koksidiose
Koksidiose er sjukdom framkalla avkoksidiar, som er eincellaparasittar (protozoar) i familiane Eimeriidae og Sarcocystidae innanforrekkja (phylum)Apicomplexa (sporedyr). Koksidiose er ein utbreidd sjukdom hos fleire husdyrslag ved moderne, intensivt husdyrhald.
Faktaboks
- Uttale
koksidiose
- Også kjend som
- coccidiose
Generelt om koksidiar
Dei fleste koksidiar i familien Eimeriidae har ein einverts (direkte)livssyklus, og parasitterer hovudsakleg tarmepitelceller. Dei blir difor gjerne kallatarmkoksidiar, og blir typisk overførte fråvert til vert via stadium utskilde i avføringa (såkallafekal-oral smitteveg). Mange koksidiar i denne familien kan føra til alvorleg tarmsjukdom meddiaré, og sjukdomsnamnet koksidiose blir hovudsakleg nytta om sjukdom knytt til utviklinga av desse koksidiane i tarmkanalen til ulike vertar.
Koksidiar i familien Sarcocystidae har i motsetnad til tarmkoksidiane ein toverts (indirekte) livssyklus, med utvikling i tarmkanalen, inkludert kjønna utvikling (sjå nedanfor) hos den eine verten (endeverten, hovudverten, sluttverten), og ukjønna oppformeiring (todeling og/eller mangedeling) og utvikling i ulike vev og organ utanfor tarmkanalen hos den andre verten (mellomverten). I sistnemnde vert dannar dei til slutt sekkeliknande strukturar kallavevscyster, som inneheld talrike infektive celler. Medlemmer av familien Sarcocystidae blir difor kallavevscystedannande koksidiar.
Dei fleste koksidiar i denne familen framkallar sjeldan eller aldri sjukdom i samband med utviklinga si i tarmkanalen til endeverten, og omgrepet koksidiose blir i liten grad nytta om infeksjon eller sjukdom knytt til denne gruppa. Derimot kan fleire slekter/arter i familien Sarcocystidae framkalla sjukdom i samband med utviklinga si i ulike vev og organutanfor tarmkanalen hos mellomverten, og ein nyttar då sjukdomsnamn avleidde frå slektsnamna til dei ulike slektene innanfor familien, til dømestoxoplasmose om sjukdom framkalla av artaToxoplasma gondii, og sarcocystose om sjukdom framkalla av ulikeSarcocystis-arter.
Smitteoverføring og utvikling
Koksidiane er som dei fleste andre grupper innanfor rekkja Apicomplexaintracellulære parasittar, det vil seia at dei enkelte parasittorganismane trengjer inn i og utviklar seg inni cellene hos verten. Denne utviklinga omfattar omdanning/vekst og formeiring gjennom ein serie av todelingar eller ved éi enkelt mangedeling. Dette fører til at vertscellene blir øydelagde.
Når talrike koksidiar trengjer inn i fleire nærliggjande vertsceller og øydelegg desse, kan det oppstå større flekkforma skadar/sår (nekrosar) i vevet, som så kan utløysa betennelsesreaksjonar. Tarmkoksidane parasitterer særleg tarmepitelcellene, og øydelegg desse, slik at det oppstår sår i tarmslimhinna. Dette fører igjen til at mindre væske blir sugd opp frå tarminnhaldet, og det kan bli blødingar frå tarmveggentil tarminnhaldet. Resultatet blir tuntflytande og av og til blodig avføring (diaré), som er det typiske ved koksidiose. Diareen fører til stort væsketap og dermed dehydrering og i verste fall død.
Smitte med tarmkoksidiar skjer via munnen med eit innkapsla, miljøresistent, eggliknande stadium som blir kallaoocyster. I tarmen set kvar oocyste fri åtte infektive celler, som så trengjer inn i tarmepitelceller, omdannar seg og gjennomgår mangedeling og produserer talrike nye celler/organismar. Desse trengjer inn i nye tarmepitelceller og gjentek prosessen. Hos ulike arter er det to eller fleire omgangar (generasjonar) med slik oppformeiring. Til slutt blir det danna såkallakjønna stadium, som er karakteristisk for utviklinga til alle medlemmer av rekkja Apicompexa (andre grupper av eincella parasittar formeirar seg berreukjønna, hovudsakleg ved todeling og/eller mangedeling).
Ved den kjønna utviklinga blir det danna to typar kjønnsceller, som liknar på respektive sædceller og eggceller hos fleircella organismar. Ei hannleg kjønnscelle smeltar saman med ei holeg kjønnscelle og dannar ein zygote, som straks omgjev seg med ein resistent yttervegg, og blir til ei såkalla oocyste. Oocystene blir frigjevne frå dei øydelagde epitelcellene til tarminnhaldet, og blir skilde ut med avføringa. Ute i miljøet gjennomgår dei ein modningsprosess (såkalla sporulering), som medfører at zygoten deler seg og blir til åtte infektive celler/organismar. Oocystene er ganske miljøresistente, og dei kan overleva i månadsvis i eit fuktig miljø. Oocyster av somme arter toler nedfrysing og kan overvintra i beita. Nye vertar blir smitta via fôr/mat og drikke forureina med oocystehaldig avføring. Husdyr kan også bli smitta ved å slikka/suga på overflater tilgrisa med oocystehaldig avføring.
Immunitet
Koksidiose er typisk ein ungdyrsjukdom som rammar dyr som enno ikkje har utviklaimmunitet mot parasittane. Slike dyr klarer ikkje hindra oppformeiringa av koksidiane i tarmepitelet, og skadane kan dermed bli så store at dyra blir alvorleg sjuke eller stryk med. Dess fleire oocyster av ei bestemt koksidieart eit ikkje-immune dyr får i seg, dess større er sjansane for at det vil utvikla sjukdom, fordi dette vil auka talet på parasitterte og øydelagde tarmepitelceller hos verten. Ulike arter av koksidiar har ulik evne til å framkalla skade og sjukdom, noko som dels skuldast ulik evne til oppformeiring i vertane.
Dyr som har gjennomgått (og overlevd) ein koksidieinfeksjon, vil ha delvis immunitet mot dei involverte artene, og dette vil i stor grad hemma/hindra oppformeiring av parasittane ved nye smitteopptak. Difor opptrer vanlegvis ikkje koksidiose hos eldre og immune dyr.
Koksidiose er primært ein viktig sjukdom ved intensivt, spesialisert husdyrhald, der mange unge og mottakelege dyr er samla på eit avgrensa areal, og der avføring med smittsame oocyster får hopa seg opp i miljøet.
Førekomst av koksidiose hos husdyr i Noreg
Koksidiar i dei to slekteneEimeria ogCystoisospora (tidlegare kallaIsospora) kan vera årsak til koksidiose hos norske husdyr. UlikeEimeria-arter er årsak til koksidiose hosstorfe,sau,geit,kanin,gris (sjeldan),høns ogkalkun; medanCystoisospora-arter er årsak til koksidiose hoshund,katt og gris. Det er fleireEimeria-arter hos kvart av dei nemnde dyreslaga, og desse artene er spesifikke for kvart sitt dyreslag, slik at til dømes koksidiearter hos storfe ikkje vil kunna smitta sau. Vidare har artene hos kvart dyreslag ulik sjukdomsframkallande evne (patogenitet), slik at kvart dyreslag gjerne har blandingsinfeksjonar med både sjukdomsframkallande og meir ufarlege (apatogene) arter.Immuniteten som dyra dannar mot koksidiane er artsspesifikk, det vil seia at immunitet danna mot ei bestemt art, ikkje gjev immunitet mot andre arter.
Koksidiose hos ulike arter
Koksidiose hos sau
Det finst 10–11Eimeria-arter hos sau. Av desse er to arter (Eimeria crandallis,Eimeria ovinoidalis) svært patogene.
I Noreg er koksidiose ein svært viktig sjukdom hos lam på vårbeite (beitekoksidiose). Lamma bli i stor grad fødde inne på sauefjøset, og er i liten grad i kontakt med koksidieoocyster før dei blir sleppte ut på beite når dei er eit par veker gamle. Sjukdom opptrer der ein nyttar dei same beiteareala til sau om våren år etter år. Oocyster frå føregåande beitesesong vil då kunna overvintra i beitet og smitta mottakelege (ikkje-immune)lam straks dei kjem ut på beite.
Dei aktuelle patogeneEimeria-artene hos sau brukar om lag to veker på å formeira seg opp og laga store skadar i tarmslimhinna, slik at sjukdom typisk opptrer hos lamma 2–3 veker etter beiteslepp. Beiteskifte frå år til år, eller med få års mellomrom, vil kunna hindra/dempa utbrota.
Koksidiose hos storfe
Det finst om lag 20Eimeria-arter hos storfe. Av desse er 3–4 arter patogene.
Sjukdom opptrer helst inne på fjøset, ofte om lag tre veker etter at unge kalvar blir sleppte saman med eldre kalvar i fellesbingar. Det er to svært patogeneEimeria-arter hos storfe (Eimeria bovis,Eimeria zuernii), som begge kan gje blodig, livstruande diaré.
God hygiene i bingane i form av hyppig utmåking og rikeleg bruk av strø, vil kunna redusera talet på oocyster som kalvane får i seg, og dermed førekomsten av koksidiose.
Éi av artene hos storfe (Eimeria alabamensis) kan føra til beitekoksidiose hos fyrsteårsbeitande ungdyr 1–2 veker etter beiteslepp. Førebyggjande tiltak mot denne arta vil vera beiteskifte frå år til år.
Koksidiose hos geit
Det finst minst 9Eimeria-arter hos sau. Eit par av desse er svært patogene.
Sporadiske tilfelle med koksidiose hos unge kje opptrer inne på geitefjøset. Kjea kan brått bli sjuke og krepera etter eit kortvarig sjukdomsforløp. God hygiene er viktig for å hindra infeksjonar.
Koksidiose hos høns
Det finst 6–7 gyldigeEimeria-arter hos høns. Tre av desse er svært patogene (Eimeria maxima,Eimeria necatrix,Eimeria tenella).
Koksidiose er ein svært viktig tarmsjukdom ved intensivt hønsehald, primært ved oppdrett avslaktekylling på strø. Ved denne driftsforma er det stor dyretettleik, og dyra kjem lett i direkte kontakt med avføringa si når dei plukkar i strøet.Eimeria-artene hos høns har dessutan kort utviklingstid (4–6 døgn), slik at vi kan få ei rask oppformeiring av koksidiane under eit kyllinginnsett, og dermed ein gardvis auke i smittepresset og til slutt sjukdomsutbrot. Fleire av artene er svært patogene og kan føra til blodig diaré, slik at dyra raskt stryk med.
God hygiene med grundig fjerning av strø og oocystehaldig avføring mellom kvart innsett er viktig, men ofte ikkje tilstrekkeleg for å hindra smitte og eventuelt sjukdom hos neste innsett. Tidlegare var det ein omfattande bruk av medisin gitt via fôret, men den gunstige effekten av ulike medikament var gjerne kortvarig på grunn av at koksidiane utviklaresistens.
I dag blir det ikkje nytta medisin mot koksidiar (koksidiostatika) i fôret til slaktekylling i Noreg. I seinare år har ein teke i bruk kommersielt tilgjengelegelevandevaksinar (oocyster av stammer som har ein forkorta og mindre skadeleg utvikling etter infeksjon) med bra resultat. I tillegg er oppvekstperioden til slaktekyllingar blitt forkorta gjennom bruk av kyllingstammer som veks raskare, slik at det blir mindre tid og høve til oppbygging av smittepresset til eit farleg nivå under eit innsett.
Koksidiose hos kalkun
Det finst 7 gyldigeEimeria-arter hos kalkun. Minst ei av desse er svært patogen.
Koksidiose er ein viktig sjukdom ved intensivt opptrett av kalkun. Det er fleire svært patogeneEimeria-arter. I Noreg brukar ein medisin i fôret til kalkunkylling for å hindra sjukdom. Per 2024 finst det ingen vaksinar motEimeria-infeksjonar hos kalkun.
Koksidiose hos kanin
Hos kanin finst det 9Eimeria-arter. Åtte av desse utviklar seg i tarmepitelet (tarmkoksidiose), medan éi art parasitterer gallegangane ilevra (leverkoksidiose).
Både sistnemnde art og eit par av artene i tarmen er patogene, og kan føra til koksidiose hos kanin, spesielt ved kommersielt kaninoppdrett, men av og til også ved hobbyoppdrett av kanin.
Koksidiose hos gris
Det finst 8Eimeria-arter hos gris, og i tillegg artaCystoisospora suis. Av desse er det berre sistnemnde art som er av betydning i dagens intensive svinehald, der dyra står inne.
Cystoisospora suis er årsak til spedgrisdiaré, det vil seia koksidiose hos 1–2 veker gamle dyr. Spedgrisane får då kremaktig avføring, og kan stryka med. Smitte av spedgrisane skjer kort tid etter fødsel via oocyster i miljøet frå tidlegare smitta kull i same fødebinge, eller i andre fødebingar i fjøset.
God hygiene med grundig reingjering av fødebingane mellom kvart kull, er viktig for å hindra sjukdomsutbrot.
Koksidiose hos hund og katt
Hos hund finst det treCystoisospora-arter, og hos katt toCystoisospora-arter. Smitte kan skje via oocyster i miljøet dersom det er mangelfull hygiene. Dette kan føra til koksidiose med diaré hos unge hundar og kattar (vanlegvis i hundekennel og hos oppdrettarar). Dersom andre dyreslag får i seg slike oocyster via fôr/drikke, kan dei frisette parasittcellene vandra ut av tarmen og slå seg ned i ulike vev, og deretter smitta hund og katt som et i seg slike infiserte dyr (til dømes smågnagarar).
Desse koksidiane har dermed ein avvikande livssyklus samanlikna med dei andre artene som fører til tarmkoksidiose, og dei er ei slags overgangsform til dei typiske vevscystedannande koksidiane. SlektaCystoisospora blir difor i dag gjerne plassert i familien Sarcocystidae heller enn i familien Eimeriidae.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forParasittsykdommer
