
Vågå
Faktaboks
- Administrasjonssenter
- Vågåmo
- Fylke
- Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
- Innbyggjartal
- 3 531 (2024)
- Landareal
- 1 252 km²
- Høgaste fjell
- Surtningssue (2368 moh.)
- Innbyggjarnamn
- vagvær
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 3435 (frå 01.01.2020, tidlegare 0515)


Vågå kommune i Innlandet fylke.

Vågå. Administrasjonssenteret Vågåmo med Ottaelva. Utsikt austover. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.
Vågå er ein kommune iInnlandet fylke, iNord-Gudbrandsdal, omkringOttas nedre dalføre, mellomSel ogLom. I sør høyrer den øvre delen avSjodalen til Vågå.
I 1908 vartHeidal og Sel skilde ut som eigne kommunar. I 1965 vart eit mindre område overført til Sel.
Natur
Berggrunnen høyrer i hovudsak tilJotunheimens skyvedekke, men i hovuddalen, og i Sjodalen er detfyllitt frå dei underliggandekambrosiluriske avsetningane. Store delar avJotunheimen høyrer til Vågå, som er ei typisk fjellbygd med meir enn tre firedelar av arealet høgare enn 900 meter over havet. På nordsida av elvaOtta går fjella opp i 1500–1600 meter over havet på grensa motDovre ogLesja, i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 meter over havet, høgast erSurtningssue (2368 meter over havet) på nordsida avGjende ogStore Knutsholstinden (2341 meter over havet) på sørsida av Gjende. Surtningssue er den sjuande høgaste toppen i Noreg, mens Knutsholstinden ligg på 13. plass. Den austlege delen avJotunheimen nasjonalpark ligg i Vågå. I alt er 28 prosent av kommunens areal verna etternaturmangfoldlova.
Bergfrue (lokalt namnvianvang) er kommuneblom for Vågå kommune. Han trivst i store delar av kommunen, og veks opp til 1500 meter over havet.
Klima
Vågå har eitkontinentalt klima med kalde vintrar og varme somrar. På Vågåmo er årsmiddeltemperaturen 3,5°C, med månadsmiddel -7,0 °C for januar og 15,0 °C for juli. Vågå ligg iregnskuggen av fjella i vest, og får lite nedbør. Vågåmo får 389 mm i året, med april som tørraste og juli som mest nedbørrike månad.
Befolkning og busetnad
Folketal
tidspunkt | |
---|---|
1951 | 3950 |
1952 | 3952 |
1953 | 4013 |
1954 | 4059 |
1955 | 4072 |
1956 | 4034 |
1957 | 3997 |
1958 | 3978 |
1959 | 3956 |
1960 | 3956 |
1961 | 4062 |
1962 | 4075 |
1963 | 4093 |
1964 | 4099 |
1965 | 4041 |
1966 | 4024 |
1967 | 4056 |
1968 | 4028 |
1969 | 4071 |
1970 | 4013 |
1971 | 3987 |
1972 | 4011 |
1973 | 4039 |
1974 | 4048 |
1975 | 4091 |
1976 | 4069 |
1977 | 4056 |
1978 | 4046 |
1979 | 4052 |
1980 | 4058 |
1981 | 4061 |
1982 | 4102 |
1983 | 4151 |
1984 | 4154 |
1985 | 4135 |
1986 | 4101 |
1987 | 4048 |
1988 | 4047 |
1989 | 4009 |
1990 | 3974 |
1991 | 3945 |
1992 | 3915 |
1993 | 3936 |
1994 | 3924 |
1995 | 3907 |
1996 | 3918 |
1997 | 3888 |
1998 | 3868 |
1999 | 3836 |
2000 | 3818 |
2001 | 3833 |
2002 | 3813 |
2003 | 3801 |
2004 | 3800 |
2005 | 3773 |
2006 | 3766 |
2007 | 3724 |
2008 | 3717 |
2009 | 3707 |
2010 | 3722 |
2011 | 3718 |
2012 | 3739 |
2013 | 3716 |
2014 | 3686 |
2015 | 3675 |
2016 | 3664 |
2017 | 3640 |
2018 | 3638 |
2019 | 3589 |
2020 | 3570 |
2021 | 3564 |
2022 | 3591 |
2023 | 3532 |
2024 | 3531 |
Det aller meste av busetnaden finst i hovuddalen, med tettstaden og administrasjonssenteretVågåmo og den mindre tettstadenLalm. Folketalet i kommunen heldt seg stabilt frå 1945 og fram til 1980-åra; deretter er folketallet gått noko attende. I tiårsbolken 2015-2024 gjekk folketalet tilbake med 3,9 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile fylket. I 2024 var 20 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 26 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).
Ifylgje definisjonen tilStatistisk sentralbyrå er det totettstader i Vågå. Tettstadene er til saman 2,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.
Næringsliv

Vågå er ein god jordbrukskommune. Gardane går opp i 800 meter over havet på den fruktbare jorda som er danna av fyllitten.Seterfjellet er framleis ein viktig produksjonsfaktor. Hovudprodukta i jordbruket er mjølk og kjøtt. Nedbøren er så låg nede i dalen at mange bruk er avhengige av vatning, noko som har lang tradisjon i Ottadalen. Industrien i Vågå baserer seg i hovudsak på lokale råstoff; sagbruk og høvleri, møbel- og verkstadindustri.
Vågå har middels storvasskraftproduksjon. Dei åttevasskraftverka i kommunen produserer til saman 362gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket erNedre Tessa 2 (i drift fra 1963), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk erØvre Tessa (1956) ogNedre Tessa 1 (1942).Eidefoss Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Samferdsel
Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tek ved Tessand riksveg 51 av sørover tilFagernes gjennom Sjodalen og overValdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går blant anna veg opp til den tidlegare TV/FM-sendaren på Blåhøe (1617 meter over havet) nordaust for Vågåmo og fråRandsverk oppVeodalen tilGlitterheim turisthytte.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Gjende med DNT si hytte Gjendesheim i forgrunnen.
Vågå høyrer til Innlandetpolitidistrikt,Vestre Innlandet tingrett ogEidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med iregionrådetNord-Gudbrandsdal regionrådsaman med Dovre, Lesja, Lom, Sel og Skjåk.
Vågå kommune svarar til soknet Vågå i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme).
Etter deling av Gudbrandsdalens fogderi i 1860 høyrde Vågå til Nordre Gudbrandsdalen fogderi iChristians Amt til 1909.
Delområde og grunnkrinsar i Vågå
For statistiske formål er Vågå kommune (per 2016) inndelt i todelområde med til saman 15grunnkrinsar:
- Vågåmo og omegn: Sjodalen, Synstlia/Randsverk, Tessand, Vistekleiven-Skottli, Nordherad, Skårvangen/Skogbygda, Vågåmo, Finntryu, Sveaholen
- Lalm og omegn: Holongsøy/Rusten, Lalm Solside, Lalm tettsted-Ottadalen Solside, Sjårdalen, Lalm Bakside, Ottadalen Bakside
Historikk og kultur

Vågå kyrkje er opphavleg eistavkyrkje oppført på 1100-talet, ombygd 1625–1630. Friluftsmuseet Jutulheimen syner handverk, reiskapar, treskjering og harJo Gjende-utstilling. På den gamle prestegarden Ullinsvin er det kunstutstillingar, historisk hageanlegg og ulike kulturarrangement. Her har ogsåGudbrandsdalsmusea sitt arkiv.
Turismen har fått ei stadig aukande betydning for Vågå. Både nede i dalen og i fjellet er det fleire turistverksemder, blant anna harDen Norske Turistforening fleire kjende hytter på fjellet.Knut Hamsuns fødestad er rekna å vere Skultbakken i Vågå. Ein statue av forfattaren laga av bilethoggarenSkule Waksvik blei reist på staden i 2009.Riksanlegg for hang- og paragliding ligg ved Vågåmo.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har på raud bakgrunn eit springande reinsdyr i gull på skrå oppover. Dette symbolisererPeer Gynt sitt bukkeritt overGjendineggen.
Kart

Les meir i Store norske leksikon

Den austre delen av Jotunheimen ligg i Vågå kommune. Traktene omkring Gjende og Besseggen er mykje besøkt.
Eksterne lenker
Litteratur
- Teigum, Ivar:Bygdebok for Vågå og Sel, 2001-2009, 4 bind.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.