lånord
Lånord er ord som på eit gitt tidspunkt er overteke frå eit annaspråk, og som ikkje er nedarva frå den eldste tilgjengelege eller rekonstruerte forma av språket. Lånord kjem gjerne inn i eit språk saman med den tingen eller det forholdet ordet beskriv. Det kan også skje på grunn av språklege motar, til dømes fordi det er prestisje knytt til eit framandt språk, på kostnad av eldre, innfødde ord.
Når eit lånord i form eller bøying skil seg ut frå vanlege, innfødde ord, kallar ein det ofteframandord, til forskjell frå lånord i snevrare forstand, der orda er tilpassa strukturen i språket det er lånt inn i. Slike lånord kan ofte berre skiljast frå det nedarvaordtilfanget vedspråkvitskaplege eller historiske metodar. Dette gjeld eit svært stort tal av dei mest alminnelege orda inorsk, somherre, frue, skute, klok, bruke, begynne, betaleog så vidare. Alle desse orda er lånte fråtysk gjennomdansk.
Lånord i norsk
Inorsk finn vi grupper av lånord som står i samband med ulike historiske storhendingar opp gjennom tidene. Med kristendommen fekk vi mangeangelsaksiske oglatinsk-greske ord, med hanseatane mangenedertyske, med reformasjonen tyske og på 1700-talet særlegfranske lånord. I nyare tid har ei mengdengelske ogsvenske ord kome inn i norsk. Vi har heile tida også teke opp mange latinsk-greske lånord, særleg gjennom vitskaplegfagspråk.
Ein eigen type lånord er omsetjingslåna, det vil seie at eit ord frå eit framandt språk ikkje blir lånt direkte, men blir omsett. Norsksamvit/samvittighet kjem via dansk, som ei omsetjing av det latinskeconscientia, som igjen er ei omsetjing av det greskesyneidesis. Eit nyare døme er bjørnemarknad (marknad med fallande konjunkturar), som er eit omsetjingslån av det engelskebear market.
Nokre språk har forholdsvis få lånord, ofte fordi ein har vilja erstatte dei med heimlege og ofte nylaga ord. Dette blir kallapurisme. Desse språka har likevel ofte mange omsetjingslån. Døme på slike språk erislandsk,finsk ogungarsk.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.