reguladetri
Reguladetri er ein gamal rekneregel som kan brukast for to par størrelsar som er parvisproporsjonale. Tre av tala er gitt, og ein bestemmer det fjerde leddet i proporsjonen ved reguladetri.
Faktaboks
- Uttale
reguladetri
- Etymologi
- middellatin,regula (proportionum) de tri(bus), ‘regelen om dei tre forholda’
- Også kjend som
treregelen
Eksempel
Dersom 4 meter tøy kostar 38 kroner, gir regelen prisen på 11,5 meter slik:
\(\frac{11,5}{4}=\frac{x}{38}\) eller \(x = \frac{11,5 \cdot 38}{4} = 109,25 \text{ kr}\)
Historikk
Allereie den indiske matematikarenBrahmagupta (rundt 600evt.) brukte reguladetri-regelen med same namn. Seinare blei også andre namn brukte, mellom anna den gylne regelen, proporsjonsregelen og kjøpmannsnøkkelen.
Les meir i Store norske leksikon
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Fagkonsulent for artikkelen:
- Johan F. Aarnes,NTNU
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.