
Tinn
Faktaboks
- Etymologi
Truleg eit opphavleg namn på Tinnsjå; ikkje sikkert tydd.
- Administrasjonssenter
- Rjukan
- Fylke
- Telemark
- Innbyggjartal
- 5 533 (2024)
- Landareal
- 1 848 km²
- Høgaste fjell
- Gaustatoppen (1883 moh.)
- Innbyggjarnamn
- tinndøl
- Målform
- nøytral
- Kommunenummer
- 4026 (frå 2024, tidl. 3818 og 0826)


Tinn. Utsikt over administrasjonssenteretRjukan.
Tinn er einkommune lengst nord iTelemark fylke. Kommunen omfattar dalane som munnar ut iTinnsjå, med skog- og fjelltraktene omkring. I aust og nord grensar Tinn motBuskerud. Vestgrensa er motVinje frå Møsvassdammen og nordover. Mot sør går grensa motSeljord,Hjartdal ogNotodden. Tinn omfattar den søraustre delen avHardangervidda.
I 1860 vart delar av Tinn slått saman med delar av Hjartdal til den nye kommunenGransherad.Hovin vart skilt ut som eigen kommune frå Gransherad i 1886, og i 1903 vart ein del av Tinn kommune ført over til Hovin. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964, då området aust for Tinnsjå i tidlegare Hovin kommune vart slått saman med Tinn kommune. Området vest for Tinnsjå, det vil seie Rudsgrend og Busnesgrend i tidlegare Hovin kommune, vart overført tilNotodden kommune.
Natur

Vestfjorddalen med Rjukan. Utsikt motGaustatoppen.
Dei største dalane ligg rundt nordenden av Tinnsjå. Tessungdalen medAustbygde, Gauset medMår, Gjøystdal med Gjøyst og Husvolldalen med Husvollåe.Vestfjorddalen medRjukan og elvaMåna munnar ut i Vestfjorden, ein vestgåande arm av sjøen. Tinnsjå og dalane er skore djupt ned i fjellmassivet, særleg rundt nordenden av sjøen, der bratte dalsider når opp i 1000 meter over havet.
Berggrunnen i heile Tinn er avgrunnfjellsalder, men det er store skilnader mellom Telemarksformasjonen sinekvartsittar ogporfyrar i den midtre og austre delen oggranittane i nord og vest.Topografien er prega av store høgdeforskjellar. Dei to mest markerte toppane,Gausta (1883 meter over havet) og Store Vart (Bletoppen) i søraust (1342 meter over havet) er av kvartsitt. Grunnfjellsområdet i nordvest utgjer den søraustre avslutninga av Hardangervidda og har ei vidde på 1100–1300 meter over havet med toppar opptil 1500 meter over havet.Barskoggrensa ligg cirka 900 meter over havet, og berre ein firedel av kommunearealet ligg under denne.
Hardangervidda nasjonalpark strekkjer seg så vidt inn i Tinn kommune vest for Mår. Tinn har elles to storelandskapsvernområde, eit på nordsida av dalen og eit på sørsida. I alt er 18 prosent av kommunens areal verna etternaturmangfoldlova.
Befolkning og busetjing
Folketal
tidspunkt | |
---|---|
1951 | 9068 |
1952 | 9054 |
1953 | 9080 |
1954 | 9147 |
1955 | 9220 |
1956 | 9300 |
1957 | 9468 |
1958 | 9568 |
1959 | 9568 |
1960 | 9614 |
1961 | 9631 |
1962 | 9573 |
1963 | 9577 |
1964 | 9910 |
1965 | 9718 |
1966 | 9438 |
1967 | 9121 |
1968 | 8937 |
1969 | 8758 |
1970 | 8534 |
1971 | 8358 |
1972 | 8110 |
1973 | 7935 |
1974 | 7815 |
1975 | 7790 |
1976 | 7669 |
1977 | 7639 |
1978 | 7674 |
1979 | 7570 |
1980 | 7480 |
1981 | 7496 |
1982 | 7432 |
1983 | 7345 |
1984 | 7357 |
1985 | 7270 |
1986 | 7201 |
1987 | 7106 |
1988 | 7089 |
1989 | 6961 |
1990 | 6876 |
1991 | 6863 |
1992 | 6876 |
1993 | 6818 |
1994 | 6804 |
1995 | 6781 |
1996 | 6774 |
1997 | 6655 |
1998 | 6565 |
1999 | 6538 |
2000 | 6560 |
2001 | 6560 |
2002 | 6490 |
2003 | 6354 |
2004 | 6420 |
2005 | 6380 |
2006 | 6247 |
2007 | 6120 |
2008 | 6066 |
2009 | 6010 |
2010 | 6022 |
2011 | 6037 |
2012 | 5982 |
2013 | 5973 |
2014 | 5957 |
2015 | 5913 |
2016 | 5940 |
2017 | 5894 |
2018 | 5856 |
2019 | 5780 |
2020 | 5691 |
2021 | 5604 |
2022 | 5512 |
2023 | 5546 |
2024 | 5533 |
Mot slutten av 1800-talet var dei tradisjonelle næringane i Tinn i stagnasjon, og folketalet minka. Den samansette og storslåtte naturen gjorde likevel Tinn tidleg til eit populært turistområde. Ved byrjinga av 1900-talet, med utbygging avRjukanfossen, vart Tinn ein industrikommune. I 1900 budde det 3200 personar i kommunen, medan talet i 1920 hadde auka til 12 200 på grunn av anleggs- og industriverksemda. Folketalet har sidan hatt ujamn utvikling i takt med utviklinga i industrien på Rjukan. Ei nedbygging og utflytting av denkjemiske industrien tok til i 1960-åra, følgd av utflytting og eit dramatisk fall i folketalet. I seinare år har nedgangen bremsa noko opp. I perioden 2015–2024 gjekk likevel folketalet ned med 6,4 prosent – den største nedgangen blant telemarkskommunane i denne tidbolken. I 2024 var 18 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 27 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).
Det meste av busetjinga finst i og nær administrasjonssenteretRjukan, elles rundt tettstadeneMiland lenger ned i Vestfjorddalen ogAustbygde i nordenden av Tinnsjå.
Ifylgje definisjonen tilStatistisk sentralbyrå er det tretettstader i Tinn. Tettstadene er til saman 3,4 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.
Næringsliv

