
gresk alfabet

Det greskealfabetet blir i dag brukt til å skrive språketgresk. Ordet alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet,alfa ogbeta. Det greske alfabetet blir rekna som forløparen til deilatinske ogkyrilliske alfabeta.
Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol og nemningar innanformatematikk og andre vitskaps- og teknologifag, sjå til dømespi (π).
Det greskealfabetet består av syttenkonsonantteikn og sjuvokalteikn. Det er utvikla frå ei nordvestsemittisk (fønikisk) alfabetskrift i perioden rundt 1000–750 fvt. Teikn for konsonantar som ikkje fanst i gresk, blei tekne i bruk som vokalteikn.
Det greske alfabetet
Den følgjande oversikta visertranskripsjonen av greske bokstavar som i hovudsak blir nytta.
Nr | Store (majusklar) | Små (minusklar) | Namn | Transkripsjon |
1 | Α | α | alfa | a |
2 | Β | β | beta | b |
3 | Γ | γ | gamma | g |
4 | Δ | δ | delta | d |
5 | Ε | ε | epsilon | e |
6 | Ζ | ζ | zeta | z |
7 | Η | η | eta | ē eller e |
8 | Θ | θ (ϑ) | theta | th |
9 | Ι | ι | jota | i¹ |
10 | Κ | κ | kappa | k |
11 | Λ | λ | lambda | l |
12 | Μ | μ | my | m |
13 | Ν | ν | ny | n |
14 | Ξ | ξ | ksi | ks eller x |
15 | Ο | ο | omikron | o |
16 | Π | π | pi | p |
17 | Ρ | ρ | rho | r |
18 | Σ | σ/ς² | sigma | s |
19 | Τ | τ | tau | t |
20 | Υ | υ | ypsilon | y |
21 | Φ | φ | fi | f |
22 | Χ | χ | khi | kh |
23 | Ψ | ψ | psi | ps |
24 | Ω | ω | omega | ō eller o |
' | aspirasjonsteikn | h |
- 1j i framlyd framfor vokal
- 2ς berre i slutten av ord
Transkripsjon av gresk
Nygresk ligg føre i tre variantar:
- lokale dialektar, som fell i to hovudgrupper: nordgresk og sørgresk
- katharévousa, det arkaiserande, «reine» skriftspråket, som knyter seg til den strenge tradisjonen frå bysantinsk tid og koine-perioden. Det blei administrasjons- og skulespråk i det nyoppretta greske kongedømmet (1830). Katharévousa har framleis ei sterk stilling innan kyrkja.
- dimotikí, «folkespråket», har mange lånord (særleg frå tyrkisk og venetiansk, i mindre grad frå albansk og slavisk). Det er standard talemål (bymål), og det blir i dag brukt i all nygresk skjønnlitteratur.
Desse forholda skaper visse problem vedtranskripsjon av gammalgreske ord og særleg namn. Ein sterkt kompliserande faktor er dessutan deidivergerande og ofteinkonsekvente uttaletradisjonane som har etablert seg innanfor dei enkelte nasjonalspråka på dette feltet. Desse kjem dels av at det i lita grad blir teke omsyn til lydsystemet i det vedkomande språket, dels fordi gresk i mellomalderen så å seie var ukjend i Vest-Europa, og greske namn blei overleverte og utbreidde ilatinsk form og betoning (til dømes latinsk'Socrates for greskSok'rates, latinsk'Pericles for greskPerik'les, latinskAn'dromeda for greskAndro'meda). Det er derfor ikkje praktisk mogleg å få fullstendig konsekvens i transkripsjon frå gresk.
Systemet for gammalgresk i leksikonet er i alt vesentleg eintranslitterasjon (bokstav for bokstav) og speglar dermed langt på vegattisk uttale på 400-talet fvt. (likevel utan opplysningar om vokallengde), menf, som er hellenistisk-nygresk uttale for attisk aspirertplosivph (IPA-lydskrift: [pʰ]) og altså ei inkonsekvent attgjeving på norsk i forhold til transkribertth ogkh (samanlikn til dømes engelskSophocles, tyskSophokles), er fast etablert i vesteuropeisk uttaletradisjon.
Når det gjeld markering av trykkstaving, rår eit prinsipp om at kjende gammalgreske namn følgjer den etablerte betoninga, det vil seie som oftast den latinske. Dette gjeld alltid når det greske namnet har endebetoning, som fell unaturleg i norsk (til dømes'Sofokles,Akh'illevs, ikkjeSofok'les,Akhil'levs). I mindre kjende namn held ein fast ved den mest mogleg den greske betoninga, bortsett frå på endestavingar (altså gresk'Evdoksos, ikkje som latinskEu'doxus, men derimot som latinsk'Telamon, ikkje greskTela'monnar). Merk at endebetoninga berre finst ved bortfall av opphavleg endestaving i enkelte kjende namn etter fransk-tysk-norsk uttaletradisjon:Athen forAthenai,Homer forHomeros (latinskHomerus),Herodot forHerodotos.
Greske bokstavar i matematikk, naturvitskap og teknologi
Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol innanfor matematikk, naturvitskap, teknologi og så vidare. Nokre døme på vanlege bruksområde er:
- vinklar (geometri,trigonometri)
- stjernene i eitstjernebilete (astronomi)
- α, β, γ forpartiklar ogradioaktiv stråling (kjernefysikk)
- λ forbølgjelengde (fysikk)
- μ forSi-prefiksetmikro (metrologi)
- φ fordet gylne snittet
- ω-3, ω-6 forumetta feittsyrer (biokjemi)
- nokre greske bokstavar idet internasjonale fonetiske alfabetet (IPA-lydskrift)
I desse fagområda blir det i nokre tilfelle brukt spesifikke utformingar av bokstavane. Eit døme er θ og ϑ. I vanleg gresk skrift er desse teikna alternative utformingar (glyfar) av den same bokstaven,minuskel theta, der den siste er ei kursivform, mens i matematisk, naturvitskapleg og teknologisk samanheng kan dei brukast som to ulike symbol. Andre bokstavar med ulike utformingar erminuskel fi, som har ein «open» (φ) og ein «lukka» (ϕ) variant, og dessutan andre som er mindre vanlege (ε og ϵ, ρ og ϱ, π og ϖ, og så vidare).
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.