Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

driftsbalansen

Skriven av

Driftsbalansen overfor utlandet er summen av vare- og tenestebalansen ogrente- ogstønadsbalansen i eit landsutanriksrekneskap.

Faktaboks

Også kjend som
netto finansinvestering

Her er vare- og tenestebalansen definert someksport minusimport medan rente- og stønadsbalansen er dei nettofinansinntektene til landet.

Dersom eit land har større innbetalingar enn utbetalingar, vil det vise seg i form av overskot på driftsbalansen. Eit overskot på driftsbalansen kan plasserast på to måtar: vedutlån eller annan kapitalutgang eller ved å aukevalutareservane.

Tilsvarande må eit underskot på driftsbalansen dekkjast inn ved auka innlån eller ved å redusere valutareservane.

Noreg har i mange år sidan 1970-talet hatt store overskot på driftsbalansen overfor utlandet på grunn av store oljeinntekter.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Thomassen, Eivind:driftsbalansen iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/driftsbalansen

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forFinanspolitikk

Eivind Thomassen
Professor, Universitetet i Sørøst-Norge
Universitetet i Sørøst-Norge
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp