Vinstre
Faktaboks
Vinstre
Vinstri, Vinstervatn
- Region
- Innlandet
- Kommune
- Øystre Slidre
- Vassdrag
Glommavassdraget
- Viktigaste tilløp
- Vinsteråne
- Viktigaste utløp
- Vinstra
- Areal
- 27,8 km2
- Høgd over havet
- 1032
- Reguleringshøgd
- 1028–1032
- Djupn
- 37
- Magasinvolum
- 102 mill. m3
Vinstre er eit fjellvatn iVinstravassdraget,Øystre Slidre kommune,Innlandet. Vatnet har tilløp fråBygdin og avløp ved elva Vinstra mot nordaust til Sandvatnet, Kaldfjorden og Øyvatnet som er oppdemt til ein sjø, vidare til Hersjø og Olstappen og derifrå vidare til Gudbrandsdalslågen.
Vinstre vart regulert i samband med anlegget avØvre Vinstra kraftverk. Det er atskilligseterdrift langs vatnet. På nordsida ligg Haugeseter fjellstue vedJotunheimvegen (Vinstra-Bygdin).
Kart

Les meir i Store norske leksikon
- Vinstre. Lykkjestølane ved vestre enden av vatnet.
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Fagkonsulent for artikkelen:
- Asbjørn Vinjar
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007):Vinstre iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Vinstre
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.