koksidiose
Koksidiose er ein utbreiddparasittarsjukdom hos fleire husdyrslag ved moderne, intensivt husdyrhald framkalla avkoksidiar. Koksidar er eincellaprotozoar i familiane Eimeriidae og Sarcocystidae innanforrekkjasporedyr.
Faktaboks
- Uttale
koksidiose
- Også kjend som
- coccidiose
Generelt om koksidiar
Familien Eimeriidae
Dei fleste koksidiar i familien Eimeriidae har ein einverts (direkte)livssyklus, og parasitterer hovudsaklegepitelcellene i tarmen. Dei blir difor gjerne kallatarmkoksidiar, og blir som regel overførte fråvert til vert via stadium utskilde i avføringa (fekal-oral smitteveg). Mange koksidiar i denne familien kan føra til alvorleg tarmsjukdom meddiaré hos ulike husdyr, og det er denne type sjukdom som hovudsakleg blir kallakoksidiose.
Familien Sarcocystidae
Koksidiar i familien Sarcocystidae har i motsetnad til tarmkoksidiane ein toverts (indirekte) livssyklus, med utvikling i tarmkanalen, inkludert kjønna utvikling, hos den eine verten (endeverten, hovudverten, sluttverten) og ukjønna oppformeiring (todeling og/eller mangedeling) i ulike vev og organ utanfor tarmkanalen hos den andre verten (mellomverten). I sistnemnde vert dannar dei til slutt sekkeliknande strukturar kallavevscyster, som inneheld talrike infektive celler. Medlemmer av familien Sarcocystidae blir difor kallavevscystedannande koksidiar.
Dei fleste koksidiar i familien Sarcocystidae framkallar sjeldan eller aldri sjukdom i samband med si utvikling i tarmkanalen til endeverten. Omgrepet koksidiose blir i liten grad nytta om infeksjon eller sjukdom knytt til denne gruppa. Derimot kan fleire slekter/arter i denne familien framkalla sjukdom i samband med si utvikling i ulike vev og organutanfor tarmkanalen hos mellomverten. Ein nyttar då gjerne sjukdomsnamn avleidde frå namna til dei ulike slektene i familien, til dømestoksoplasmose om sjukdom framkalla av artaToxoplasma gondii, og sarcocystose om sjukdom framkalla av ulikeSarcocystis-arter.
Smitteoverføring og utvikling
Koksidiane er som dei fleste andre grupper i rekkja Apicomplexaintracellulære parasittar. Det vil seia at dei enkelte parasittorganismane trengjer inn i og utviklar seg inni cellene hos verten. Denne utviklinga omfattar omdanning, vekst og formeiring gjennom ein serie av todelingar, eller ved mangedeling. Dette fører til at vertscellene blir øydelagde.
Når talrike koksidiar trengjer inn i fleire nærliggjande vertsceller og øydelegg desse, kan det oppstå større flekkforma skadar og sår (nekrosar) i vevet, som igjen kan utløysa betennelsesreaksjonar. Tarmkoksidane parasitterer særleg tarmepitelcellene og øydelegg desse, slik at det oppstår sår i tarmslimhinna. Dette fører redusert væskeopptak, og kan gi blødingar frå tarmveggen til tarminnhaldet. Resultatet blir tuntflytande og stundom blodig avføring (diaré), som er det vanlege ved koksidiose. Diareen kan føra til stort væsketap,dehydrering, og i verste fall død.
Ved den kjønna utviklinga blir det danna to typar kjønnsceller, som liknar på respektive sædceller og eggceller hos fleircella organismar. Ei hanleg kjønnscelle smeltar saman med ei holeg kjønnscelle og dannar einzygote, som straks omgjev seg med ein resistent yttervegg, og blir til ei såkalla oocyste. Oocystene blir frigjevne frå dei øydelagde epitelcellene til tarminnhaldet, og blir skilde ut med avføringa. Ute i miljøet gjennomgår dei ein modningsprosess (sporulering), som medfører at zygoten deler seg og blir til åtte infektive organismar. Oocystene er ganske miljøresistente og kan overleva i månadsvis i eit fuktig miljø. Oocystene til somme arter toler også nedfrysing og kan overvintra i beita. Nye vertar blir smitta via fôr og drikke eller overflater forureina med oocystehaldig avføring.
Sjukdom
Smitte med tarmkoksidiar skjer via munnen med eit innkapsla og miljøresistent eggliknande stadium, som blir kallaoocyster. I tarmen set kvar oocyste fri åtte infektive organismar, som så trengjer inn i tarmepitelceller, gjennomgår mangedeling og produserer talrike nye organismar. Desse trengjer inn i nye tarmepitelceller og gjentek prosessen. Hos ulike arter er det to eller fleire omgangar (generasjonar) med slik oppformeiring. Til slutt blir det dannakjønna stadium, som er karakteristisk for utviklinga til alle medlemmer av rekkja Apicompexa. Andre grupper av eincella parasittar formeirar seg berreukjønna, hovudsakleg ved todeling og/eller mangedeling.
Koksidiose er hovudsakleg ein ungdyrsjukdom som rammar dyr som enno ikkje har utviklaimmunitet mot parasittane. Slike dyr klarer ikkje hindra oppformeiringa av koksidiane i tarmepitelet. Skadane kan dermed bli så store at dyra blir alvorleg sjuke eller stryk med. Dess fleire oocyster av ei gitt koksidieart eit ikkje-immunt dyr får i seg, dess fleire tarmepitelceller blir øydelagde, og dess større er sjansane for at dyret vil utvikla sjukdom. Men ulike koksidiearter har ulik evne til å framkalla skade og sjukdom, noko som til dels skuldast at dei har ulik oppformeiringsevne i verten sin.
Immunitet
Dyr som har gjennomgått (og overlevd) ein koksidieinfeksjon, vil ha delvis immunitet mot dei involverte artene, og dette vil i stor grad hemma eller hindra oppformeiring av parasittane ved nye smitteopptak. Difor opptrer vanlegvis ikkje koksidiose hos eldre og immune dyr.
Koksidiose opptrer primært ved intensivt, spesialisert husdyrhald, der mange unge og mottakelege dyr er samla på eit avgrensa areal, og der avføring med smittsame oocyster kan få hopa seg opp i miljøet.
Førekomst av koksidiose hos husdyr i Noreg
Koksidiar i dei to slekteneEimeria ogCystoisospora (tidlegare kallaIsospora) kan vera årsak til koksidiose hos norske husdyr. UlikeEimeria-arter er årsak til koksidiose hosstorfe,sau,geit,kanin,gris (sjeldan),høns ogkalkun; medanCystoisospora-arter er årsak til koksidiose hoshund,katt og gris. Det er fleireEimeria-arter hos kvart av dei nemnde dyreslaga, og desse artene er spesifikke for kvart sitt dyreslag, slik at til dømes koksidiearter hos storfe ikkje vil kunna smitta sau. Vidare har artene hos kvart dyreslag ulik sjukdomsframkallande evne (patogenitet), slik at kvart dyreslag gjerne har blandingsinfeksjonar med både sjukdomsframkallande og meir ufarlege (apatogene) arter.Immuniteten som dyra dannar mot koksidiane er artsspesifikk, det vil seia at immunitet danna mot ei bestemt art, ikkje gjev immunitet mot andre arter.
Koksidiose hos sau
Det finst 10–11Eimeria-arter hos sau. Av desse er to arter (Eimeria crandallis,Eimeria ovinoidalis) svært patogene.
I Noreg er koksidiose ein svært viktig sjukdom hos lam på vårbeite (beitekoksidiose). Mange lam blir fødde inne på sauefjøset og er i liten grad i kontakt med koksidieoocyster før dei blir sleppte ut på beite når dei er eit par veker gamle. Sjukdom opptrer helst på bruk der ein nyttar dei same vårbeita til sau år etter år. Oocyster frå føregåande beitesesong vil då gjerne overvintra i beitet og smitta mottakelege (ikkje-immune)lam straks dei kjem ut på beite.
Dei aktuelle patogeneEimeria-artene hos sau brukar om lag to veker på å formeira seg opp og laga store skadar i tarmslimhinna, slik at sjukdom typisk opptrer hos lamma 2–3 veker etter beiteslepp. Beiteskifte frå år til år, eller med få års mellomrom, vil kunna hindra eller dempa utbrota.
Koksidiose hos storfe
Det finst om lag 20Eimeria-arter hos storfe. Av desse er 3–4 arter patogene.
Sjukdom opptrer helst inne på fjøset, ofte om lag tre veker etter at unge kalvar har blitt sleppte saman med eldre kalvar i fellesbingar. Det er to svært patogeneEimeria-arter hos storfe (Eimeria bovis,Eimeria zuernii), som begge kan gje blodig, livstruande diaré.
God hygiene i bingane i form av hyppig utmåking og rikeleg bruk av strø, vil kunna redusera talet på oocyster som kalvane får i seg, og dermed førekomsten av koksidiose.
Éi av artene hos storfe (Eimeria alabamensis) kan føra til beitekoksidiose hos fyrsteårsbeitande ungdyr 1–2 veker etter beiteslepp. Førebyggjande tiltak mot denne arta vil vera beiteskifte frå år til år.
Koksidiose hos geit
Det finst minst niEimeria-arter hos geit. Eit par av desse er svært patogene.
Sporadiske tilfelle med koksidiose hos unge kje opptrer inne på geitefjøset. Kjea kan brått bli sjuke og krepera etter eit kortvarig sjukdomsforløp. God hygiene er viktig for å hindra infeksjonar.
Koksidiose hos høns
Det finst 6–7 gyldigeEimeria-arter hos høns. Tre av desse er svært patogene (Eimeria maxima,Eimeria necatrix,Eimeria tenella).
Koksidiose er ein svært viktig tarmsjukdom ved intensivt hønsehald, primært ved oppdrett avslaktekylling på strø. Ved denne driftsforma er det stor dyretettleik, og dyra kjem lett i direkte kontakt med avføringa si når dei plukkar i strøet.Eimeria-artene hos høns har dessutan kort utviklingstid (4–6 døgn), slik at vi kan få ei rask oppformeiring av koksidiane under eit kyllinginnsett, og dermed ein gardvis auke i smittepresset og til slutt sjukdomsutbrot. Fleire av artene er svært patogene og kan føra til blodig diaré, slik at dyra stryk med.
God hygiene med grundig fjerning av strø og oocystehaldig avføring mellom kvart innsett er viktig, men ofte ikkje tilstrekkeleg for å hindra smitte og eventuelt sjukdom hos neste innsett. Tidlegare var det ein omfattande bruk av medisin gitt via fôret, men den gunstige effekten av ulike medikament var gjerne kortvarig på grunn av at koksidiane utviklaresistens.
I dag blir det ikkje nytta medisin mot koksidiar (koksidiostatika) i fôret til slaktekylling i Noreg. I seinare år har ein teke i bruk kommersielt tilgjengelegelevandevaksinar med bra resultat. Desse vaksinane inneheld infektive oocyster av koksidiestammer som har ein kortare og mindre skadeleg utvikling etter infeksjon, men som likevel framkallar god immunitet mot dei normale stammene. Dessutan er oppvekstperioden til slaktekyllingar blitt kortare enn før gjennom bruk av kyllingstammer som veks raskare. Dette fører til at det blir mindre tid for koksidiane til å formeira seg opp og gje sjukdomsframkallande infeksjonar under eit innsett.
Koksidiose hos kalkun
Det finst sju gyldigeEimeria-arter hos kalkun. Minst éi av desse er svært patogen.
Koksidiose er ein viktig sjukdom ved intensivt opptrett av kalkun. I Noreg brukar ein medisin i fôret til kalkunkylling for å hindra sjukdom. Per 2025 finst det ingen vaksinar motEimeria-infeksjonar hos kalkun.
Koksidiose hos kanin
Hos kanin finst det niEimeria-arter. Åtte av desse utviklar seg i tarmepitelet (tarmkoksidiose), medan éi art (Eimeria stiedae) parasitterer gallegangane ilevra (leverkoksidiose).
Både sistnemnde art og eit par av artene i tarmen er patogene, og kan føra til koksidiose hos kanin, spesielt ved kommersielt kaninoppdrett, men av og til også ved hobbyoppdrett av kanin.
Koksidiose hos gris
Det finst åtteEimeria-arter hos gris, og i tillegg artaCystoisospora suis. Av desse er det berre sistnemnde art som har noko å seia i dagens intensive svinehald, der dyra står inne.
Cystoisospora suis er årsak til spedgrisdiaré, det vil seia koksidiose hos 1–2 veker gamle dyr. Spedgrisane får då kremaktig avføring og kan stryka med. Smitte av spedgrisane skjer kort tid etter fødsel via oocyster i miljøet frå tidlegare smitta kull i same fødebinge, eller frå samtidige kull i andre fødebingar i fjøset.
God hygiene med grundig reingjering av fødebingane mellom kvart kull er viktig for å hindra sjukdomsutbrot.
Koksidiose hos hund og katt
Hos hund finst det tre og hos katt toCystoisospora-arter. Smitte kan skje via oocyster i miljøet dersom det er mangelfull hygiene. Dette kan føra til koksidiose med diaré hos unge hundar og kattar (vanlegvis i hundekennel og hos oppdrettarar). Dersom andre dyreslag får i seg slike oocyster via fôr eller drikke, kan dei frisette parasittcellene vandra ut av tarmen og slå seg ned i ulike vev, og deretter smitta hund og katt som et i seg slike infiserte dyr (til dømes smågnagarar).
Desse koksidiane har dermed ein avvikande livssyklus samanlikna med dei andre artene som fører til tarmkoksidiose, og dei er ei slags overgangsform til dei typiske vevscystedannande koksidiane. SlektaCystoisospora blir i dag gjerne plassert i familien Sarcocystidae heller enn i familien Eimeriidae.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forParasittsykdommer
