Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

infinitiv

Artikkelen finst i enkel versjon iLille norske

Skriven av

Infinitiv er eiinfinittverbform som finst i ein del språk, jamførnorsksjå,vere/vera,kaste/kasta (bokmålse,være,kaste). Infinitiv har mange av dei same grammatiske funksjonane i eisetning somsubstantiv, men skil seg ut ved å kunne stå i lag med dei samesetningsledda somfinitte verb, bortsett fråsubjekt.

Faktaboks

Uttale

infinitiv

Etymologi
latin(modus) infinitivus ‘ubestemt måte’, det vil seie utan personendingar

Her er nokre norske eksempel:

  • Infinitiv med objekt: Eg likarå spele ludo.
  • Infinitiv med predikativ: Eg likar å vere lærar.
  • Infinitiv medadverbial: Eg føretrekkjerå svømme langsamt.

Som eksempla ovanfor viser, har den norske infinitiven ofteinfinitivsmerketå (einsubjunksjon) framfor seg. Mellom infinitivsmerket og infinitiven kan det stå ein del adverb, somikkje, jamførEg prøvde å ikkje forstyrre dei.

Infinitivsmerket er ikkje alltid med. Det manglar mellom anna når infinitiven står etter eitmodalt hjelpeverb, som i eksempel 1 og 2 nedanfor med dei modale hjelpeverbaskulle ogtore,og i såkalla «småsetningar» eller «setningstilsvar», det vil seie konstruksjonar der infinitiven står etter eit objekt som svarer til subjektet i ei tilsvarande setning med finitt verb, som i eksempel 3 og 4:

  1. Eg skalta meg ein tur i morgon.
  2. Eg tør ikkjeuttale meg om den saka.
  3. Ho bad ossvaske hendene. (JamførVi vaska hendene.)
  4. Eg såg henneslå ungen. (JamførHo slo ungen.)

Dei fleste norske infinitivar har eit eige suffiks, på nynorsk-e eller-a, på bokmål-e, til dømes nynorskvere/vera og bokmålvære. Nokre infinitivar har ikkje noko suffiks, som ogbli.

Infinitiv i andre språk

Dei fleste europeiske språk har ei form av verbet som kan kallast infinitiv. Dennordsamiske infinitiven endar alltid på -t, somboahtit 'kome' i desse eksempla:

  1. Divtte suboahtit! 'La (divtte) han/henne (su) kome (boahtit)!'
  2. Mánát doivo stáluboahtit. 'Barna (mánát) trudde (doivo) at trollet (stálu) skulle kome (boahtit).' Ord for ord: 'Barna trudde trollet kome'.
  3. Buohkat berrejitboahtit. 'Alle (buohkat) burde (berrejit) kome (boahtit).'

Ingen av dei samiske språka har infinitivsmerke.

Modernegresk og fleire andre språk påBalkan – somalbansk,bulgarsk,romanes – manglar infinitiv, trass i at verbet har ei omfattande bøying. Det same gjeld forsemittiske språk, til dømesarabisk,maltesisk,hebraisk ogamharisk. Her er eit eksempel som viser korleis moderne gresk uttrykkjer setningar der vi på norsk brukar ein infinitiv:

  • Elpízo na érθo ávrio (Ελπίζω να έρθω αύριο) 'Eg håpar å kome i morgon.' Ord for ord: Eg håpar (elpízo) at eg kjem (na érθo) i morgon (ávrio)

Uttrykketna érθo, som her er sett om med 'at eg kjem', er bygt opp av konjunktiv-partikkelennaog den avhengige verbformaérθo ‘eg kjem'.

I språk der verbet ikkje blir bøygt, finst det inga form som kan kallast infinitiv. Til dømes kanmandarinài setjast om med '(å) elske', 'elskar', 'elska' eller 'elsk' avhengig av samanhengen':

  • 我爱你 Wǒài nǐ. 'Eg () elskar (ài) deg ().'
  • 我不能爱你 Wǒ bù néngài nǐ. 'Eg () kan (néng) ikkje () elske (ài) deg ().'

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Theil, Rolf:infinitiv iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/infinitiv

Bidra

Kommentarar (3)

skreivTor-Ivar Krogsæter

Det står at infinitiv ikkje har tempus, men korleis forstår ein da perfektum eller futurum infinitiv? Det me vanlegvis omtalar som berre infinitiv, er jo eigenleg presens infinitiv. Eg synast ikkje dette var klårt forklart i artikkelen. Merk for øvrig at oppslagsordet ein finn i latinske ordbøker er natō, at infinitiv av natō er natāre, medan nō er verbet som har nāre som infinitiv (PIE: *(s)neh₂-); at vokalen er lang, i motsetnad til dativen/ablativen nātō < nātus < nāscor; og til slutt at natō er danna av nō pluss verbalsuffikset -tō.

svarteRolf Theil

Hei, eg reviderte denne artikkelen i juni, men la diverre ikkje inn noko svar på denne kommentaren din. 1. Eg brukar no amō som dømeverb i latin, no er omtalt i eit eige avsnitt. 2. Latinske infinitiver har ikkje bøying i absolutt tempus (preteritum, presens og futurum), men i relativ tempus (perfektum, imperfektum), men det finst morfologisk berre tre latinske infinitivar – amāre, amāri, amavissse – ikkje seks.

skreivTor-Ivar Krogsæter

Orsak for skrivefeilen over (*synast skulle ha vore synest). Eg tenkte det kunne vere nyttig å nemne kva Oxford Latin Dictionary seier om -tō: «v[er]b[a]l suff[ix]. Enlargement of -o³, formed from p[er]f[ect] p[artici]ples {sīc} pass[ive], appearing as -so when p[artici]ple is in -sus (iacto, salto, dormito, defenso).»

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMorfologi

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp