha særleg makt denne dagen. Ein kunne verne seg mot dei på ulike måtar, mellom anna var det vernekraft ikorset og i sopelimen – heksene sitt eige framkomstmiddel. Det var vanleg å leggje ein sopelime utanfor inngangsdører fordi ein tenkte seg at ei heks ikkje kunne gå over sopelimen. Eit anna verneråd var å ringje medkyrkjeklokkene.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forKristne ritualer og symboler
