nomenfrase
Nomenfrase er igrammatikk eitsetningsledd der eitsubstantiv eller eitpronomen er det viktigaste leddet — aleine eller med tillegg.
Her er nokre eksempel:
- eit substantiv aleine:jenta,gutane
- eit substantiv med eitdeterminativ føre:den jenta,desse gutane
- eit substantiv med eit determinativ og eitadjektiv føre:den vesle jenta,dei store gutane
- eit substantiv med einpreposisjonsfrase etter:jenta med flettene,guten i røyken
- eit substantiv med ei relativsetning etter:jenta som eg møtte på torget
- eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre og eitpossessiv etter:den vesle jenta mi
- eit pronomen aleine:ho, han, dei, eg
- eit pronomen med ein preposisjonsfrase etter:ho med fletter
Strukturen til nomenfrasen
Substantivet eller pronomenet kallar vihovudet i nomenfrasen, medan tillegga eradledd:
adledd | hovud | adledd |
---|---|---|
den vesle | jenta | med fletter |
jenta | som eg møtte på torget |
Hovudet blir òg kallakjerne elleroverledd, medan adledda òg går under namn somattributt ogunderledd.
Funksjonen til nomenfrasen
Ein nomenfrase kan mellom anna stå somsubjekt ellerobjekt i ei setninga, som i denne setninga:
subjekt | verbal | objekt |
---|---|---|
Den tynne guten med blå skjorte | likar | steikt makrell |
Nomenfrasen kan òg fungere som styring/utfylling i einpreposisjonsfrase:
preposisjon | styring |
---|---|
i | det vesle huset |
med | lange fletter |
Meir om frasar
Einfrase er eitt eller fleire ord som tener som ei grammatisk eining og som har eit hovud og eventuelle adledd. Mellom andre frasetypar finn vi desse, der hovudet i eksempla står i kursiv:
- adjektivfrase: redd;veldigredd; kjekkå ha
- preposisjonsfrase:påtaket;iden gamle hagen
- adverbfrase: ofte;ganskeofte
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.