Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

dativ

Skriven av

Dativ er igrammatikken einkasus som typisk blir brukt vedsetningsledd som viser til ein mottakar eller den handlinga skjer til fordel for — eventuelt til ulempe for.

Faktaboks

Uttale

dativ

Etymologi
avlatin(cāsus) datīvus, derdatīvus er avleitt frå verbetdare ‘å gje’

I språk med dativ blir denne kasusen brukt ved leddet som tilsvarermannen i desse norske setningane:

  • Mottakar: Ho gavmannen boka.
  • Den noko skjer til fordel for: Ho syntemannen boka.

Setningsleddet med dativ er ofte eitindirekte objekt.

Her er dei tilsvarandeislandske setningane, med dativformamanninumavsubstantivetmaður 'mann':

  • Hún gafmanninum bókina.
  • Hún sýndimanninum bókina

tysk finn vi dativformadem Mann i dei tilsvarande setningane:

  • Sie hatdem Mann das Buch gegeben.
  • Sie hatdem Mann das Buch gezeigt.

latin erhominī dativ avhomō 'mann':

  • Dedithominī librum. 'Ho/han (dedit) mannen (hominī) boka (librum)'
  • Ostendithominī librum. 'Ho/han synte (ostendit) mannen boka.

Dativ i påstadsuttrykk

I mange språk har dativ også andre bruksmåtar. Mellom anna blir dativ brukt ved påstadsuttrykk, mensakkusativ blir brukt ved tilstadsuttrykk, som i desse islandske setningane, derbílinn er akkusativ ogbílnum er dativ avbíll 'bil'. Bådebílinn ogbílnum står etter preposisjonení 'i':

  • Hún setti bókina íbílinni.'Ho la boka i bilen.'
  • Bókin er íbílnum. 'Boka er i bilen.'

Norsk har ikkje levande dativ, men likevel uttrykkjer vi oss slik:

  • Vi felli søvn.
  • Vi gåri søvne.

Dativ i norsk

Norskskriftspråk har ikkje dativ. Detnorrøne systemet med fire kasus (nominativ, akkusativ, dativ oggenitiv) har forsvunne, og funksjonane til kasusa er overtekne av leddstilling (rekkjefølgja på setningsledda) ogpreposisjonar.

Men ei ending-e, som opphavleg uttrykte dativ, finst i mange faste uttrykk på substantiv etter ein preposisjon:

  • i live
  • av garde
  • gå mann av huse
  • i tide, på tide
  • i hende
  • for fote, på fote

Dativ i norske dialektar

Dativ var den kasusen som overlevde lengst i norsk. Kasusa fall gradvis bort: først genitiv, så akkusativ, så dativ.

Dativ ved substantiv i bundeneintal ogfleirtal har vore eit karakteristisk drag ved nokrenorske dialektar fram til våre dagar, i området frå grensa motNordland gjennom det indre avTrøndelag tilNordhordland ogVoss og tilHallingdal,Toten,Hedmark ogSolør. I dag ser denne dativen ut til å vere på veg ut; dei fleste stader er han berre i bruk mellom eldre folk.

Desse setningane, her skrivne med tilnærma standardisert rettskriving, viser ein bruk av skiljet mellom dativ og nominativ som er vanleg i dei dialektane som har teke vare på dette kasusskiljet:

  • Han Ola går ned på vegen. (Ola går nedover mot vegen.)
  • Han Ola går nedpå vega. (Ola er nede på vegen og går bortover.)

Hankjønnsordetveg har mange stader suffikset-en i bunden nominativ eintal og suffikset-a i bunden dativ eintal. Nominativ blir brukt etter ein preposisjon for å uttrykkje rørsle mot eit mål, medan dativ blir nytta etter ein preposisjon for å uttrykkje at noko(n) er på ein stad.

For bunden dativ fleirtal er-omdet vanlegaste suffikset — jamførTwist oppi dalom, tittelen på ei plate som den kjende norske songarenSølvi Wang gav ut i 1962.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Theil, Rolf:dativ iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/dativ

Bidra

Kommentarar (3)

skreivTor-Ivar Krogsæter

Om eg ikkje tek feil, er «dāre» eit verb som tidleg blei utsett for jambeforkorting; det skal då vel vere «dare» med kort stammevokal i infinitiv, skal det ikkje?

svarteRolf Theil

Hei! Takk for denne interessant merknaden! Eg har tidlegare berre slege opp i «Latinsk ordbok» av Steinnes og Vandvik (Det Norske Samlaget 1965), som eg har i hylla mi, og der det står dāre, men eg skulle òg ha slege opp i «Latinsk grammatikk» av S. Eitrem (nynorsk utgåve), der dette verbet er nemnt i § 42, med infinitiven dăre, i motsetnad til td stāre. Det er òg kort a i «Collins Latin Gem Dictionary», som eg òg har i hylla. Eg har alt endra forma i faktaboksen! Beste helsing, Rolf Theil.

svarteTor-Ivar Krogsæter

Tusen takk for utførleg svar; det er so godt å «treffe» slike som tek tilbakemeldingar som over so profesjonelt. Eg må for øvrig få rose deg for å, som korrekt er, markere lange vokalar; alt for mange meiner at det ikkje er viktig – som om ikkje dobbelkonsonantar i norsk ikkje er viktige. Steinnes og Vandvik er ein favoritt hjå meg med.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMorfologi

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp