fandango

Fandango er ein norskselskapsdans, seinarefolkedans avkontradansslekta, med namn lånt frå ein spansk dans.
Faktaboks
- Uttale
fandango
Den spanske dansen er kjend frå tidleg på 1700-talet i tredelt takt, og spreidde seg til mange delar av verda. Den store mengda av kontradansar som spreidde seg over Europa på 1700- og 1800 fekk alle moglege slags individuelle namn. Det er nok berre namnet fandango og ikkje forma som den norske kontradansen hadde då han kom i bruk i Noreg først på 1800-talet. Det er ein engelsk kontradans i rekkeoppstilling, men med par i begge rekkene. Musikken har to vek i todelt takt og ei vek vals og svarar til ein omgang av dansen, og dansen blir gjerne dansa i mange omgangar.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bakka, Egil, 'Innleiing. Turdansen i Folkedansarbeidet', inSemb,Klara: Norske Folkedansar. Turdansar(Oslo: Noregs boklag, 1991), pp. 17-58.
- Goldberg, K. M. and Antoni Pizà,The Global Reach of the Fandango in Music, Song and Dance: Spaniards, Indians, Africans and Gypsies (Cambridge Scholars Publishing, 2017)
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Fagkonsulent for artikkelen:
- Hans Otto Christian Arent
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forSamværsdans
