Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Sunnfjord

Skriven av

Faktaboks

Sunnfjord
Uttale

sunnfjor

Etymologi
norrønt Sunnfirðir 'dei søre fjordane'
Dalsfjorden
Utsikt over Dalsfjorden i Sunnfjord.
Astruptunet
Astruptunet ligg i Jølster og er ein del av Sunnfjord museum.

Sunnfjord er den sørlegaste delen avFjordane iVestland fylke og omfattar områda rundt fjordane mellom Sognefjorden og Nordfjorden og innover. Området er større ennSunnfjord kommune som blei oppretta i 2020. Tidlegare Sogn og Fjordane fylke bestod av dei tre delaneNordfjord,Sunnfjord ogSogn.

Sunnfjord er også eit prosti iVestland fylke. Prostiet ligg iBjørgvin bispedøme og omfattar kommunaneAskvoll,Fjaler,Sunnfjord ogKinn (unntatt sokna Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy, som høyrer til Nordfjord prosti). Frå 2013 høyrer også Hyllestad og Høyanger i Sogn til Sunnfjord prosti.

Førde, Naustdal, Jølster og Gaular kommunar blei einige om å slå seg saman tilSunnfjord kommune i samband med regjeringa Solbergskommunereform. Dette blei godkjent i Stortinget juni 2017 og tredde i kraft i 2020.

Busetnad

Det største tettstaden erFørde ved botnen av Førdefjorden (10 216 innbyggarar 2015) ogFlorø på kysten (8864 innbyggarar i 2015); særleg Førde har hatt sterk vekst dei siste tiåra. Andre tettstadar i Sunnfjord med over tusen innbyggarar (2015) erSvelgen (1235),Naustdal (1181) ogDale (1095).

Natur

Utanfor fastlandet, i Ytre Sunnfjord, ligg ei rekkje øyer. Størst erBremangerlandet heilt i nord. Dette havområdet har talrike småøyer og skjær. Her liggStabben fyr, Kinnesund fyr,Ytterøyane fyr og mange fleire som alle er erstatta av automatiske fyrlykter.

Sunnfjord er oppspalta av ein rekkje vest–austgåande trange, til dels krokete fjordar som er klart kortare enn iSogn i sør ogNordfjord i nord. Dei viktigste er frå nord:

  • Gulen med tre armar: Nordgulen, Midtgulen ogSørgulen
  • Botnafjorden/Norddalsfjorden
  • Solheimsfjorden som leier inn til Eikefjorden
  • Høydalsfjorden
  • Førdefjorden
  • Stongfjorden
  • Vilnesfjorden/Dalsfjorden

Dei fleste av fjordane vert avløyste av vest–austgående dalar innanfor, mange av dei med store vatn.

I aust når Sunnfjord tilJostedalsbreen. Både her og påMyklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 meter over havet.

Namn

Første ledd avsunn, 'sør', brukt om ein fjord som ligg mot sør, her i forhold til Nordfjord.

Kart

Sunnfjord
Sunnfjord
Av/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Askheim, Svein:Sunnfjord iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Sunnfjord

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forSogn og Fjordane

Svein Askheim

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp