Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

bane (romteknikk)

Artikkelen finst i enkel versjon iLille norske

Skriven av

Banelementer
Illustrasjon av baneelementene som beskriver formen til en planetbane. Planeten følger en elliptisk bane rundt Solen (S).
Av.
Lisens:CC BY SA 3.0

Bane er uttrykket som vert brukt til å skildre rørsla til eit objekt rundt einhimmellekam. Objektet kan vere naturleg eller laga av menneske. Døme på dette ermånen si bane rundt jorda, einsatellitt i bane rundtJorda, eller eitromfartøy på veg gjennomrommet til andre mål.

Former på baner

Romfartøy har ulike baner avhengig av formålet med oppdraget til fartøyet. Forma til ei bane kan endrast anten ved bruk av eigen energi frå einrakettmotor, ved hjelp avstrålingstrykket til sola på eitsolsegl eller ved forbiflyging av andre objekt ved hjelp avgravitasjonshjelpmetoden.

Elliptisk bane

Ei omløpsbane som einsatellitt har rundt eit objekt som Jorda, kan skildrast som eielliptisk bane, der objektet satellitten går i bane rundt er plassert i det eine brennpunktet. Korleis bana ser ut, er definert av seks storleikar kallabaneelementa til satellitten.

Så lenge eit romfartøy ikkje vert påverka av ei ytre kraft, anten gjennom bruk av ein rakettmotor, påverknad av gravitasjonen frå andre objekt, eller oppbremsing i atmosfæra vil ei omløpsbane fylgjeKeplers lover.

Elliptiske baner klassifiserast ofte vidare, til dømes har vi:

  • ekvatorbane, der objektet bevegar seg over Jordas ekvator.
  • geostasjonær bane, der objektet er objektet til ei kvar tid ligg over det same punktet langs Jordas ekvator.
  • geosynkron bane, der objektet roterer i same retning som Jorda og har same omløpstid som Jordas rotasjonsperiode.
  • Hohmann-bane, som brukast når til dømes ein romsonde skal overførast mellom to ulike sirkelforma baner.
  • molnijabane, som brukast av enkelte satellittar som då kan ligge ein lang periode over ein jordstasjon.
  • polbane, der objektet passerer over polane til eit himmellekam.
  • solsynkron bane, der objektet passerer ein gitt breiddegrad til faste tider.

Sjå ògsatellittbane.

Parabelbane

Viss ein satellitt i ei elliptisk bane rundt Jorda aukar farten sin tilstrekkeleg i eller nær det lågaste punktet i banen, vilellipsa opne seg og bli til einparabel. Då kan ikkje gravitasjonsfeltet til Jorda halde på romfartøyet, og fartøyet vil forlate jordbana og fortsette ut i rommet. Den farten som skal til for å gå ut av bane på denne måten, vert kallaunnsleppingsfart.

Kosmiske hastigheiter

Det finst tre ulike typar hastigheiter som vert brukt til å skildre grensetilfella for objekt i baner. Namnet på uttrykka stammar frå russisk romterminologi.

Første kosmiske hastigheit

Dette er den lågaste farten eit romfartøy treng for å kunne gå i bane. For Jorda er dette omtrent 7,9 kilometer per sekund (km/s).

Andre kosmiske hastigheit

Farten eit fartøy treng for å forlate bane rundt eit objekt vert kallaunnsleppingsfarten. For Jorda er denne 11,2 km/s. For Månen er denne farten 2,4 km/s.

Tredje kosmiske hastigheit

Uttrykket «tredje kosmiske hastigheit» skildrar farten eit fartøy treng for å sleppe unna gravitasjonen tilSola og dermed forlatesolsystemet. Romfartøyet må då oppnå ein fart på omtrent 16,7 km/s.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Birkeland, Roger:bane - romteknikk iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/bane_-_romteknikk

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forSatellitter og baner

Roger Birkeland
Forskar, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
NTNU
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp