Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

landsmål

Jamstellingsvedtaket 1885

Jamstellingsvedtaket er eit vedtak gjort i Stortinget 12. mai 1885. Biletet over viser representantframlegget som var grunnlaget for vedtaket.

Det endelege vedtaket i Stortinget vart vedteke med 78 mot 31 stemmer og lydde «Regjeringa blir bedne om at træffe fornøda Forføining til, at det norske Folkesprog som Skule- og officielt Sprog blir sidestilt med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Folkespråket i vedtaket var landsmål, seinare døypt om til nynorsk.

Vedtaket førte til at landsmål vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Skriftspråket som vart brukt i Noreg på 1800-talet, vart kalla riksmål og var for det meste identisk med dansk.

Jamstellingsvedtaket 1885
Av.

Landsmål er namnet påskriftnormalen somspråkforskarenIvar Aasen var leiande i å utarbeide, og som vart utvikla vidare. Frå 1929 fekk landsmåletnynorsk som offisielt namn.

Faktaboks

Også kjend som

det norske folkemaal

det norske Folkesprog

Etter 1929:nynorsk

IPrøver af Landsmaalet i Norge (1853) tok Ivar Aasen i bruk nemninga «Landsmaal» («et almindeligt Landsmaal») om den skriftnormalen han utarbeidde på grunnlag avbygdemåla.

I andre delen av boka har han 16 stykke på tre ulike stilnivå på normalisert landsmål, i første bolken 32 målføreprøver frå 20 bygdemål. Med den nye nemninga «Landsmaal» meinte Aasen eit felles språk for heile landet, eit riksmål, ikkje eit språk berre for landsbygda. Landsmål ogriksmål har dermed same tyding: «eit språk for heile landet», sjølv om målformene var ulikt.

I den førstegrammatikken ogordboka hadde han brukt «det norske Folkesprog» i titlane:Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) ogOrdbog over det norske Folkesprog (1850).

Den endelege grammatikken og ordboka, der han fullfører arbeidet med det nye skriftspråket, ber titlaneNorsk Grammatik (1864) ogNorsk Ordbog (1873). Det stod i motsetnad til det etablerte skriftspråket på denne tida, som vardansk.

«Landsmaal», «norsk» og «det norske folkemaal» eller «det norske Folkesprog» vart seinare nytta parallelt i Noreg, men «landsmål» kom til å bli den dominerande nemninga. Ordet vart brukt isvensk frå rundt 1750 dels om nasjonalspråk, riksspråk, dels omdialekt.

I 1929 kom spørsmålet om namna på dei to norskemålformene opp iStortinget i samband med endringar i lærarskulelova.Målrørsla gjekk inn for «norsk» og «dansk», eventuelt «dansk-norsk» eller «norsk-dansk». Riksmålsfolk gjekk inn for «landsmål» og «riksmål». Stortinget valde nemningane «nynorsk» og «bokmål».

«Nynorsk» skulle vise at det var tale om norsk på eit nyare utviklingssteg enngamalnorsk. «Bokmål» hang saman med den nemninga som hadde hevd i lovspråket, «det almindelige bogsprog».

Tilhøyrande emnesider

Tema:
nynorsk

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.):Språk og samfunn gjennom tusen år. 6. utgåve. Oslo 1981
  • Kjell Haugland:Målpolitiske dokument 1864–1885. Oslo 1971
  • Arne Torp og Lars S. Vikør:Hovuddrag i norsk språkhistorie. 3. utgåve. Oslo 2003
  • Finn-Erik Vinje:Et språk i utvikling. Oslo 1978
  • Ivar Aasen:Det norske Folkesprogs Grammatik. Ved Terje Aarset. Volda 1996
  • Ivar Aasen:Norsk Grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Oslo 1965
  • Ivar Aasen:Norsk Ordbog. 4. uforandrede Udgave. Udgiven af Vestmannalaget. Kristiania 1918
  • Ivar Aasen:Prøver af Landsmaalet i Norge. Anden Udgave. Kristiania 1899
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Grepstad, Jon; Allkunne:landsmål iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/landsm%C3%A5l

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forModerne norsk språk og språkhistorie

Bernt Ø. Thorvaldsen
Professor, Universitetet i Sørøst-Norge
Universitetet i Sørøst-Norge
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp