diminutiv (grammatikk)
Diminutiv er eiavleiing eller eisamansetning av eitord som viser til ei mindre form av det som det opphavlege ordet viser til.
Diminutiv er eit vanleg fenomen i språk over heile verda. som i desse eksempla på diminutiv avsubstantiv viser:
- tysk: Brot 'brød' — diminutivBrötchen 'lite brød'
- italiensk:libro 'bok' — diminutivlibretto 'lita bok, hefte'
- spansk:mujer 'kvinne' — diminutivmujercita 'lita kvinne'
- gresk:spíti (σπίτι) 'hus' — diminutivspitáki (σπιτάκι) 'lite hus'
- nordsamisk:johka 'elv' — diminutivjogaš 'lita elv'
- arabisk:miftāḥ (مِفْتَاح) 'nøkkel' — diminutivmufaytīḥ (مُفَيْتِيح) 'liten nøkkel'
- kabylisk:tuggi 'gryte' — diminutivtuggišt 'lita gryte'
- swahili:mbuzi 'geit' — diminutivkibuzi 'lita geit'
- burmesisk:ʔein (အိမ်) 'hus' — diminutivʔeinlè (အိမ်လေး) 'lite hus'
- cree:maskwa 'bjørn' — diminutivmaskwašiš 'liten bjørn'
- klassisknáhuatl:chichi 'hund' — diminutivchichitōn 'liten hund'
Inordiske språk har vi lite av diminutiv, bortsett frå samansetningar medsmå- for føreledd, somsmågutog småby.
Norrønt hadde eit diminutiv-suffiks-s, som vi truleg har ilefse 'slags ugjæra, mjukt bakverk som liknar på flatbrød, ofte med smør og til dømes sukker på', som då er diminutiv avleiv 'heil skive flatbrød, lefse eller vanleg brød' av norrønthleifr.
Diminutiv med ekstra tydingar
Ikkje sjeldan har diminutiv ei tyding i tillegg til 'liten', som i desse døma:
- italiensk:gatto 'katt' — diminutivgattino 'kattunge'
- spansk:bocado 'munnfull' — diminutivbocadillo 'smørbrød'
- swahili:mwiko 'spade' — diminutivkijiko 'skei'
- cree:nāpēw 'mann' — diminutivnāpēšiš 'gut'
Diminutiv i andre ordklassar
Alle eksempla ovanfor er diminutiv av substantiv, men det er ikkje uvanleg med diminutiv av bådeadjektiv ogadverb, som i desse spanske eksempla:
- gordo 'tjukk' — diminutivgordito 'småtjukk, lubben'
- cansado 'trøytt' — diminutivcansadito 'småtrøytt, litt trøytt'
- ahora 'no' — diminutivahorita 'nettopp no, straks'
- poco 'litt' — diminutivpoquito 'ganske lite, ubetydeleg'
Nordsamisk har òg diminutiv av adjektiv (særleg avkomparativ) og adverb, og dessutan avverb:
- boarráseabbo 'eldre' — diminutivboarráseppoš 'litt eldre'
- nuorat 'yngre' — diminutivnuorabuš 'litt yngre'
- dábbelii 'nærmare hit' — diminutivdábbelažžii 'litt nærmare hit'
- borrat 'ete' — diminutivborastit 'ete litt, småete'
- čuožžut 'stå' — diminutivčuoččastit 'bli ståande ei lita stund'
Diminutiv som «kjæleform»
I mange språk kan diminutiven fungere som ei såkalla «kjæleform», som i desse spanske eksempla:
- Carmen (kvinnenamn) — diminutivCarmencita 'kjære (vesle) Carmen'
- Rodolfo (mannsnamn) — diminutivRodolfito 'kjære (vesle) Rodolfo'
Diminutiv i høve til andre tydingar
Diminutiv finst i mange språk attåt ein del andre tydingar, mellom anna desse:
- pejorativ (om noko dårleg), som italienskpoetastro 'dårleg diktar' (avpoeta 'diktar')
- augmentativ (om noko stort), som italienskragazzona 'stor jente' (avragazza 'jente')
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.