abiotiske faktorar

Abiotiske faktorar er dei delane av eitøkosystem som ikkje er levandeorganismar. Desse faktorane blir difor òg kalla ikkje-levande faktorar. Abiotisk står i motsetning tilbiotisk, det som er eller har vore levande.
Abiotiske faktorar er kjemiske og fysiske forhold som
Abiotiske faktorar kan delast opp i minst tre typar:
- Fysiske habitatforhold,for eksempel temperatur, lystilgang,substrat (fast fjell eller lausmassar) eller vassgjennomstrøyming (elv).
- Kjemiske vilkår, for eksempelpH og oksygen.
- Ressursar, for eksempel tilgangen på vatn, mengda av næringsstoff somnitrogen ogfosfor. Ressursar skil seg frå fysiske vilkår ved at dei blir forbrukte av organismane og blir reduserte dersom mange organismar bruker av dei.
Artsmangfaldet ogpopulasjonsstorleikane i eit økosystem blir i stor grad påverka og avgrensa av dei abiotiske faktorane som finst der. Ulikeartar har ulike krav til kva dei treng for å trivast. Abiotiske faktorar kan vere anten klimatiske, geologiske, kjemiske eller fysiske.
Døme på klimatiske faktorar i eit økosystem er nedbørsmengd og temperatur.Vegetasjonen i einregnskog er avhengig av mykjeregn, medan organismar i einørken er tilpassa minimalt med nedbør. Polare dyr toler ekstremkulde, medan tropiske insekt treng høgare temperaturar.Årstider og sesongar er òg avgjerande for kva slags artar som kan overleve i eit økosystem.Vind er ein annan klimatisk faktor.
I tillegg til tilgangen påvatn, verkar kvaliteten på vatnet inn på økosystemet. Oksygeninnhaldet og surleiksgraden (pH) har mykje å seie for kva for organismar som kan trivast. Mangefiskar vil til dømes døy i ei oksygenfattigtjørn, medananaerobebakteriar greier seg utan oksygen.
I økosystem på land erjordsmonnet ein viktig abiotisk faktor. Korleisjorda er samansett, surleiksgraden og tilgjengelege mineral og næringsstoff er avgjerande for dei biotiske delane av økosystemet. Landskapet er òg med på å påverke økosystemet. Ei steinur, eislette og eitkupert terreng dannar gunstige levevilkår for ulike artar, og dessutan kan det påverke abiotiske faktorar som vindforhold og tilgang på vatn ogsollys.
Tilgangen på sollys er særleg viktig forfotosyntetiserande organismar somplantar ogblågrønalgar.
Dersom éin av dei nødvendige abiotiske faktorane manglar eller ikkje er til stades i tilstrekkeleg omfang, har det avgjerande innverknad på økosystemet sjølv om resten av faktorane er til stades.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forØkologi
