Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

konventikkel

Skriven av

Konventikkel er private religiøse samankomstar med oppbyggjeleg skriftlesing og bøn. Dei fanst både imellomalderen og ireformasjonstida, men blei særleg vanlege hosPhillip Jakob Speners venner (pietistane) ifølgje skriftet hansPia desideria («Fromme ønske») frå 1675, der slike møte blei tilrådde.

Faktaboks

Uttale

konventikkel

Etymologi
avlatin ‘mindre samankomst’

Konventikkelplakaten

Også iDanmark-Noreg fekk private religiøse møte innpass. Då dei kunne føra til kyrkjeleg uorden ogkjetterske oppfatningar, utferdaChristian 6 i 1741 ei forordning om dei religiøse forsamlingane, vanlegvis kallaKonventikkelplakaten. Etter denne forordninga skulle prestane føra kontroll med konventikkelverksemda. Det var mellom anna etter denne lovaHans Nielsen Hauge blei fengsla og dømd. Konventikkelplakaten blei oppheva i Noreg i 1842.

Etter opphevinga kom det ei rekkje kristne organisasjonar både med tilknyting tilDen norske kyrkja og som uavhengige religiøse samfunn. Blant organisasjonane som blei starta, var dei førstemisjonsorganisasjonane. Ein av dei sentrale personane var futenSøren Schiøtz, som også var aktiv ibrødremeinigheita.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Weihe, Hans-Jørgen Wallin:konventikkel iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/konventikkel

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forKristendommens historie

Merethe Roos
Professor i historie, Universitetet i Sørøst-Norge
Universitetet i Sørøst-Norge
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp