geez
Faktaboks
- Språkkodar
- gez (GEZ)
- ISO-639:3
- gez
Geez er eitsemittisk språk. Det høyrer til den nordlige gruppa av etiopisk semittisk og er det klassiske etiopiske språket. Det blei snakka av dei semittisktalande folka som i førkristen tid — truleg ein gong mellom 1000 og 500fvt. — innvandra tilEtiopia frå det sørlegeArabia og fekk nær kontakt med deikusjittiske folka i området.
Endonymet for språket er ግዕዝɡɨʕɨz.
Dei eldste kjeldene
Dei eldste tekstane på geez er innskrifter frå 300-taletevt.Skrifta i nokre innskrifter er det gamal-sørarabiskealfabetet, som manglar vokalteikn, lik dei fleste andre semittiske skrifttypar. Andre er i etiopisk skrift utanvokalar, men i handskriftene frå dei følgjande hundreåra blir vokalane representerte med små strekar eller modifikasjonar av konsonantteikna, som framleis i det moderne etiopiske alfabetet. Dette kan illustrerast med dei tre bokstavane i ግዕዝɡɨʕɨz, som varierer i form etter kva vokal dei har etter seg:
- ገɡɐ, ጉɡuː, ጊɡiː,ጋɡaː, ጌɡeː, ግɡɨ, ጎɡoː
- ዐʕɐ, ዑ ʕuː, ዒʕiː, ዓʕaː, ዔʕeː, ዕ ʕɨ, ዖʕoː
- ዘzɐ, ዙzuː, ዚziː, ዛzaː, ዜzeː, ዝzɨ, ዞzoː
Den korte vokalenɨ blir ikkje uttalt i alle posisjonar, mellom anna ikkje i slutten av eit ord etter éinkonsonant, som i ግዕዝɡɨʕɨz.
Seinare tekstar
Frå omkring 500 stammar omsetjinga avBibelen på geez. Frå dei følgjande hundreåra finst ei rekkje omsetjingar avapokryfe bibelske skrift, til dømes avHenoks bok.
Nesten all litteratur på geez er slike omsetjingar. Også det vesle som finst av originallitteratur er i hovudsak av kyrkjeleg art, til dømessalmar. Ettersom den kyrkjelege litteraturen er forfatta på dette språket, har geez blitt detliturgiske språket i den etiopiske ortodokse kyrkja (sjåreligion i Etiopia). Geez gjekk frå 900-talet av bruk som talespråk, men ei lang rekkje andre semittiske språk blir snakka i Etiopia ogEritrea i dag, med ein mykje sterkarekusjittisk påverknad enn i geez. Nærast i slekt med geez ertigrinsk,tigré og dahalik.
Etiopiske personnamn
Geez har ein stor påverknad på moderne etiopiske språk, og fleire personnamn er lånte frå geez. Til dømes kjem namnet til den siste etiopiske keisaren,Haile Selassie I, frå geez, der det heiter ኀይለ ሥላሴxɐjlɐ ɬɨllaːseː og tyder 'treeiningas kraft'. Sjå meir ompossessivkonstruksjonar i avsnittetSpråkstruktur nedanfor.
Språkstruktur
Fonologi
Geez har fem lange vokalar:iː eː aː oː uː — og to korte:ɨ ɐ. Dei langeiː aː uː kjem av ursemittisk*iː *aː *uː, mens dei langeeː oː kjem av dei ursemittiskediftongane *ai og *au. Den korte vokalenɨkjem av ursemittisk*i og*u, mens den korteɐ kjem av ursemittisk*a.
Geez har tretti konsonantar, med eit konservativt system som skil seg lite frå ursemittisk, som i desse døma:
- Skilje mellomustemde,stemde og ejektive konsonantar, mellom annap b p’,t d t’ ogk ɡ k’
- Tofaryngalefrikativar:ħ ogʕ
- Ein ustemd og ein ejektivlateral frikativ:ɬ ogɬ’
Morfologi
Som i andre semittiske språk brukar geez bådeaffiks ogvokalveksling sommorfologiske mekanismar, som vist med eintal og fleirtal av dessesubstantiva:
- Vokalveksling:
- ʔɨɡr 'fot' –ʔɨɡɐr 'føter'
- bɐɡʕ 'sau' –ʔɐbaːɡeːʕ 'sauer'
- Affigering, medsuffiks:
- ʔeːd 'hand' –ʔeːdɐw 'hender'
- ʔɐf 'munn' –ʔɐfɐw 'munnar'
I possessivkonstruksjonar stårpossessum (det eigde) først ogpossessor (eigaren) etter, og possessum står istatus constructus, mens possessor står istatus absolutus, som er grunnforma til substantivet. Status constructus har ved dei fleste substantiv suffikset-ɐ, jamfør substantivet som tyder 'konge':
- | Eintal | Fleirtal |
---|---|---|
Status absolutus | nɨɡuːʃ | nɐɡɐʃt |
Status constructs | nɨɡuːʃɐ | nɐɡɐʃtɐ |
Nokre eksempel:
- hɐɡɐrɐ nɨɡuːʃ 'kongens by'
- hɐɡɐrɐ nɐɡɐʃt 'konganes by'
- nɨɡuːʃɐ hɐɡɐr 'byens konge'
- nɐɡɐʃtɐ hɐɡɐr 'byens kongar'
Syntaks
Den vanlege leddstillinga i setningar er VSO (verbal –subjekt –objekt), som i setninga nedanfor, som tyder 'mannen planta eit tre'. Objektet harakkusativ-suffikset-ɐ.Geez skil ikkje mellom ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt) form av substantivet.
Verbal | Subjekt | Objekt |
---|---|---|
tɐkɐlɐ | bɨʔsiː | ʕɨɬ’ɐ |
planta | mann | tre |
I ein nomenfrase ståradjektivet etter substantivet ogkongruerer (blir samsvarsbøygt) med substantivet igenus ognumerus, som vist her med substantivanɨɡuːʃ 'konge' ognɨɡɨʃt 'dronning' og adjektivets’aːdɨk’ 'rettferdig':
- nɨɡuːʃs’aːdɨk’'rettferdig konge'
- nɐɡɐʃts’aːdɨk’aːn'rettferdige kongar'
- nɨɡɨʃts’aːdɨk’t'rettferdig dronning'
- nɨɡɨʃtaːts’aːdɨk’aːt'rettferdige dronningar'
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.