latinsk alfabet

Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda, og det blir brukt i mellom anna alle vesteuropeiske språk. Det består av dei same bokstavane som romarane brukte, men med nokre få tillegg. Mange språk bruker dessutandiakritiske teikn og tilleggsbokstavar.
Latinsk alfabet er det mest utbreiddealfabetet i verda. Detnorske alfabetet er det latinske alfabetet med tillegg avvokalane Æ, Ø og Å.
Faktaboks
- Uttale
latinsk alfabet
Det latinske alfabetet var alfabetet tilromarane. Det er det direkte opphavet til dei flesteeuropeiskespråka sine alfabet (bortsett frå detkyrilliske).
Opphav og utvikling
Opphavet til det latinske alfabetet er eitvestgresk alfabet som vart innført iRoma ogLatium, truleg gjennometruskisk formidling på 600-taletfvt.
Etter kvart vart det delvis modifisert både i forma og lydverdien til fleirebokstavar. Eit døme er bokstavenF, som igresk var teikn for lydenw (digamma Ϝ), men som saman med lyden fall bort i dei fleste greskedialektane.
Eitindisium på etruskisk innverknad, sidan dette språket ikkje kjendestemdeplosivar, er atC (frå den greske bokstaven for lydeng) i eldre tid stod for både vanleg C (uttaltk og erstatning for det opphavlege K-teiknet, bevart berre i enkelte forkortingar) og G (til dømes den tradisjonelle forkortinga C. for namnetGaius).
Det eldste latinske alfabetet var slik:
A B C D E F Z H I K L M N O P R S T V X
Etter kvart vartZ, som var overflødig for å skrivelatin, teken ut av alfabetet, og G overtok den ledige plassen i bokstavrekkja. BokstavenG (C med ein ekstra strek) er ein seinare romersk nyskaping kort etter 300 fvt. BokstavenK vart brukt berre i nokre få ord, til dømes ikalendae, og kunne ofte erstattast med C. i BokstavaneI ogV karakteriserte høvesvis både lydanei ogj, u ogv (forveksling var ikkje mogleg i latin). Dei to siste bokstavane,Y ogZ, òg lånte frå gresk, vart sette til i slutten av republikktida og brukte særleg i dei stadig meir talrike greskelånorda.
Det latinske alfabetet kom då til å sjå slik ut iklassisk tid:
A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z
BokstavenW (opphavleg einligatur av toV-ar) representerer ei seinare oppfinning som vart teken i bruk imellomalderen for å skrivegermanske språk.
Det var først irenessansen at skiljet mellomI,U for å gje att vokalar ogJ,V for konsonantar vart etablert.
Dei enkelte bokstavane
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar (4)
skreivRoger Johannessen
svarteHanne Gram Simonsen
skreivDavid Olsen
svarteHanne Gram Simonsen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.