konsert (komposisjon)

I ein konsert er kontrasten mellom eitorkester og ein eller fleiresolistar det viktigaste kjenneteiknet. Fiolinisten Viviane Hagner framfører fiolinkonsert nr. 5 i a-moll av komponistenHenri Vieuxtemp med orkesteret Orpheus Chamber Orchestra iCarnegie Hall iNew York.
Konsert er ei musikalskform kjenneteikna av ein kontrast mellom to eller fleireensemble, vanlegvis eitorkester og ein eller fleiresolistar. Konserten har vore ei av dei viktigasteformene iklassisk musikk sidan midten av 1700-talet.
Sjølv om konserten aldri har hatt den same prestisjen somsymfonien, er det skrive like mange konsertar som symfoniar. Gjennom verk for uvanlege soloinstrument har fleire mindre komponistar fått innpass i det klassiske standardrepertoaret, og nye instrument og speleteknikkar har blitt introdusert i orkestermusikken gjennom dei.
Kontrasten mellom orkester og solist har ofte vore sett på som einmetafor for forhaldet mellom individ og kollektiv i samfunnet. Denromantiske konsertane har i sær ofte vore forstått som metaforar for dentragiske helten i litteraturen.
Ordet konsert er i dag brukt både om komposisjonsforma og om musikkframføringar, sjåkonsert.
Form

Satsinndeling
Ein konsert er kjenneteikna av kva for instrument som er solist, og dette går gjerne att i namnet, til dømes «klaverkonsert». Tradisjonelt har dei fleste konsertar vore skrivne i tresatsar:
- lengre hurtig sats som introduserer orkesteret og solisten
- langsam sats
- lettare, hurtig avsluttingssats
Kadens
Kadensen er eit særtrekk ved konserttradisjonen. Mot slutten av satsar finn ein ofte ei lengre passasje med virtuost materiale for solisten, gjerne utan orkesterarrangement og i fritttempo. I mange tilfelle er ein kadens indikert med einfermate, utan vidare notasjon, og det er forventa at solisten skal improvisera. Sidan slutten av 1700-talet har det stadig blitt vanlegare at komponistar skriv kadensane ut sjølv, ofte i samråd med ein aktuell solist, og stundom har utøvarar jamvel skrive kadensar til eksisterande konsertar.
Ritornell-form og -prinsipp
Tidlege konsertar er kjenneteikna av at orkesteret spelar opp att variantar av den same ideen, kalla eitritornell, som er fråskilde av soloparti. Vanlegvis har fyrstesatsen i ein tidleg konsert fem ritornell og fire soloar. Medan dei to ytre ritornella er gjerne fullstendige, kan dei indre ritornella vere avkorta. Soloane er stundom basert på idear frå ritornellet, men kan òg vere heilt frie, og ritornellet blir difor elementet som held satsen ihop.
Medan solopartia gjernemodulerar, held ritornell seg i eintoneart. Dette er mest vanleg i fyrstesatsar; seinare satsar har ofte nedkorta variantar med færre soloar. Somme komponistar, somJohann Sebastian Bach (1685–1750) iBrandenburg-konsertane, prøvde å skapa større kontinuitet i verka gjennom å la skilja mellom ritornell og solo bli mindre openberre.
Konsert og sonatesatsform
Iklassisismen tok konserten til seg aspekt avsonatesatsform. Av særlege trekk kan ein nemne dobbeleksposisjonen, der ein versjon av eksposisjonen fyrst er spela av orkesteret og deretter av solisten/ane; det er berre den siste som modulerar. Kadensen fell her mot slutten av reprisen.
Iromantikken sette komponistar gjerne heller soloane som ein del av ein vanleg sonatesatsform.
Historie

Heinrich Schütz skreiv kyrkjeverk med fleire ensemble, som han kalla konsertar.
Ein finn døme på musikk med kontraster mellom ulike ensemble gjennom heile musikkhistoria. Namnet konsert går attende til kyrkjeverk frå 1500- og 1600-talet, som dei geistlege konsertane tilAndrea (1532/1533–1585) ogGiovanni Gabrieli (1557–1612) ogHeinrich Schütz (1584–1672), der ulike orkester- og/eller korgrupper kunne opptre både separat og felles. Denne tradisjonen heldt seg lenge nok til at Bach titulerte nokre avkyrkjekantatene sine som konsertar.
Samstundes gjordeoperaen at tanken på ein solist mot eit orkester gjeldande i den verdslege musikken, ogfiolinfamilien utvikla seg til å bli det leiande virtuousinstrumentet. Båe desse tendensane leidde til framveksta av ein reint instrumental parallell til den geistlege konserten.
Tidleg 1700-tal

Gjennom notetrykk av verka tilArcangelo Corelli spreidde konsertforma seg gjennom Europa.
I barokken finn ein tre konserttyper, avhengig av kva for ensemble som var brukt: Ein solokonsert har ein solist, einconcerto grosso har eit solistensemble (concertino) og eit orkester (ripieno); einorkesterkonsert har ingen eigentlege solistar, men solistiske innslag blant orkesterstemmene, og i sær fyrstefiolinen.
Alessandro Stradellas (1643–1682) sonate fortrompet ogstrykarar er ofte rekna som den fyrste concerto grossoen. Gjennom dei tolv konsertane iArcangelo Corellis (1653–1713) op. 6 (trykt i 1714) spreidde denne forma seg kring heile Europa fyrst på 1700-talet.Antonio Vivaldi (1674–1741) gav solokonserten (og tre-satsforma) eit liknande gjennombrot, og dette skulle bli den viktigaste konsertforma seinare i hundreåret.
Seint 1700-tal
Kring midten av hundreåret gjennomgjekk konserten dei same endringane som andre genrar, der ein meir songaktig, klarmelodikk og oppdelte fraser erstatta den eldre tendensen til kontinuerleg vidarespinning. Fyrstesatsar blei heretter gjerne skrivne i ein variant av sonatesatsform, medan sluttsatsen gjerne var einrondo.
At solokonserten blei så populær kjem i stor grad av at dei ofte blei framførte med komponisten sjølv som solist, som gjorde klaverkonserten i sær blei eit høve for komponistar til å syna seg fram som utøvarar, noko som mellom anna var tilfelle forWolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) ogLudwig van Beethoven (1770–1827). Concerto grossoen forsvann, men ein finn ein annan fleirsolistkonsert kallasinfonia concertante, som gjerne hadde to til fire solistar på ulike instrument.
Romantikk og nytid: to konserttypar

Etter 1800 finn ein grovt sett to konserttradisjonar som eksisterte side om side. På den eine sida fekk solistar enno meir plass enn tidlegare i virtuouskonserten, eksemplifisert med konsertane tilNicolò Paganini (1782–1840) ogFranz Liszt (1811–1886). På 1900-talet får slike konsertar ofte eit konservativt musikalsk preg, noko ein mellom anna kan sjå i klaverkonsertane tilSergej Rachmaninov (1873–1943).
Samstundes finn ein konsertar som prøver å fanga monumentaliteten til symfonien i konsertform. Ein reknar gjerne denne tradisjonen for å byrja med fyrste klarinettkonserten (1811) tilCarl Maria von Weber (1786–1826), og den andre klaverkonserten (1878) tilJohannes Brahms (1833–1897) er det klassiske dømet. Skiljet mellom dei to er ikkje absolutt, og ein kan finne verk som prøver å sameina dei to, som i klaverkonserten (1868) tilEdvard Grieg (1843–1907), det viktigaste norske bidraget til repertoaret.
Konserten har heldt seg i bruk fram til våre dagar og har vore ein genre i utviklinga av nye stilar. Til dømes er fiolinkonserten (1935) tilAlban Berg (1885–1935) eitt av fåatonale verk som har blitt ein del av standardrepertoaret, og det var gjennom konsertane atElliott Carter (1908–2012) etablerte seg som ein av dei viktigastemodernistiske komponistane iUSA. Etter 1900 har ofte standardforma i tre satsar vorte forkasta, men utan at nokon ny standard har oppstått.
Romantikk og nytid: instrumentering

Fiolinkonserten tilAlban Berg er eitt av fåtolvtoneverk som har blitt ein del av konsertrepertoaret.
I motsetnad til mangfaldet på 1700-talet er konserten på 1800-talet dominert av fiolin- og klaverkonsertar. Grunnen til dette er rett og slett at storleiken og klangstyrka til orkesteret auka, slik at få soloinstrument enkelt kunne trengja gjennom orkesterklangen. Sjølv om det er konsertar som arbeider seg rundt dette, så som cellokonserten (1895) tilAntonín Dvořák (1841–1904), får ein fyrst større mangfald på 1900-talet, og i sær etterden fyrste verdskrigen, då mange orkester måtte nedskalera.
Atterkoma til orkesterkonserten, med verk av komponistar somPaul Hindemith (1895–1963) ogBéla Bartók (1881–1945), er ei av dei sentrale trendane på 1900-talet. Ein finn og konsertar skrivne for nær sagt alle instrument, inklusive instrument som ikkje er vanlege i orkesteret. Denne opne haldninga har gjort at genren har vore open for kryssingar over tiljazz ogrock, somGeorge Gershwins (1898–1937) Konsert i F (1924) ogDeep PurplesConcerto for Group and Orchestra(1969).
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Keefe, Simon P. (red.),Cambridge Companion to the Concerto, 2005
- Steinberg, Michael,The Concerto – A Listener’s Guide, 1998
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forKlassisk musikk i klassisismen
