Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

entalpi

Skriven av

Entalpi er eit omgrep innankjemi ogtermodynamikk som seier noko om mengdavarme i eit system. Entalpi er ein termodynamisk tilstandsfunksjon med symbolH.

Faktaboks

Uttale

entalpi

Etymologi
aven- oggresk ‘varme, hete’
Også kjend som

H

Entalpifunksjonen blir definert slik:

H = U + PV

Her stårUfor denindre energien til systemet,Pfortrykket ogVfor volumet av systemet.

Bruk

Entalpifunksjonen blir brukt særleg ved berekningar av prosessar der trykket blir halde konstant, som ved einfaseovergang (smelting, frysing, fordamping, kondensasjon) eller einkjemisk reaksjon. For ein faseovergang som smelting er forandringa i entalpi, ΔH, liksmeltevarmen, eventueltfordampingsvarmen.

For ein kjemisk reaksjon blir ofte danningsentalpienoppgitt. Eit døme er danningsentalpien for vatn:

H2(g) + ½O2(g) → H2O(l) ΔH0f = −286 kJ/mol

Her står f forformation, det engelske ordet for danning.

Ein negativ verdi for entalpiforandringa viser at det i denne reaksjonen blir frigjort energi.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Pedersen, Bjørn:entalpi iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/entalpi

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forVarme- og stofflære

Lars Egil Helseth
Professor, Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp