
langfredag


Langfredag er fredag førpåske, dagen til minne omJesu død påkrossen. Langfredag har fått namn etter Jesu lange liding.
Faktaboks
- Etymologi
norrøntlangafrjádagr, ettergammalengelsklanga frigedæg
- Også kjend som
engelsk:good friday
Forteljingar i Bibelen
Ifølgjeevangelia iBibelen bleiJesus ført for Det høge rådet og forhøyrd. Rådet bestemte seg for å gje Jesus over tilPilatus, den romerskestatthaldaren iJudea. Overprestane kom med mange skuldingar mot Jesus, utan at han tok til motmæle. Pilatus fann ikkje at Jesus hadde gjort noko gale. Då det var skikk å gje ein fange fridom kvar høgtid, spurte Pilatus folkemengda om han skulle gje Jesus fri. Dei ville i staden ha frigjeveBarabbas, ein fange som under eit opprør hadde gjort seg skuld i drap. Ifølgje evangelia var det overprestene som egga opp folket, og då Pilatus spurde kva han skulle gjere med Jesus, ropa folket at han skulle krossfestast. Pilatus gav etter for presset og gav dei Barabbas fri, medan han let Jesus bli piska og gjeven over til krossfesting.
Soldatane slo og håna Jesus, før han blei ført til staden som heitteGolgata. Her blei han krossfesta saman med to røvarar. Evangelia fortel at utover dagen blei det mørkt i heile landet, og mørkret varte i tre timar. Då ropa Jesus med høg røyst og døydde. Då rivna forhenget i templet i to. Ein av Jesu følgjesvener fekk løyve til å ta ned Jesu døde kropp frå krossen og la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen og ein stein blei rulla framfor opninga.
Markering av langfredag
Ioldtida var langfredag ein bots- ogfastedag, og fråmellomalderen av blei det halde ei eiga gudsteneste på denne dagen. Denne gudstenesta er ulik frå den vanlegemessa, særleg ved at det ikkje blir innvigd nyenattverdselement.
IDen norske kyrkja har ein denne dagen ein enklareliturgi enn vanleg. Heile Jesulidingshistorie blir lesen og preika over.
Folkelege tradisjonar
I folkeleg tradisjon var langfredag ein sørgjedag, der ingen måtte vere glade. Ein skulle halde seg i ro og ikkje gå på besøk eller drive med noka form for moro og leik. Både folk og fe skullefaste denne dagen for å lide med Jesus. Mange stader fira ein flagget på halv stong. Eit fenomen var langfredagsarbeidet, der ein skulle identifisere seg med Kristi liding ved å plage seg sjølv med hardt arbeid.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forKristne ritualer og symboler
