Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

enklitikon (språkvitskap)

Skriven av

Enklitikon er igrammatikken eit språkleg element som er ein mellomting mellom eitord og eitsuffiks. Eksempel er austnorsk'n som ita'n 'ta han' og engelsk'm som iI'm 'eg er'. Som suffikset står det etter eit anna element.

Faktaboks

Uttale

enklitisk

Etymologi

av greskenklitikós (ἐγκλιτικός) 'som lenar seg til føregåande ord'

Enklitikonet er ein typeklitikon. Det finst òg ein annan type,proklitikon, som liknar prefiks, ved å stå føre eit anna element, somje 'eg',ne 'ikkje' ogle 'han' i franskje ne le connais pas 'eg kjenner han ikkje'.

Adjektivet til enklitikon erenklitisk. Adjektiva til klitikon og proklitikon erklitisk ogproklitisk.

Likskap med suffiks

Det austnorske klitikonet'n (han) liknar eit suffiks ved at det aldri kan stå aleine, men må «lene seg» på eit anna element, som blir kalla einvert. Det er vanleg å setje = mellom ein vert og eit enklitikon og ein bindestrek (-) mellom ein base og eit suffiks:

  • Eit suffiks lenar seg på einbase (eirot eller eistamme):
    • gut-en har stammagut- og suffikset -en
  • Eit enklitikon lenar seg på einvert:
    • ta=n har vertenta og enklitikonet =n

Ulikskap med suffiks, likskap med ord

Eit klitikon er forskjellig frå eit suffiks ved at klitikonet kan lene seg på vertar av mange ulike typar, mens eit suffiks typisk berre lenar seg på basar av nokre få typar. Ein kan seie at enklitikonet har einlokaliseringsfridom som suffikset manglar. Til dømes må eit bøyingssuffiks leggjast til eit ord av éin særskild ordklasse, mens dette ikkje gjeld for enklitikon:

  • Suffikset-enfor bunden eintal kan berre leggjast til stamma til ein hankjønnssubstantiv:
    • gut-en, båt-en, hest-en
  • Enklitikonet =n kan leggjast til vert av mange ulike ordklassar:
    • Preposisjon:på=n 'på han'
    • Verb: ta=n 'ta han'
    • Pronomen:tok du=n? 'tok du han?'
    • Substantiv:stanga kua=n? 'stanga kua han?'
    • Subjunksjon:ho trur at=n gjorde det 'ho trur at han gjorde det'
    • Enklitisk pronomen:kjent=a=n? 'kjente ho han?'

Denne ulikskapen med suffiks er ein likskap med ord. I alle eksempla ovanfor kan enklitikonet 'n erstattast med eit ord, til dømes hesten:på hesten, ta hesten, tok du hesten?, stanga kua hesten?, ho trur at hesten gjorde det, kjent=a hesten?

Ulikskap med ord

Sjølv om enklitikon har om lag same lokaliseringsfridomen som ord, er det ikkje uvanleg at enklitikon står i andre posisjonar enn ord, sjølv med same syntaktiske funksjon. I norsk kan til dømes alle personlege pronomen vere enklitikon, og står då i ein annan posisjon enn substantiv — som =ho ogKari i setningane nedanfor. Dei står i ulik posisjon i høve tilikkje:

  • Kjem=ho ikke i morgon?
  • Kjem ikkje Kari i morgon?

Dersom ein legg vekt på pronomenet, er det ikkje lenger eit enklikon og står etter ikkje:

  • Kjem ikkje HO i morgon?

Mange enklitikon er «reduserte» former av sjølvstendige ord

Mange enklitikon kan reknast som «reduserte» former av sjølvstendige ord. Her er nokre eksempel frå norsk, engelsk og fransk:

språksjølvstendig ordenklitikontydingeksempel
norskikkje=kje'ikkje'Det er=kje greitt
norskhan=n'han'Ta=n! 'Ta han!'
norskho / hu=a'ho, henne'Ikkje slå=a! 'Ikkje slå ho!'
engelsknot=n't'ikkje'She has=n't come 'Ho har kje kome'
engelskis=s'er'He=s my friend 'Han er venen min'
engelskam=m'er'I=m hungry 'Eg er svolten'
engelskhave=ve'har'I=ve seen her 'Eg har sett ho'
engelskhad=d'hadde'She=d read the book 'Ho hadde lese boka'
engelskwould=d'ville'I=d like some tea'Eg ville gjerne ha litt te'

Den norske genitiv-s-en er eit enklitikon

Den norske genitiv-s-en i til dømeskongens båt kan sjå ut som eit suffiks, ikkje minst fordi vi skriv han som ein del av føregåande ord. Døma nedanfor viser at han ikkje er eit suffiks på substantivet, men har ein stor lokaliseringsfridom og står sist i ein nomenfrase – her markert med [ … ]:

  • Etter substantiv: [kongen]=s båt
  • Etter adjektiv: [Eirik Raude]=s båt
  • Etter verb: [Ånden som går]=s båt
  • Etter enklitisk determinativ: [systera=mi]=s båt

Den engelske genitiv-s-en oppfører seg på same måten som den norske, jamfør til dømesthe king=s boat 'kongens båt' ogthe king of England=s boat 'kongen av Englands båt'.

Enklitikon i serbokroatisk

Serbokroatisk, i dag ofte omtala somserbisk-kroatisk-bosnisk-montenegrinsk, har såkalla andreposisjons-enklitikon — enklitikon som står etter første ord eller første frase i ei setning. Det dreier seg om klitiskepronomen oghjelpeverb.

Den vanlegaste leddstillinga i serbokroatisk er SVO (subjekt—verbal—objekt), men enklitiske objektspronomen denne leddstillinga fordi dei alltid står rett etter første ord eller første frase. I døma nedanfor er dette illustrert med det enklitiske objektspronomenetga / га 'han, det'.

I det første dømet stårga / га etter den negative verbforma nisam / нисам 'eg er ikkje' (1sg etter verbet viser at det er bøygt i 1. person eintal):

nisam=gavideo
нисам=гавидео
ikkje-er1sg=hansett
'Eg har ikkje sett han'

Dersom setninga tek til med eit subjektspronomen, står det enklitiske objektspronomenet rett etter dette. Nektingsordetne= / не= er proklitisk:

ja=gane=vidim
ја=гане=видим
eg=hanikkje ser1sg
'Eg ser han ikkje'

Dersom subjektspronomenet ikkje er med, står det enklitiske objektspronomenet rett etter den negative verbforma.ga / га kan ikkje stå rett etter ne=, sidan det er eit proklitikon:

ne=vidim=ga
не=видим=га
ikkje ser1sg=han
'Eg ser han ikkje'

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
VILKÅR FOR GJENBRUK:
avgrensa gjenbruk
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Theil, Rolf:enklitikon - språkvitskap iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/enklitikon_-_spr%C3%A5kvitskap

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMorfologi

Rolf Theil
Professor em. i lingvistikk, mag.art., Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp