Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon
Bronsetigre fra Zhou-dynastiet
Bronsetigre fra Zhou-dynastiet. Av.Falle i det fri (Public domain)

Zhou-dynastiet

Skriven av

Kina, Zhou-kongen Wuti

Under Zhou-dynastiet foregikk en overgang fra slavesamfunn til føydalsamfunn. Zhou-herskerne, som kaltes konger, gav sine klanledere og allierte stammeledere len, mot at de ble vasaller under kongen og støttet ham militært, slik vi kjenner det fra Europa mer enn tusen år senere. Bildet viser Zhou-kongen Wuti, som levde på 500-tallet f.Kr. Maleri av Yen Li-pen. Museum of Fine Arts, Boston.

Av/KF-arkiv ※.

Zhou var ei kinesisk kongeslekt og ein periode iKinas historie frå 1046 til 256fvt. Det var ein formativ periode for kinesisk sivilisasjon. Tidsmessig blir han gjerne delt inn i det vestlege (1046–771fvt.) og austlege Zhou (771–256 fvt.).

Faktaboks

Også kjend som

Zhōu cháo 周朝

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Kina

Etablering

Bronsedyr frå Shanxi

Ca 500 fvt. Bronsedyr, truleg tapir.

Av.
Lisens: Gnu FDL

Zhou-dynastiet vart etablert i 1046 fvt. då Zhou-klanen sigra overShang-dynastiet (ca. 1600–1046) i slaget ved Muye. Zhou hadde halde til langs Wei-elva, ei bielv tilGuleelva, og hadde truleg vorevasallar under Shang-dynastiet.Etnisiteten og språket deira er omstridd, men dei var truleg i slekt med både kinesarar og såkallarong som heldt til vest for territoriet til Shang.

Administrasjon

Etter sigeren over Shang delte Zhou-herskarane Shang-territoriet og nyerobra område opp i len og delte dei ut til familie og viktige allierte; storkongen (wáng 王) gav forholdsvis store og fast avgrensa område somlensrike til dei fornemsteklanane, som gjennom arvefølgje beheldt og administrerte dei. Det vart innført eit detaljerthierarki, der rikshovudstaden, omgitt av kron-lenet, vart lagt i nærleiken av noverandeXi'an.

Kinesisk kultur gjorde seg for første gong verkeleg gjeldande også i områda omkringYangtze-elva, som då var dominert av ikkje-kinesiske folkeslag. Fleire rike i sør, mellom dei Chu, vart langsamt trekt inn i den kinesiske kulturkrinsen.

Adelen kravde inn skattarin natura. Ein del gjekk vidare til det kongelege hoffet somtributt. Kongen var omgitt av eit veksandeembetsverk, med forvaltningsorgan for fellessaker som krigføring, offentlege arbeid, kult,justis og så vidare. Som innehavar av «mandatet frå himmelen» var kongen ein mellommann som skulle sikreharmonien mellom «himmelen sin veg» og «menneska sin veg».

Historie

Silkemaleri fra Zhou-tida

Etter eit par hundre år byrja Zhou-kongen å miste taket påvasallfyrstane, som styrkte stillinga si både økonomisk og militært. Funksjonane til kongen vart deretter meir og meir avgrensa til det reintsakrale.

Frå 771 fvt. utøvde fyrstane fullstendig kontroll over kongen, og systemet utgjorde nærast einkonføderasjon av statar med einskapleg kultur. Hovudstadene til enkeltstatane vart sentrum for eit rikt og variert kulturliv. Aukande rivalisering mellom statane førte til lange krigar (400–200-talet, «dei krigande statanes tid»).

Zhou-hoffet hadde i namnet herredømme fram til 300-talet, då fleire av hertugane byrja å kalle seg kongar. Zhou-hoffet eksisterte heilt fram til 256 fvt., då Zhous direktestyrte len vart invadert av eit av desse kongedømma og den siste Zhou-kongen drepen. Dette kongedømmet varQin, som samlaKina og oppretta keisarriket i 221 fvt.

Kultur og næringsliv

Bronsekar frå vestlege Zhou
Bronsekar frå vestlege Zhou.
Av/Editor at Large.
Lisens:CC BY SA 3.0

Den siste delen av Zhou-dynastiet fall saman med Kinas første og kanskje største kulturblomstring, då Kinas klassiske litteratur vart til. Omvandrandefilosofar spelte ei rolle som rådgivarar for fyrstane, som samla skarar av disiplar om seg og skipa lærdomsskular som underviste idialektikk, statsmannskunst og ritualvesen. Av desse konkurrerande retningane vart denkonfutsianske av størst historisk betydning.

Austre Zhou vart ein ekstremt formativ periode for Kina. Jamvel dei kinesiske orda for eigen etnisitet og kultur stammar frå denne perioden. Den enorme utviklinga særleg innanfor idear blir gjerne tilskrive den politiske fragmenteringa. Viktige tenkjarar somKonfutse,Zhuangzi,Laozi, Mozi,Mengzi ogXunzi levde alle i denne perioden. Dei fleste hadde Kinas politiske kaos som utgangspunkt for filosofering.

Også i materiell kultur vart det gjort framsteg (jernet kom i bruk mot slutten av Zhou,kamelen ogeselet på 200-talet fvt.,plog trekt avoksar på 600-talet fvt.,matpinnar,lakk og betre skrivereiskapar). Samfunnsstrukturen vararistokratisk-oligarkisk med eit utprega skilje mellomadelen og folket. Storparten av befolkninga var landsbybønder som budde i hòler i løssjord (som til dels enno iShanxi) eller i hytter av stampa jord. Dei fekkbruksrett til jorda, som adelen åtte. Avlinga bestod avris,kveite,hirse,hamp,silke og så vidare. Til husdyra høyrde ogsåvassbøffelen, som var trekkdyr.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Sjøstedt, Gunnar; Allkunne:Zhou-dynastiet iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Zhou-dynastiet

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forKinas eldre historie

Ivo Spira
Lingvist og språkforsker

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp