diglossi
Skriven av
- FørsteamanuensisRandi NetelandHøgskulen i Volda
Diglossi er det at to ulikespråk, eller forskjellige variantar av same språk, blir brukt på ulike område i same samfunn. I eit diglossisk samfunn vil det vere venta at folkkodevekslar mellom to (eller fleire) ulike språk i kvardagen sin.
Omgrepet diglossi brukast berre om dei tilfella der kodevekslinga føregår systematisk, på samfunnsnivå.
Diglossi er ganske vanleg i mange land. Iarabisktalande land bruker ein klassisk arabisk i religiøse samanhengar og i skulen, og moderne arabisk (altså ulike moderne arabiske talespråk) blir brukt elles i samfunnet. I mange europeiske land er det vanleg å bruke eit standardtalemål i formelle samanhengar (med framande, på skulen, i offentleg tale, på kontor, i telefonen) og ein lokaldialekt i uformelle samanhengar (til dømes med familie og vennar).
Språklegeminoritetar, for eksempelsamane i Noreg, vil ofte leve i ein diglossisk språksituasjon der minoritetsspråket blir brukt i familien og i nærmiljøet, medan majoritetsspråket blir brukt i situasjonar der ein kommuniserer med folk utanfor nærmiljøet.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.