
kvensk
Faktaboks
- Språkkodar
- fkv (FKV)
- ISO-639:3
- fkv

Kvensk er eit språk som høyrer til denfinsk-ugriske greina avdei uralske språka. Kvensk er språket tilkvenene, som sidan 1998 har status somnasjonal minoritet iNoreg. Kvenene er etterkomarar av innvandrarar frå Tornedals-området som har busett seg iFinnmark ogTroms før 1945, særskilt under store innvandringsbølgjer på 1700-talet og 1800-talet. Det finst ingen sikre data om kor mange personar som kan seiast å høyre til denkvenske folkegruppa i Noreg.
Kvensk høyrer til deiaustersjøfinske språka, i lag med meänkieli (tornedalsfinsk),finsk, ingrisk,karelsk, livvisk,vepsisk,votisk,estisk, sørestisk oglivisk. Austersjøfinsk er ei grein avfinsk-ugrisk, som i lag med deisamojediske språka utgjer denuralske språkfamilien. Det finst ikkje sikre tal på kor mange som snakkar kvensk.
Kvensk som eige språk

I 2005 vedtok den norske regjeringa at kvensk er eit eige språk og ikkje ein dialekt avfinsk ellermeänkieli. Kvensk fekk status som minoritetsspråk ved sida avromani ogromanés, og kvenske stadnamn er verna avstadnamnlova; sjå avsnittetKvenske stadnamn lenger nede.Fylkesmannen i Finnmark fekk ansvaret for å etablere kvensk som undervisningsspråk i norsk skule.
Regjeringsvedtaket bygde i stor grad på rapportenKvenskans status(2003), skriven av Kenneth Hyltenstam i samarbeid med Tommaso Milani forKommunal- og regionaldepartementet ogKultur- og kyrkjedepartementet.
Sjå meir om tilhøvet til finsk i avsnittetKvensk og finsk lenger nede.
Kvenske språkinstitusjonar
Kvensk institutt

Arbeidet med å utvikle, dokumentere og formidle kunnskap og informasjon om kvensk språk og kultur og fremje bruken av kvensk språk i samfunnet er offisielt lagt til Kvensk institutt / Kainun institutti, eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur som blei stifta i 2005. Det held til i ein bygning iBørselv / Pyssyjoki iPorsanger som blei offisielt opna i 2007.
Kvensk språkråd og Kvensk språkting

Medlemar i kvensk språkting 2017–2018: Anna-Kaisa Räisänen, Egil Sundelin, Asveig Hasselberg, Trygg Jakola, Nora Marie Ollila, Hilde Skanke og Kyrre Isaksen
I 2007 blei det skipa eit Kvensk språkråd / Kieliraati, som eit rådgjevande organ med hovudoppgåve å utvikle retningsliner for eit standardisert kvensk skriftspråk som byggjer på alle dialektane. Rådet blei lagt ned i 2011, og ansvaret for dette arbeidet ligg no hos Kvensk språkting / Kielitinka, etablert i 2008.
Eit standardisert kvensk skriftspråk

Arbeidet med å normere kvensk starta tidleg på 1990-talet med normeringa av kvenske stadnamn; sjå også avsnittetKvenske stadnamn i Noreg lenger nede. Sidan den gongen har ein følgt finske rettskrivingsprinsipp i skrivemåten av kvenske stadnamn, til dømes ved å bruke bokstavaneä og ö for vokalane /æ/ og /ø/ og ved at korte lydar blir skrivne med enkle bokstavar og lange lydar med doble bokstavar. Her er nokre eksempel:
- Pyörevä /pyørevæ/, namnet på ein gard i grenda Tømmernes/Tömmernessi I Nordreisa kommune.
- Aamonninmukka /ɑːmonːinmukːɑ/, namnet på ei lita bukt på halvøya Uhca Vináš i Sør-Varanger kommune.
Dei kvenskspråklege skjønnlitterære verka til Alf Nilsen-Børsskog (1928–2014) frå Børselv / Pyssyjoki / Bissojohka i Porsanger / Porsanki / Porsáŋgu var viktige for utviklinga av det kvenske skriftspråket. Han skreiv verka sine, utgjevne frå 2004 til 2013, på den kvenske dialekten i Porsanger, etter finske ortografiske prinsipp.
I 2014 gav Eira Söderholm ut bokaKainun kielen grammatikki, som kom ut i norsk omsetjing i 2017 med tittelenKvensk grammatikk.Arbeidet med boka skjedde i nær kontakt med Kvensk språkting. Denne grammatikken, den første over det kvenske språket, la det endelege grunnlaget for eit standardisert kvensk skriftspråk.
Ein godtek ein viss dialektal variasjon, mellom anna ved at dei som har fonemet /ð/ i dialekten sin, kan skrive det somđ, til dømeslehđet, «blad», (nominativ fleirtal avlehti), mens dei primært tilrår ei form utanđ, det vil seielehet, som byggjer på den vanlegaste uttalen. Riksfinsk nyttar herd, til dømeslehdet, som eit kompromiss mellom formene i finske dialektar: /lehðet/, /lehlet/, /lehret/ og /lehet/.
Språklege særdrag
Kvensk står nærmast meänkieli og nordbotnisk, det vil seie dei finske dialektane i Nordbotten / Peräpohjola.
Ein fellesnemnar for dette språkområdet er lydendringats > tt.Til dømes har eldre finskmetsä, «skog», blitt tilmettä, medan dialektane lenger sør i landet harmehtä, messa,meθθäellermettä(i eit sørvestleg område som ikkje heng i hop med det nordbotniske), medan riksfinsk harmetsä.
Eit anna lydleg drag som skil dette området frå riksfinsk, er lenging (dobling) av einkonsonant mellom ein kort trykksterkvokal og ein lang trykkveik vokal. Til dømes har eldre finskmenee, «ho/han går», blitt tilmennee, medanmenen, «eg går», framleis heitermenen. Riksfinsk harmenen ogmenee.Jamfør òg kvenskhyvvää päivää, «god dag», med riksfinskhyvää päivää.
Eit sams konservativt drag for dette nordlige språkområdet er ståandehmellom to trykkveike vokalar. Eldre finsklampahat, «sauer», (fleirtal avlammas) har blitt tillampaat i riksfinsk og i dei fleste finske dialektar sønnanfor Nordbotten, mens meänkieli, kvensk og nordbotnisk har former derh framleis står:lampahat, lamphat ellerlamphaat.
Dialektar
Tradisjonelt har dei kvenske dialektane blitt delte i tre grupper:
- Austkvensk:Tana,Nord-Varanger ogSør-Varanger
- Sentralkvensk:Porsanger
- Vestkvensk:Lyngen,Nordreisa,Kvænangen ogAlta
Ein nyare klassifikasjon reknar Porsanger-dialekten til austkvensk.
Kvensk og finsk
Det har vore stilt spørsmål ved om kvensk er eit eige språk eller ein finsk dialekt. Den norske staten tok ei avgjerd om dette i 2005, då regjeringa vedtok at det er eit eige språk. Dette politiske vedtaket bygde mellom anna på at kvensk blir tala utanfor Finland, det har ei lang historie utanfor Finland, det har utvikla seg i ei anna lei enn riksfinsk, og ein kven og ein finsktalande kan ha problem med å forstå kvarandre.
Det som særleg gjer at kvener og finnar har problem med å forstå kvarandre, er ordtilfanget knytt til moderne liv og samfunn. Kvensk har mange lånord frå norsk som er uforståelege i Finland, og kvenene forstår ikkje dei finske orda. Her er nokre døme:
| Norsk | Kvensk | Finsk |
|---|---|---|
| informasjon | informašuuni | informaatio |
| søknad | sööknadi | hakemus |
| regjering | rejeerinki | hallitus |
| departement | departementti | ministeriö |
| vêrmelding | väärmellinki | säätiedotus |
| bil | piili | auto |
| lastebil | lastipiili | kuorma-auto |
| universitet | universiteetti | yliopisto |
| sjukehus | siukhuusi / sairashuonet | sairaala |
Kvenske stadnamn i Noreg

Fleirspråkleg skilt iKåfjord:Olmmáivággi (nordsamisk),Manndalen (norsk),Olmavankka (kvensk)
ILov om stadnamn (stadnamnlova) § 1.Formål og verkeområde står det i andre avsnitt: «Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.» Fram til 2006 stod detfinskei staden forkvenske.
ITroms ogFinnmark finst det mange stader og geografiske formasjonar med kvensk namn, ofte i tillegg til eit norsk og eit nordsamisk namn. Her er nokre døme:
- kommunen Vadsø i Finnmark heiterVesisaari på kvensk ogČáhcesuolu på nordsamisk.
- kommunen Porsanger i Finnmark heiterPorsanki på kvensk ogPorsáŋgu på nordsamisk.
- kommunen Nordreisa i Troms heiterRaisi på kvensk ogRáisa på nordsamisk.
- kommunen Kåfjord i Troms heiterKaivuono på kvensk ogGáivuotna på nordsamisk.
- fjorden Lyngen /Lyngenfjorden heiterYykeänvuonopå kvensk ogIvguvuotna på nordsamisk.
ISentralt stadnamnregister (SSR) er det per 2019 registrert over 4000 kvenske stadnamn, og over 1100 av dei har ein vedteken skrivemåte etter stadnamnlova, der det i § 4Reglar om skrivemåten står: «Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»
Nemninganekven ogkvensk
Det vanlegasteendonymet for språket erkveeni / kvääni, som òg tyder «kven».
Bruken avkven(på norsk) ogkveeni / kvääni(på kvensk) er noko omstridd, fordi nemninga tidlegare til dels har vore brukt nedsetjande. Ho har òg meir vore nytta someksonym (namn som andre nyttar om gruppa) enn som endonym (namn som gruppa nyttar om seg sjølv). Tilhengjarane avkven-namnet peikar på at det har ein lang historisk tradisjon, og at det ikkje opphavleg var nedsetjande. I 1987 bleiNorske Kveners Forbundskipa, ein tidleg freistnad på å bruke namnet på ein positiv måte.
Ei alternativ nemning erkainu, «kvensk» /kainulainen, «kven, kvensk», som òg er omstridd, mellom anna fordi ordet ikkje er kjent eller brukt over heile det kvenske språkområdet, spesielt ikkje i aust. På finsk erKainuu (svenskKajanaland) eit landskap i det tidlegare Uleåborgs län / Oulun lääni. Det har blitt gjort freistnader på å knytekvenogkainutil kvarandre etymologisk.
Ordetkveeni/kväänihar nordisk opphav, jamførnorrøntkvenir/kvænir, som var namnet på folket vi i dag kallarfinnareller (særleg i Nord-Noreg)finnlendarar. Norrøntfinnartydde «samar».
Det eldste belegget på namnetkvener frå gamalengelsk, i formeneCwena land, «kveners land», ogCwenas, «kvener», iOttars forteljing. Den nordnorske hovdingenOttar gjesta den angelsaksiskekongen Alfred, som regjerte frå 871 til 899, og fortalde om landet han kom frå.Ottars forteljing blei publisert av kong Alfred som eit vedlegg til ei gamalengelsk omsetjing av verdshistoria tilPaulus Orosius frå 400-talet,Historiarum Adversum Paganus Libri VII,«Sju historiebøker mot heidningane».
Ein informativ diskusjon med tittelen «Hva heter språket og folket?» finst på side 23–27 iKvensk grammatikk(2017) av Eira Söderholm.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar (2)
skreivVilde Christoffersen Walsø
Hei
I artikkelen står det at det ikke er etablert et standardisert kvensk skriftspråk. Jeg trodde det ble standardisert med språktingets godkjenning av Eira Söderholms kvenske grammatikk, men det er kanskje mer som skal til?
Vennlig hilsen Vilde
svarteRolf Theil
Hei, Vilde
Takk for spørsmålet! For å vere på den heilt sikre sida, skal eg kontakte Språkrådet.
Beste helsing,
Rolf
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
