Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

kommensalisme

Skriven av

Epifytt på lønn

Noen epifytter vokser i hull og kvisthjørner på trær, der det kan samle seg vann og næring.

Bildet er fra Botsparken i Oslo.

Epifytt på lønn
Lisens:CC BY SA 3.0

Kommensalisme er ei form for samliv mellom to artar, der den eine organismen (kommensalen) har ein fordel av samlivet, medan den andre (verten) ikkje blir påverka (korkje positivt eller negativt).

Faktaboks

Uttale

kommensalisme

Etymologi
avfransk, eigentleg ‘ein som et ved det same bordet’

Eit godt døme på kommensalisme er dei mange ikkje-sjukdomsframkallande bakteriane som lever på huda vår. Dei får ein stad å bu og næring i form av til dømes olje frå huda, men vi blir ikkje påverka av at dei er der. Små blomeplantar som ikkje toler sterk sol og difor lever i skuggen av store tre, er også kommensalar, fordi trea ikkje blir påverka av blomeplantane.Epifyttar som lever på tre, vil også vera kommensalar så lenge dei ikkje skader trea. Her er det viktig å skilja mellom epifyttar, som veks på andre plantar utan å skada eller ta næring frå verten (døme på kommensalisme), ogsnylteplantar, som snyltar på verten dei veks på, og tek næring frå dei (døme påparasittisme, ikkje kommensalisme).

Kommensalisme er rekna som vanleg i naturen, men er vanskeleg å påvise ettersom det er svært vanskeleg å vise at kommensalen ikkje har nokon positive eller negative effektar på verten.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Lee, Aline Magdalena; Ratikainen, Irja Ida; Store norske leksikon (2005-2007):kommensalisme iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/kommensalisme

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forArtsinteraksjoner

Aline Magdalena Lee
NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
NTNU
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp