Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

furufamilien

Skriven av

Pollen- og frøkongler på same tre. Pollenkonglene («hannblomane») er gule og sit nede på langskotet, frøkonglene («hoblomane») er raude og sit i toppen.

Furufamilien er den største familien avbartre med omlag 230 artar, mellom anna vanleggran ogfuru. Nesten alle artane i furufamilien ereviggrøne tre, i nokre tilfelle buskar.

Faktaboks

Utbreiing

Alle artane utanom éin veks nord forekvator. Unntaket er «sumatrafuru» (Pinus merkusii) som veks på 2° sør påSumatra.

Slekter

Furufamilien er delt i to underfamiliar og elleve slekter. Den eine underfamilien har berre éi slekt,furuslekta, medan den andre underfamilien har ti slekter.

Pollenkongler og frøkongler

Pollen- og frøkonglene er på same tre (sambu).

Pollenkonglene (populært kalla «hannblomar») er små sideskot med ei samling av overlappandesporofyll. Kvart sporofyll ber tomikrosporangium (pollensekker). Pollenkonglene sit enkeltvis eller samla i klyngjer. Etter å ha sleppt pollenet visnar dei og fell av.

Frøkonglene (populært kalla «hoblomar» før pollinering) består av ein akse med mange spiralstiltedekkskjel, som på oversida har eit kongleskjel med to nakne frøemne (nakenfrøa plantar). I løpet av frømodninga blir kongleskjela treaktige. Dekkskjela er oftast små og skjulte av dei større, tettsitjande kongleskjela. Frømodninga blir hos dei fleste fullført i det første året, men hos furuartane tek det to–tre år.

Dei fleste artane har frø med éin vengje og blir spreidde med vinden (vindspreiing). Nokre få manglar vengje og har gjerne større, nøtteliknande frø som blir spreidde av fuglar eller andre dyr (dyrespreiing).

Systematikk

NivåVitenskapelig navnNorsk navn
RikePlantaeplanteriket
RekkePinophytanakenfrøete planter, nakenfrøingar
KlassePinopsidabartrær
OrdenPinalesfuruordenen
FamiliePinaceaefurufamilien

Systematikken følgerArtsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
103791
GBIF-ID
3925
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Aune, Egil Ingvar:furufamilien iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/furufamilien

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forFurufamilien

Egil Ingvar Aune
Amanuensis emeritus, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
NTNU
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp