Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

kongruens (grammatikk)

Skriven av

Kongruens er igrammatikken det atord erbøygde i samsvar med andre ord, som nårnorskedeterminativ ogadjektiv overtargenus (grammatisk kjønn) ognumerus (tal) fråsubstantivet dei står til:

Faktaboks

Uttale

kongruens

Etymologi

avlatincongruentia 'samsvar, symmetri'

Også kjend som

samsvarsbøying

  • Veskami erlita.
  • Bilenmin erliten.
  • Husetmitt erlite.
  • Unganemine ersmå.

Eit anna ord for kongruens ersamsvarsbøying. Når eit ord A blir bøygt i samsvar med eit anna ord B, seier ein at ord Akongruerer med ord B.

Når ord A kongruerer med ord B, er ord A ermålet, mens ord B erkontrolløren. Ved kongruens overtar målet grammatiske eigenskapar frå kontrolløren:

KONTROLLØR-MÅL
huset-mitt
nøytrumnøytrum

Kongruensen hjelper til med vise kva for ord som høyrer saman med kvarandre i ein frase eller ei setning, og på kva måte dei høyrer saman.

Kongruens i norsk

Norskeadjektiv må ha fleirtalsform når dei står til eitsubstantiv i fleirtal, og inkjekjønnsform når dei står til eit substantiv med genuset (det grammatiske kjønnet) inkjekjønn (nøytrum):

  • Adjektivet eradledd (attributt) og kongruerer medoverleddet(hovudet):
    • storejenter
    • stort hus
  • Adjektivet er predikativ og kongruerer med subjektet:
    • jentene erstore
    • huset er stort

I einnomenfrase kongruerer dei fleste norske determinativ og adjektiv med overleddet (hovudet) i numerus, genus og binding (bestemheit), som i desse eksempla:

  • eit raudt hus
  • det raude huset mitt
  • ei raud lampe
  • den raude lampa mi
  • raude lamper
  • dei raude lampene mine

Subjektkongruens ved verbet i engelsk

I mange språk kongruerer verbet med subjektet, som i desseengelske eksempla, der verbet varierer mellom eintal og fleirtal i samsvar med subjektet, når subjektet står i 3. person:

  • Verbet kongruererer med subjekt i numerus (tal):
    • The girlis playing.
    • 'Jenta leikar.'
    • The girlsare playing.
    • 'Jentene leikar.'

Kongruens i latin

Ilatin kongruerer adjektiv med substantiv i bådenumerus,genus ogkasus, og verbet kongruerer med subjektet i person og numerus, som vist i denne setninga, som tyder 'den gode kongen elskar dei små døtrene sine'. Sidan det finst to kontrollørar er dei nummererte, og måla er nummererte for å vise kva kontrollør dei kongruerer med:

SUBJEKT-OBJEKT--VERBAL
MÅL1KONTROLLØR1KONTROLLØR2MÅL2MÅL2MÅL1
bonusrēxfīliāssuāsparvāsamat
nominativ, eintal, maskulinumnominativ, eintal, maskulinumakkusativ, fleirtal, femininumakkusativ, fleirtal, femininumakkusativ, fleirtal, femininum3. person eintal
godkongedøtrersinesmåelskar

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Theil, Rolf:kongruens - grammatikk iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/kongruens_-_grammatikk

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMorfologi

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp