Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon
Førde gravplass i Sveio kommune
Førde gravplass i Sveio kommune. Av/Wikimedia Commons.CC BY 4.0

Sveio

Skriven av

Faktaboks

Administrasjonssenter
Sveio
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
5 742 (2024)
Landareal
224 km²
Høgaste fjell
Trollevassnibba (432 moh.)
Innbyggjarnamn
sveibu
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4612 (frå 01.01.2020, tidlegare 1216)

Kommunevåpenet til Sveio kommune har ei kløyvd lilje i sølv mot ein raud bakgrunn.

Kart: Sveio kommune i Vestland
Sveio kommune i Vestland fylke.
Kart: Sveio kommune i Vestland
Av.
Lisens:CC BY NC 4.0

Sveio er einkommune iVestlandfylke. Kommunen ligg lengst sørvest i fylket, påhalvøya mellomBømlafjorden i vest ogÅlfjorden i aust. Sveio omfattar den nordvestre delen avHaugalandet (Haugesundshalvøya) og grensar motRogaland fylke i sør og søraust.

Sveio blei oppretta som kommune i 1865 ved utskiljing frå den dåverande kommunenFinnås, samstundes som ogsåVikebygd blei innlemma. I 1902 blei Vikebygd sokn skilt ut frå Sveio som eigen kommune.

Sveio fekk dei noverande grensene sine i 1964, dåValestrand og Vestre Vikebygd (vest for Ålfjorden) blei lagt til kommunen, likeeins dei to gardane Buvik og Flatnes frå tidlegare Skjold kommune i Rogaland.

Sveio grensar etter dette tilHaugesund ogTysvær, begge i Rogaland, i sør. Dei andre grensene rundt Sveio går i sjøen: motVindafjord i Rogaland i Ålfjorden i aust, og motStord ogBømlo i Bømlafjorden i nord og nordvest.

Natur

Sveio

Sveio. Ryvarden fyr frå 1849 blir no drive som galleri og museum. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av/NTB ※.

Områda langs kysten vest i kommunen består av djupbergartar av grunnfjellsalder, særleggabbro. Også berggrunnen langs Ålfjorden i aust er grunnfjell, hovudsakleggranitt. I det mellomliggjande området, mellom Vigdarvatnet ogFørdespollen, og dessutan i eit belte Valestrand–Tittelsnes lengst nord i kommunen, ligg yngre og til dels sterkt omdanna kambrosiluriske sediment, mellom anna glimmerskifer, over grunnfjellsbergartane.

Berggrunnen i heile kommunen er sterkt prega av denkaledonske fjellkjedefaldinga, mellom anna i den dominerande strokretninga sørvest–nordaust som landskapet har, og i dei svært ofte sterkt omdanna bergartane denne faldinga har bidrege til.

Landskapet er myrlendt og småkupert med låge åsar og kollar. Emberlandsnipen 271 meter over havet innanforBuavåg er eit landemerke. Mot aust blir lendet meir markert, med noko høgare toppar. Den høgaste er Trollevassnibba 432 meter over havet, tre kilometer sør påTittelsnesklubben. Jordsmonnet i Sveio er sandhaldig, til dels leirhaldig, moldjord.

Busetjing

Folketal

tidspunkt
19513173
19523129
19533112
19543102
19553118
19563194
19573191
19583136
19593096
19603054
19612977
19622946
19632914
19643408
19653386
19663358
19673398
19683380
19693383
19703477
19713568
19723652
19733703
19743735
19753784
19763839
19773911
19783975
19794118
19804216
19814245
19824321
19834356
19844445
19854545
19864544
19874567
19884594
19894587
19904582
19914582
19924561
19934632
19944637
19954594
19964597
19974580
19984557
19994581
20004623
20014669
20024683
20034666
20044687
20054672
20064747
20074764
20084825
20094906
20104999
20115138
20125228
20135400
20145463
20155509
20165593
20175656
20185721
20195721
20205766
20215798
20225775
20235732
20245742
Kilde:Statistisk sentralbyrå

Busetjinga er relativt jamt fordelt med konsentrasjonar til områda rundt administrasjonssenteretSveio ved nordenden av Vigdarvatnet, Rophus inst i Viksefjorden ved grensa til Haugesund ogFørde ved Førdespollen sentralt i kommunen.

Sveio hadde nedgang i folketalet til omkring 1970, sidan har det vore vekst. I tiårsperioden 2013—2023 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 0,7 prosent i Vestland fylke. Den relativt sterkare veksten i folketalet i Sveio enn i Vestland fylke i denne perioden må i ein viss grad tilskrivast nærleiken til Haugesund.

Ifylgje definisjonen tilStatistisk sentralbyrå er det totettstader i Sveio. Tettstadene er til saman 1,3 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

TettstadInnbyggjararAndel*Areal
Sveio1 52026 %1,0 km²
Rophus3897 %0,3 km²
Sum1 90933 %1,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sveio kommune som bur i tettstaden.

Kart over Sveio kommune
Kart over Sveio kommune
Av.
Lisens:CC BY NC 4.0

Næringsliv

Primærnæringane er, etter offentleg administrasjon og tenesteyting, den viktigaste næringa i Sveio etter sysselsetjing. Av arbeidsplassane i kommunen er 11 prosent i primærnæringane (2022). Jordbruket i kommunen har hovudvekt på husdyrhald (storfe, sau, svin, høns). Det blir drive noko fiske og fiskeoppdrett.

Der relativt lite industri i Sveio; den omfattar berre tre prosent av arbeidsplassane i kommunen, 20 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2022). Dei viktigaste industribransjane er verkstadindustri, møbel- og annan industri, tekstilindustri og trevare- og trelastindustri. Det er etablert eit større næringsområde ved fylkesveg 47 på Ekrene innanfor Viksefjorden, nær grensa til Haugesund.

I 2022 hadde 64 prosent av dei yrkesaktive som var busette i Sveio, arbeid utanfor kommunen. Av desse arbeidde 31 prosent i Haugesund, i alt 15 prosent i dei andre Haugalands-kommunane (Karmøy, Tysvær, Vindafjord og Bokn), i alt 12 prosent i dei andre Sunnhordland-kommunane og to prosent i både Bergen og Stavanger.

Samferdsle

Sveio har gode vegsamband. Sentralt gjennom kommunen går E39, kyststamvegen på Vestlandet. Denne vegen går via tunnelar (sjåBømlafjordtunnelen) og bruer over Bømlafjorden. Denne utgjer ein lekk iTrekantsambandet som knyter saman kommunane Bømlo, Stord og Fitjar medValevåg lengst nord i Sveio.

Fylkesveg 47 fører frå Haugesund i sør via kommunesenteret til E39 ved Haukås sentralt i kommunen. Frå fylkesveg 47 i kommunesenteret fører fylkesveg 541 nordover til Bømlo via ferjesambandetBuavågLangevåg.

Den næraste stamflyplassen erHaugesund lufthavn, Karmøy. Den næraste kortbaneflyplassen erStord lufthamn, Sørstokken.

Ryvarden fyr ligg lengst vest i kommunen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sveio høyrer til Sør-Vestpolitidistrikt,Haugaland og Sunnhordland tingrett ogGulating lagmannsrett.

Kommunen er med iregionrådetSamarbeidsrådet for Sunnhordland saman medAustevoll,Bømlo,Etne,Fitjar,Kvinnherad,Stord ogTysnes og dessutanRegionrådet for Haugalandet saman medHaugesund,Karmøy,Tysvær,Vindafjord,Etne,Bokn,Sauda,Suldal ogUtsira.

Sveio kommune har tosokn: Sveio ogValestrand og Førde i Sunnhordlandprosti (Bjørgvin bispedøme) iDen norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sveio til Søndhordland fogderi (futedøme) iSøndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sveio

For statistiske føremål er Sveio kommune (per 2016) delt inn i todelområde med til saman 21grunnkrinsar:

  • Sveio: Vikse, Våge, Vandaskog, Eltravåg, Bua, Sveio tettstad, Sveio, Kvalvåg, Bråtveit, Rød, Eilerås, Flatnes
  • Førde: Oa, Førde tettstad, Førde, Vestvik, Økland, Lier, Vihovde, Valevåg, Tittelsnes

Historikk og kultur

Ei bygdeborg ligg på Røykenes ved Ålfjorden. Valevåg er heimbygda til komponistenFartein Valen. På Valen kyrkjegard står der ein bautastein.

Ryvarden kulturfyr med kafé og kunstgalleri blei oppretta etter 1984, då fyret blei automatisert. I sørvest er det kystlandskapsspark der Bømlafjorden opnar seg mot havstykketSletta.

VedRyvarden fyr er det reist eit minnesmerke med namna på dei 16 som mista livet iSleipner-ulukka i 1999, då snøggbåten MSSleipner i grov sjø grunnstøytte i høg fart på skjeret Store Bloksen eit par kilometer utanfor fyret, og sokk etter kort tid.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1982) har ei kløyvdlilje i sølv mot ein raud bakgrunn. Motivet er henta frå eit våpen som blei brukt under hyllinga avChristian 4 i 1591.

Namnet kjem av norrøntSviða, avsve, ‘stad som er rydda ved brenning’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Steinsbø, Simon:Gards- og ættesoge for Sveio, 1986–1987, 3 b.
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Store norske leksikon (2005-2007); Thorsnæs, Geir:Sveio iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Sveio

Bidra

Kommentarar (7)

skreivAnders Habbestad

Jeg aldri sett varianten «Vigdervatnet» i bruk før, og mener at det rikige navnet må være «Vigdarvatnet», altså med a og ikke e. Det faktum at kultur- og skoleanlegget Vigdartun (hvor navnet har samme opphav) i kommunesenteret Sveio også skrives med a, støtter opp om dette.

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Hei! Du har helt rett. Jeg beklager feilen. Den er nå rettet. Vennlig hilsen Kirsten Halvorsen /geored.

skreivAnders Habbestad

«Fv. 47 fører fra Haugesund i sør via administrasjonssenteret Sveio til E 39 ved Ekrene.»Dette er ikke korrekt. Fv. 47 møter E39 på Haukås, ikke Ekrene: https://goo.gl/maps/nbC7X

skreivGeir Thorsnæs

Det du anfører, er helt korrekt, og teksten vil bli endret fra Ekrene til Haukås.Med vennlig hilsenGeir Thorsnæs

skreivSusanne Førde

Vil no meina at det er Førde og ikkje Rophus som er rekna som kommunens andre tettstad... ?

svarteGeir Thorsnæs

Per 1. januar 2015 opererer SSB med to tettsteder i Sveio: Sveio og Rophus med henholdsvis 1428 og 335 innbyggere. Dette gir kommunen en tettstedsandel i befolkningen på 32 prosent. Artikkelen Sveio er rettet i samsvar med dette.Vennlig hilsen Geir Thorsnæs

skreivSverre Olav Lundal

Etter nye definisjonar i Statistisk Sentralbyrå frå 1. januar 2013 er det to tettstader i Sveio, Sveio og Rophus. Før 1.1.2013 var det Sveio og Førde.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forSveio

Geir Thorsnæs
Mag. art.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp