Faktaboks
- Administrasjonssenter
- Fiskå
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Innbyggjartal
- 3 026 (2024)
- Landareal
- 365 km²
- Høgaste fjell
- Blæja (1143 moh.)
- Innbyggjarnamn
- vanylving
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 1511



Utsyn over bygda Åheim med Vanylvsfjorden bak. Dei raude bygningane ved sjøen høyrer til den største bedrifta i kommunen, Sibelco Nordic. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.
Vanylven er einkommune lengst sørvest iMøre og Romsdal fylke, rett aust forStadlandet. Kommunen omfattar landet mellom Rovdefjorden i nord og fylkesgrensa motVestland fylke i sør og strekkjer seg austover til vasskiljet mellom Syvdefjorden og Dalsfjorden.
Vanylven blei oppretta som kommune i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen bleiSyvde i 1918 utskilt som eigen kommune. I 1964 blei Syvde, som då hadde 1458 innbyggjarar, slått saman med Vanylven igjen, samtidig som den dåverande kommunenRovde sin fastlandsdel (436 innbyggjarar) blei lagt til Vanylven. Dei noverande grensene sine fekk kommunen i 2002, då Åram krins ytst på halvøya mellomVanylvsfjorden og Syltefjorden blei overført fråSande til Vanylven.
Vanylven grensar tilVolda i aust ogStad i Vestland fylke i sør og sørvest. I vest går kommunegrensa mot Stad i Vanylvsfjorden. I Haugsfjorden i nordvest grensar Vanylven mot Sande, likeins i nord i Hallefjorden/Rovdefjorden. I Rovdefjorden lengst nordaust grensar Vanylven motHerøy (sjåRovde).
Natur
Berggrunnen i heile kommunen består av ulike typargneis av grunnfjellsalder som seinare stadvis er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjåden kaledonske orogenesen). I eit område innanfor Åheim sørvest i kommunen er det blottlagt olivinstein (sjådunitt), ein djupbergart som er trengd gjennom gneisen i området. Førekomstane har gitt grunnlag for ei stor bergverksverksemd.
Det meste av landskapet består av avrunda, skogberre fjell med toppar som når over 900 meter over havet i grensetraktene mot kommunane Volda og Stad i aust og søraust. Høgast når Blæja (1142 meter over havet) på grensa til Volda. To tredelar av kommunearealet ligg meir enn 300 meter over havet. Lågare land ligg langs strendene og i nedre delar av dei stort sett tronge dalføra.
Busetjing
Folketal
tidspunkt | |
---|---|
1951 | 2022 |
1952 | 2030 |
1953 | 2028 |
1954 | 2008 |
1955 | 2015 |
1956 | 1985 |
1957 | 1979 |
1958 | 1970 |
1959 | 2000 |
1960 | 1985 |
1961 | 1985 |
1962 | 2000 |
1963 | 1989 |
1964 | 3897 |
1965 | 3901 |
1966 | 3908 |
1967 | 3893 |
1968 | 3860 |
1969 | 3895 |
1970 | 3864 |
1971 | 3869 |
1972 | 3857 |
1973 | 3890 |
1974 | 3849 |
1975 | 3851 |
1976 | 3900 |
1977 | 3891 |
1978 | 3910 |
1979 | 3920 |
1980 | 3954 |
1981 | 3956 |
1982 | 3914 |
1983 | 3936 |
1984 | 3945 |
1985 | 3961 |
1986 | 3939 |
1987 | 3909 |
1988 | 3887 |
1989 | 3908 |
1990 | 3924 |
1991 | 3937 |
1992 | 3887 |
1993 | 3866 |
1994 | 3816 |
1995 | 3785 |
1996 | 3736 |
1997 | 3704 |
1998 | 3637 |
1999 | 3607 |
2000 | 3584 |
2001 | 3532 |
2002 | 3899 |
2003 | 3820 |
2004 | 3754 |
2005 | 3693 |
2006 | 3589 |
2007 | 3536 |
2008 | 3530 |
2009 | 3494 |
2010 | 3471 |
2011 | 3417 |
2012 | 3388 |
2013 | 3336 |
2014 | 3302 |
2015 | 3258 |
2016 | 3256 |
2017 | 3203 |
2018 | 3187 |
2019 | 3163 |
2020 | 3117 |
2021 | 3083 |
2022 | 3045 |
2023 | 3013 |
2024 | 3026 |
Det er relativt jamn busetjing langs strendene og i dalføra med noko tettare konsentrasjon i og omkring kommunesenteretFiskå. Fiskå ligg på nordsida av Syltefjorden, ein kort arm avVanylvsfjorden. Det er tettare busetjing også på Åheim på austsida av Vanylvsfjordens indre del og i og omkring Syvde inst i Syvdefjorden.
Folkemengda var relativt stabil fråandre verdskrigen og fram til rundt 1990, men har sidan stort sett vist nedgang. I tiårsperioden 2010–2020 var nedgangen gjennomsnittleg 1,1 prosent årleg mot ein vekst på 0,9 prosent forSunnmøreog 0,6 prosent for fylket samla sett (etter dagens grenser). Blant kommunane i fylket hadde Vanylven svakast befolkningsutvikling i denne perioden.
Det er éintettstad i kommunen (ifylgjeStatistisk sentralbyrås definisjon):Fiskå med 487 innbyggjarar (2023). 16 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,7km².

Næringsliv
Jordbruk står relativt sterkt i Vanylven sjølv om bruka er forholdsvis små.Primærnæringane utgjer tolv prosent av arbeidsplassane til kommunen (2020). Husdyrhald dominerer, særleg storfe, sau og høns. Jordbruket blir til ein viss grad kombinert med arbeid ifiske eller andre næringar.
Industrien utgjer 12 prosent av arbeidsplassane i Vanylven, 19 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning / renovasjon (2019). Innan industrien dominererbergverksdrift – rundt to tredelar er sysselsette denne i næringa (2019). I denne bransjen finst den største bedrifta i kommunen,Sibelco Nordic AS (tidlegareA/S Olivin), som driv produksjon avolivin og har utskipingshamn på Åheim. Andre bransjar av betydning (med andelen av industrisysselsetjinga i 2019 i parentes): næringsmiddelindustri (14 prosent), trelast-/trevareindustri inkludert møbelindustri (9 prosent) og gummi-, plast- eller mineralsk industri (betongvareproduksjon; 4 prosent).
Av arbeidstakarar som er busette i Vanylven, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen. To prosent arbeider iÅlesund, fire prosent iUlstein/Hareid, tre prosent både iSande/Herøy ogØrsta/Volda og seks prosent i kommunane iNordfjord (2019).
Vanylven er kommunen med åttande størstvasskraftproduksjon iMøre og Romsdal, og er ein middels storkraftkommune på landsbasis. Dei 13vasskraftverka i kommunen produserer til saman 102gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Sørbrandal (i drift fra 1951), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Vedeld (2003) og Røfsdalselva (2019).Tussa Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar erSmåkraft Green Bond 2 med om lag ein femtedel.
I Vanylven (på Fiskå) kjem avisaSynste Møre ut.
Samferdsel
Fylkesveg 61 er hovudvegsambandet både nord- og sørover frå Vanylven. Sørover fører han til riksveg 15 påBryggja i Stad kommune i Vestland fylke, og nordover fører han tilÅlesund viaGurskøya (med ferjesambandet Koparneset–Årvika).
Fylkesveg 652 fører frå fylkesveg 61 på Eidså rundt Syvdefjorden og via Rovde rundt halvøya mellom Syvdefjorden ogVoldsfjorden til Lauvstad, som har ferjesamband tilVolda på E39. Frå Fiskå ved Vanylvsfjorden i vest fører fylkesveg 5852 nordover og rundt halvøya mellom Vanylvsfjorden og Hallefjorden til Koparneset på fylkesveg 61.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Vanylven høyrer til Møre og Romsdalpolitidistrikt,Møre og Romsdal tingrett ogFrostating lagmannsrett.
Kommunen er med iregionrådetSunnmøre regionsråd saman medFjord,Giske,Hareid,Herøy,Sande,Stranda,Sula,Sykkylven,Ulstein,Vestnes,Volda,Ørsta ogÅlesund.
Vanylven kommune svarer til dei firesokna Rovde, Syvde, Vanylven og Åram i Søre Sunnmøreprosti (Møre bispedømme) iDen norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Vanylven til Søndmør fogderi (futedøme) iRomsdals amt.
Delområde og grunnkrinsar i Vanylven
For statistiske formål er Vanylven kommune (per 2021) delt inn i tredelområde med til saman 20grunnkrinsar:
- Vanylven: Nordstranda, Fiskå, Eide, Tunheim, Sylte, Slagnes, Åheim, Thue, Gusdal
- Syvde: Øyra, Eidså, Løset, Myklebust, Vik, Nordal, Skår – Eikrem, Rovde, Sundnes
- Åram: Sørbrandal, Hakallestranda
Namn og kommunevåpen
Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein nedovervend, sølvfarga spiss danna ved bogelinjer mot ein grøn bakgrunn, som viser til Vanylvsfjorden.
Namnet kjem av norrøntVaniflir, det opphavleg fjordnamnet. Førsteleddet er av uviss tyding. Førsteleddet kan ha samanheng med norrøntvaðr,vannr, ‘mørkt‘, ‘fargelaust', 'bleikt' og kan i så fall sikte til olivinførekomstane som til dels ligg oppe i dagen. Sisteleddetiflir kan komme av eit eldreviflir, som betyr ‘lågt, fuktig lende'.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Bygdebok for Vanylven, 1957–1981, 3. bind av 4
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.