Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

nettavis

Skriven av

Nettaviser eraviser som utgjes på internett, til forskjell frå papiraviser. Nettaviser blei introduserte i Noreg på midten av 1990-talet. Overgangen frå papir til nett har ført til djuptgripande endringar i journalistikken, avisbransjen og lesarvanar.

LokalavisaBrønnøysund Avis var den første norske avisa på nett 6. mars 1995, to dagar før riksavisaDagbladet.

Tradisjonelle avisselskap byrja i 1995 å utgje eigne nettutgåver, som den første tida i hovudsak baud på dei same artiklane som sto i papirutgåva. SelskapetNettavisen var den første heildigitale dagsavisa i Noreg som berre publiserte på nettet.

Ogsåradio- ogtv-selskap somNRK ogTV 2 var samstundes ute med nettaviser som frå første stund vart oppdaterte med ferske nyhende. Storeorganisasjonar med eigne medlemsblad tilbaud og nettavis der dei raskare enn før kunne nå ut til medlemer og andre med aktuelle saker.

Utover på 2000-talet hadde nesten alle aviser eigne nettutgåver. Jamvel dei smålokalavisene som kjem ut på papir berre ein eller to gonger i veka har nettavis som er meir oppdatert på til dømes lokale nyheiter enn det papirutgåva gir høve til.

Dei første åra var nettavisene eit gratis tilbod. Etter kvart byrja fleire og fleire nettaviser å krevja betaling for å få tilgang til stoffet. Mange lesarar såg seg med åra meir tente med å lesa avisa berre som e-avis og kunne teiknaabonnement i samsvar med nye lesevanar.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Garvik, Olav:nettavis iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/nettavis

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forJournalistiske begreper

Kristin Skare Orgeret
OsloMet – storbyuniversitetet
OsloMet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp