Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

genitiv

Skriven av

Genitiv er eit namn på eigeforma av eitord eller einnomenfrase. Eit eksempel på genitiv er formakongens i setningane «det er kongens hest» og «den hesten erkongens».I nomenfrasenkongens hest stårkongens for eigaren, mensheststår for det som blir eigd. Det er vanleg å rekne genitiv som einkasus, men sjå avsnittetGenitiv og kasus.

Faktaboks

Uttale

genitiv

Etymologi
avlatingenetivus /genitivus, frågreskgénesis (γένεσις) 'opphav'

Fleire europeiske språk har konstruksjonar som liknar påkongens hest. Her er nokre eksempel, alle med tydinga 'kongens hest', der genitivsforma («kongens») står ikursiv:

Litt meir om tydinga til genitiv

Sjølv om genitivforma av eit ord eller ein nomenfrase alltid kan vere ei eigeform, kan ho også ha fleire andre tydingar. Her er nokre eksempel:

  1. husets vegger
  2. jordas overflate
  3. gutens mor
  4. Karis mann
  5. husets eigar

I eksempel 1 er ikkje veggene noko huset eig, dei er ein del av huset, og i eksempel 2 er overflata ein del av jorda. Her har vi ein relasjon mellom ein heilskap og ein del: Huset og jorda er heilskapar som veggene og overflata er delar av.

I eksempel 3 eig ikkje guten mor si, og i eksempel 4 eig ikkje Kari mannen sin. Her har vi slektskaps- eller familierelasjonar, og genitiv kan brukast begge vegar: Ola er Karis son = Kari er Olas mor.

I eksempel 5 uttrykkjer genitivsforma heilt tydeleg ikkje eigaren, for det eigde eig ikkje eigaren sin. Her har vi å gjere med ei meir abstrakt tilknyting.

Genitiv og alternative konstruksjonar

Norrønesubstantiv,adjektiv,pronomen ogdeterminativ hadde eigne genitivformer, som 'kongens hest' pånorrønt viser:

  • hestr konungsins

Her erkonungsins genitiv, eintal, bunden/bestemt avkonungr 'konge'.

I dei flestenorske dialektar har genitiv blitt borte som ein bøyingskategori ved substantiv, adjektiv og determinativ for mange hundre år sidan, truleg alt på 1400-talet, og er erstatta av ei rekkje andre konstruksjonar:

  • hesten til kongen
  • hestenåt kongen
  • kongen sin hest
  • hestenhans Harald

Mange andre europeiske språk manglar også genitivsformer, og i staden brukar dei konstruksjonar der «eigaren» står etter einpreposisjon:

Også ifærøysk har genitiv stort sett gått av bruk, og ein nyttar i staden ein konstruksjon med preposisjonenhjá 'hjå, hos' føre ein nomenfrase idativ:

  • hesturin hjá konunginum 'hesten til kongen'

Den norske konstruksjonen med genitiv-s liknar den norrøne genitiven:

  • kongens hest

Her er likevel ikkjekongens ei bøyingsform avkonge slikkonungsins er ei bøyingsform avkonungr. S-en ikongens er einenklitisk genitiv-partikkel som står heilt sist i einnomenfrase, som [kongen av Noreg]:

  • [kongen av Noreg]s hest

Den engelske genitiv-s-en må analyserast på same måten:

  • [the king]'s horse
  • [the king of Norway]'s horse

Japansk har ein heilt parallell konstruksjon, der のno er ein genitiv-partikkel, medan 王ō tyder 'kong' og 馬uma tyder 'hest':

  • 王の馬
  • Ō no uma
  • 'konge' 'genitiv' 'hest'

Konstruksjonen med-s er lite brukt i norske dialektar og er difor mindre vanleg inynorsk enn ibokmål, som har lånt konstruksjonen frådansk.

Pertensiv

Det karakteristiske ved ein genitiv-markør er at han er knytt til frasen som uttrykkjer eigaren. Nokre språk har i staden einpertensiv-markør, det vil seie ein markør som er knytt til det eigde. Pertensiv finst mellom anna i dettibetoburmanske språket karbi, som blir tala iAssam. Markøren er prefikseta- på leddet som uttrykkjer det eigde – det vil seiekeŋ 'bein' oghem 'hus' i desse døma:

  • tebul a-keŋ 'bordets bein'
  • la a-hem 'huset hennar/hans'

Det er ikkje alltid lett å avgjere om ein markør uttrykkjer genitiv eller pertensiv. I dettsjadiske språkethausa blir markøren i ein eigedomskonstruksjon analysert som ein genitiv-markør, endå han er knytt enklitisk til det eigde, som i døma nedanfor, med substantivadookìi m 'hest',saanìyaa f 'ku' ogsarkii m 'konge'. Genitiv-markøren kongruerer i genus og numerus med det eigde, med -n etter eit hankjønnsord i eintal og - etter eit hokjønnsord i eintal:

  • dookìn sarkii 'kongens hest'
  • saanìyar̃ sarkii 'kongens ku'

Garpegenitiv

Det er relativ vanleg å berre nytte termen genitiv om bøyingsformer, slik at til dømes latinregis er genitiv eintal avrex 'konge' og islandskkonungsins er bunden genitiv eintal av konungr 'konge'.

Det er heller ikkje uvanleg å kalle norskkongens for ein genitiv, sjølv oms-en ikkje er eit bøyingssuffiks men eitenklitikon – ein enklitisk genitiv-partikkel – som forklart i førre avsnitt.

I mange grammatikkar for språk rundt omkring i verda blirgenitiv også nytta meir allment om konstruksjonar som uttrykkjer eigedomstilhøve. Eit eksempel på dette er «garpegenitiven», som ovanfor er illustrert medkongen sin hest. Her står det refleksive possessivetsin/si/sitt/sine etter nomenfrasen som viser til eigaren, i dette dømekongen.Denne konstruksjonen dukka fyrst opp iBergen i mellomalderen, truleg under påverknad frå detnedertyske språket til deihanseatiske kjøpmennene som bergensarane kalla garpar, og som dreiv handel over store deler av Nord-Europa fra 1100-tallet til 1500-tallet. Lenge vart garpegenitiven berre nytta påVestlandet, iTrøndelag og iNord-Noreg, og han var mykje vanlegare pånynorsk enn påbokmål. Men sidan slutten av 1900-talet har han også blitt vanleg på Austlandet, både i tale og skrift.

Også moderne nedertysk har denne konstruksjonen:

  • Den König sien Peerd 'Kongens hest', bokstavleg «kongen hans hest»
  • De Königen ehr Peerd 'Dronningas hest', bokstavleg «dronninga hennar hest»

I den nedertyske konstruksjonen har frasen som viser til eigaren, kasusenoblik («ikkje-nominativ») og possessivet er ikkje refleksivt, sidan nedertysk manglar refleksive possessiv.

Ein tilsvarande konstruksjon finst òg itysk (høgtysk),nederlandsk ogafrikaans.

Genitiv og kasus

Det er vanleg å rekne genitiv som einkasus, sidan genitiv på mange språk står i motsetnad til kasus somnominativ,akkusativ ogdativ, slik at dei gjensidig utelukkar kvarandre: Eit substantiv står anten i nominativ, akkusativ, dativ eller genitiv. Dette gjeld ikkje minst i dei klassiske språkalatin oggresk, som tradisjonell europeisk grammatikk skriv seg frå.

Mange språkforskarar meiner likevel at genitiv ikkje er ein kasus, fordi det skil seg på fleire vis frå nominativ, akkusativ, dativ og andre kategoriar som utan tvil er kasus.

Dersom kasus blir definert som ein grammatisk kategori som uttrykkjer kvasyntaktisk funksjon eitsetningsledd har i eisetning, er ikkje genitiv ein kasus. Genitiv uttrykkjer ikkje kva funksjon eit setningsledd har i ei setning, men i staden ein grammatisk relasjon mellom ledd inne i einnomenfrase.

Utvilsame kasus somnominativ,akkusativ ogdativ utelukkar kvarandre alltid gjensidig, slik at eit ord ikkje kan ha fleire kasus samtidig. Men genitiv skil seg frå desse ved at det finst språk i dei fleste delar av verda der ord kan stå ibåde genitivog til dømesnominativ,akkusativ ellerdativ. Dette er mogeleg fordi genitiv anten gjeld ein relasjon innanfor nomenfrasen, som i latinequus regis 'kongens hest' – eller han gjeld ikkje nokon grammatisk relasjon i det heile, som i latinhicequus regis est 'denne hesten er kongens', der genitiven står aleine sompredikativ – medan kasus gjeld funksjonen til nomenfrasen i ei setning.

Nedanfor er eit eksempel frå detomotiske språket kafa. Setninga tyder 'Gjev Gud det som høyrer Gud til!' (Markus 12,17) — eller direkte omsett: 'Gjev Guds til Gud!' FormaYeerichon er ei genitivform som har kasusen akkusativ.

Yeeri-ch-o-nYeeri-chimbote!
Gud-GENITIV-MASKULINUM-AKKUSATIVGud-DATIVgjev

OrdetYeerichon er akkusativ avYeericho, som er genitiv, eintal, maskulinum avYeeri 'Gud'. Ein kan med andre ord seie at på kafa blir genitiven bøygd igenus,numerus ogkasus. På same vis er det iindoariske språk – medreknaromanes slik språket blir tala i Noreg – og mellom anna iaustralske språk,georgisk ogquechua. Desse eksempla viser kasusbøying av ein genitiv i romanes:

  • le Devléski zor 'Guds makt'
  • le Devléska zorása 'med Guds makt'

Genitiv i romanes blir bøygd i tal (numerus), genus (grammatisk kjønn) og kasus i samsvar med overleddet i ein nomenfrase. Det feminine substantivet som tyder 'makt', heiterzor i nominativ eintal ogzorása 'med makt' ikomitativ eintal. SubstantivetDel 'Gud' heiterDevléski i nominativ, eintal, femininum av genitiv eintal ogDevléska ioblik (= ikkje-nominativ), eintal, femininum av genitiv eintal.Le er ein bunden (bestemt) artikkel knytt til genitiven, og står her i oblik eintal.

Norsk har eigedomsformer avpronomena, sommin/mi/mitt/mine,din/di/ditt/dine,hans, hennar,vår/vårt/våre,dykkar,deira ogsin/si/sitt/sine. Dei blir ikkje kalla genitiv-former, menpossessiv, og blir analyserte som ei undergruppe avdeterminativa.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dixon, R.M.W. (2010–2012).Basic Linguistic Theory 1–3. Oxford: Oxford University Press. ◎ R. M. W. Dixon er den lingvisten som klårast har argumentert mot den tradisjonelle analysen av genitiv som ein kasus.
  • Eitrem, Samson (1996).Latinsk grammatikk. 3. utgåve ved Bjørg Tosterud og Egil Kaggerud. Aschehoug. ◎ S. 75–81 inneheld ei detaljert framstilling av dei ulike bruksmåtane av genitiv i latin og er representativ for mange konservative indoeuropeiske språk. Boka finst òg på bokmål.
  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo (1997).Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Theil, Rolf (2023). Kafa. Kapittel 41 (s. 973–1004) iThe Oxford Handbook of Ethiopian Languages.Oxford: Oxford University Press. ◎ Kapittelet inneheld ei framstilling av genitiv i det omotiske språket kafa.
Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
VILKÅR FOR GJENBRUK:
avgrensa gjenbruk
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Theil, Rolf:genitiv iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/genitiv

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMorfologi

Rolf Theil
Professor em. i lingvistikk, mag.art., Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp