Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

schoutbynacht

Skriven av

Schoutbynacht var den lågasteadmiralsgraden iDanmark-Noreg ogSverige før 1771, då han vart erstatta avkontreadmiral.

Faktaboks

Uttale
skˈautbeinakt
Etymologi
avnederlandskschout-bij-nacht, ‘fogd/magistrat om natten’

Nemninga er henta frånederlandskschout-bij-nacht som framleis er gradsnemning for kontreadmiral i dennederlandske marinen. Uttrykket tyder ’speidar om natta’ og viser derfor til den oppgåva schoutbynachten hadde med å leie nattlege forflyttingar. Iseglskipstida var ein schoutbijnacht pålagd å vakte eller halde orden på den bakerste formasjonen til ein flåtestyrke ellerkonvoi om natta. Graden er også nytta iden russiske marinen. Ein kjend norsk schoutbynacht varPeter Wessel Tordenskjold.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne:schoutbynacht iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/schoutbynacht

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMilitære grader og funksjoner

Dag Leraand

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp