Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

etnolekt

Skriven av

Etnolekt er eietnisk gruppe sin felles måte å snakke eitspråk på. INoreg er for eksempel ein etnolekt ein måte å snakkenorsk på som blir brukt av ei etnisk gruppe som har (eller har hatt) eit anna felles språk enn norsk.

Ein etnolekt kan ha andrespråktrekk på den måten at den er «farga» av gruppa sitt felles språk, for eksempel når det gjeld uttale av lydar,intonasjon eller val av ord. Men måten ein lærer seg eit andrespråk på er individuell, og resultatet varierer mykje frå person til person. Noko blir rekna som ein etnolekt når

  • språktrekka ikkje er individuelle, men like for den etniske gruppa
  • språktrekka blir førde vidare til neste generasjon
  • bruken av denne varieteten signaliserer gruppetilhøyrsle

I Noreg finst det etnolektar i vissesamiske ogkvenske miljø, altså nord i landet der det har vore språkkontakt i uminnelege tider. Her kan det for eksempel vere slik at ein brukar ein etnolekt for å signalisere at ein høyrer til samisk/kvensk kultur, sjølv om ein ikkje kan snakke samisk/kvensk. Dette er eit resultat avfornorskinga.

Etnolektar kan også oppstå iinnvandrargrupper som har felles språkbakgrunn. Dette er ikkje kjend frå Noreg, men ein kan finne eksempel på det i andre land.

Eit liknande språkleg fenomen ermultietnolekt. Dette er ein språkleg varietet som har innslag frå mange ulike språk, og som ikkje er knytt til ei spesiell etnisk gruppe, men til ei gruppe språkbrukarar med ulike språklege og etniske bakgrunnar. Det finst eksempel på multietnolektisk stil i Noreg, særleg blant ungdommar som er barn av innvandrarar, og for eksempel bur på austkanten av Oslo.

Les mer i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Neteland, Randi:etnolekt iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/etnolekt

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forSosiolingvistikk

Randi Neteland
Førsteamanuensis, Høgskulen i Volda

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp