askorbinsyre


Askorbinsyre er einkjemisk forbindelse som blir brukt somtilsetjingsstoff i matvarer medkodenummer E 300. Stoffet blir kallavitamin C når ein tenkjer på effekten det har på menneskekroppen, men blir omtalt som askorbinsyre når ein tenkjer på eigenskapane til stoffet utanfor kroppen, til dømes at det aukar haldbarheita til matvarer.
Bruk
Askorbinsyre fungerer somantioksidant. Askorbinsyra blir sjølv oksidert når ho gir frå seghydrogen som blir bunde til frittoksygen, slik at andre kjemiske forbindelsar ikkje bliroksiderte. Denne effekten blir utnytta i matproduksjon for å hindre til dømesharskning av feitt og fargeforandring i syltetøy.
Stoffet er tillate til bruk i veldig mange tillaga matvarer, oftast i så store mengder som er naudsynt (quantum satis).
Mattryggleik
Askorbinsyre er det same som vitamin C, eit stoff som er naudsynt for kroppen. Får ein i seg meir enn det som trengs, vert stoffet skilt ut. Det er difor ingen risiko for skadeverknader i vanlege mengder.
Forekomst

Kjemi
Kjemisk sett er askorbinsyre eitmonosakkarid med sekskarbonatom som finst i fleireisomere former. Sjølv om askorbinsyre har «syre» i namnet, er det ikkje eikarboksylsyre. Bindingane ved karbonatom to og tre er svært ustabile og vekslar raskt mellom å binde berreoksygen (O) eller ei OH-gruppe (hydroksylgruppe).
Askorbinsyre er eitkvitt til svaktgult krystallinsk pulver som er lettløyseleg ivatn og svakt løyseleg ialkohol. Det gjer eisur løysing i vatn og er eit sterktreduksjonsmiddel, og vassløysningar vert lett oksiderte med oksygen fråluft.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer:
Faktaboks
- Kjemisk formel
- C6H8O6
- Systematisk namn
- L-3-keto-threo-hexuronic acid lactone, 3-keto-L-gulofuranolactone
- Engelsk namn
- ascorbic acid
- Tilstand
- fast stoff
- Smeltepunkt
- 190–192 °C
- E-nummer
- 300
- CAS-nummer
- 50-81-7
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar (2)
skreivStig Andersen
Ren Mat skriver: "Mye av det vanligste melet vi kjøper tilsettes askorbinsyre som bringer ut proteinpotensialet i deigen og gjør den lettere å bake med. Legger du om vanene og begynner med rent, økologisk mel uten tilsetning, vet du at du får et fullverdig mel med høyere næringsinnhold og brød som metter mer." (https://www.renmat.no/oppskrift/urbr%C3%B8d-fra-skog-bakerverksted) For meg som lekmann er noe som skurrer med påstanden om at askorbinsyre reduserer næringsinnholdet i brød som bakes med mel tilsatt askorbinsyre når effekten av askorbinsyre er at den hemmer oksidering. Kan det likevel stemme at askorbinsyre reduserer næringsinnholdet i mel?
svarteEinar Skarstad Egeland
Askorbinsyre er et konserveringsmiddel, og som du skriver hemmer askorbinsyre oksidering, dvs. nedbrytning av stoffene i melet. Så for meg høres påstanden helt feil ut, at mel uten askorbinsyre har et høyere næringsinnhold og metter mer.
Jeg kjenner ikke til forskning som kan bekrefte eller avkrefte påstanden, så jeg kan ikke gi deg et 100 % sikkert svar, dessverre.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.