Norsk Hydro vart grunnlagt i 1905, og sette i gang gjødselfabrikkar påNotodden ogRjukan. Kraftstasjonen på Vemork (biletet) ruva lenge som Noregs største vasskraftanlegg.


I kommunen blir det drive ein del jord- og skogbruk. Jordbruksarealet var i 2023 på 11 700 dekar, med heller små driftseiningar.Avverkinga i skogen i 2022 utgjorde 54 374 kubikkmeter (m³), og gir grunnlag for noko trevareindustri.
Tinn kommune har dei siste 100 åra utvikla seg frå eit avstengt bygdesamfunn til ein tradisjonsrik og moderne industrikommune med Rjukan by som senter. Dette kjem særleg av kraftutbygginga ogNorsk Hydros verksemd.
Heile kommunen har tradisjonelt vore avhengig av arbeidsplassane i industrien på Rjukan. I 1960-åra overførteNorsk Hydro ein aukande del av verksemda si tilPorsgrunn. Industrien blir i dag prega av kjemisk industri og verkstadindustri. Det er òg mange sysselsette i produksjon av metall, grafiske produkt og næringsmiddel.
Turismen er i sterk vekst i Tinn, dels basert på Rjukans viktige industri- og krigsminne, dels på fjellområda. I seinare år er store område lagt ut til hyttebygging, og Tinn har utvikla seg til ein stor hyttekommune med 3600 hytter og fritidsbustader (2024). I perioden 2006–2024 auka talet på hytter med 45 prosent. I lia på nordsida av Måne ved Rjukanfossen ligg gardenKrokan, som erDNTs eldste turisthytte, opna året etter stiftinga i 1868. Den gamle ferdselsvegenMaristigen går forbi garden.
Tinn er kommunen med tredje størstvasskraftproduksjon i Noreg, og den største iTelemark. Dei tolvvasskraftverka i kommunen produserer til saman 4235gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket erVemork (i drift fra 1971), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk erMår (1948) ogSåheim (1915).Hydro Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar erStatkraft Energi med om lag ein fjerdedel.
Rjukan Arbeiderblad kjem ut fem dagar i veka og hadde i 2022 eit opplag på 2468.
Samferdsel
Fylkesveg 37 går fråKongsberg viaGransherad på vestsida av Tinnsjå opp Vestfjorddalen gjennom Rjukan tilRauland ogVinje, der han møter E134. Fylkesveg 364 går frå Ormemyr på fylkesveg 37 aust og nord for Tinnsjå gjennom Hovin, Tinn Austbygd og Atrå til Mæl på fylkesveg 37. Sommarvegar over fjellet gjennomTuddal tilSauland og frå Austbygde over høvesvis Imingfjell tilUvdal og Vegglifjell tilVeggli, dei to sistnemnde iNumedal.
Historikk og kultur


Thomas Fearneleys måleri syner draktskikken i Tinn slik han var i fyrste helvta av 1800-talet. Kvinnedraktene på biletet syner den same draktskikken som ei bevart bruredrakt frå 1853, som er omtala i artikkelen.
Norsk Industriarbeidermuseum påVemork er eit spesialmuseum forvasskraft og elektrokjemisk industri i Noreg. Det viser arbeids- og levevilkår i 1930-åra, og dessutantungtvassaksjonen underandre verdskrigen, som viser til ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane som Vemork kraftstasjon var utsett for. I 1943 sprengde norske motstandsfolk Vemork for å stoppe den tyske produksjonen av tungtvatn, som vart brukt i utviklinga avatomvåpen. Til museet høyrer òg den gamle kraftstasjonen medrøyrgate i dagen. Vemork var i 1911 eit av dei største kraftverka i verda. Industriarbeidermuseet inngår i verdsarvsenteretRjukan-Notodden industriarv.
Gaustatoppen, som ein kan nå anten til fots eller ved å tataubana Gaustabana inne i fjellet, har den vidaste utsikta i landet. Frå den tronge Vestfjorddalen går Krossobana, den første taubana i Europa, opp til 886 meter over havet, eit utgangspunkt for turar innover Hardangervidda. Gaustablikk Høyfjellshotell, som i 1970 starta som ei lita fjellstove, består i dag av hotell, leilegheiter, hytter og eit komplett skisenter. Lengst nordvest når kommunen inn tilHardangervidda nasjonalpark. Dal kyrkje på Dale frå 1775 vart ombygd i 1842 og sist restaurert i 1960–1962 under leiing avStephan Tschudi-Madsen. Rjukan kyrkje er ei steinkyrkje frå 1915.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Tinn høyrer til Sør-Østpolitidistrikt,Telemark tingrett ogAgder lagmannsrett.
Kommunen er med iregionrådetKongsbergregionen saman medFlesberg,Hjartdal,Kongsberg,Nore og Uvdal,Notodden,Rollag ogSigdal.
Tinn kommune svarar til dei tosokna Tinn og Rjukan i Øvre Telemarkprosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Tinn til Øvre Telemarken fogderi iBratsberg amt.
Delområde og grunnkrinsar i Tinn
For statistiske formål er Tinn kommune (per 2016) delt inn i tredelområde med til saman 37grunnkrinsar:
- Hovin/Austbygde/Tessungdalen:Øverbakke-Urdalen, Fosso, Bergli, Oppbygdi, Heia, Austbygde, Haukås, Lurås, Tessungdalen, Sandsetdalen
- Atrå/Miland/Mæl: Marum, Gauset, Gjøystdal, Ullern, Miland øst, Miland vest, Rollag, Kalhovd
- Rjukan: Haddeland, Dale, Tverrgrot, Bjørkhaug, Tveito, Ingolfsland, Rjukan kirke, Bøen-nordre, Bøen-søndre, Sølvolden-Krosso, Svadde, Mæland-Såheim, Veset, Våer, Gvepseborg, Svineroi, Gausdalen, Frøystul, Hjerdalen
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1994) har fem blå dropar, tre mot to, mot ein sølv bakgrunn. Dette symboliserer vasskraft.
Kart

Les meir i Store norske leksikon

Tinn kommune i Telemark fylke.
Eksterne lenker
Litteratur
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.