Språkfamiliar og språkisolat i Afrika
Talet påspråkfamiliar iAfrika ligg litt over 20. I tillegg finst det minst ni språk som ikkje har påvist slektskap med desse familiane, og som difor må reknast somspråkisolat. Utdøydde familiar og utdøydde isolat er ikkje rekna med.
- Hovudartikkel:Språk i Afrika.
Språkfamilie og språkisolat
Einspråkfamilie er ei gruppe språk som er i slekt med kvarandre ved at dei har utvikla seg frå eit fellesgrunnspråk ellerurspråk. Eitspråkisolat er eit språk som ikkje er i påvist slektskap med andre levande språk. Frå Europa erbaskisk eit døme på eit språkisolat.
Klassifikasjon
Verdien av ein korrekt klassifikasjon
Klassifikasjonen av språka i Afrika er sterkt omdiskutert, og difor er det viktig å kunne slå fast kva det er semje om og kva det er usemje om. Ein korrekt klassifikasjon er viktig for langt fleire enn språkforskarar. Mellom anna byggjer historikarar, arkeologar, genetikarar og antropologar på dei klassifikasjonane som språkforskarane legg fram, og det er svært uheldig om desse forskarane byggjer teoriane sine på utdaterte, feilaktige eller sterkt kontroversielle språkvitskaplege klassifikasjonar.
Tilhøvet til Greenberg sin klassifikasjon
Presentasjonen i denne artikkelen skil seg sterkt frå klassifikasjonen til Joseph Harold Greenberg i bokaThe languages of Africa frå 1963, som er presentert i artiklaneSpråk i Afrika (ein kort versjon) ogJoseph H. Greenberg sin klassifikasjon av afrikanske språk (ein lengre versjon). Mellom anna er to av familiane til Greenberg forkasta: dei nilosahariske språka og khoisan-språka.For å understreke dette, er desse føreslegne familiane skrive mellom gåseaugo i teksten nedanfor.
Greenberg bygde klassifikasjonen sin på ein metode han sjølv hadde utvikla, såkalla multilateral samanlikning (også kalla massesamanlikning). Denne metoden er sterkt omstridd. Greenberg meinte at det berre finst fire språkfamiliar i Afrika, og ingen språkisolat. Seinare forsking har mellom anna vist at fleire språk som Greenberg inkluderte i språkfamiliane sine, mangla han informasjon om, fordi dei ikkje var beskrivne i det heile. Greenberg tok heller ikkje med afrikaans og gassisk (malagassisk) språk som utan tvil er afrikanske, men som høyrer til språkfamiliar som primært blir tala utanfor Afrika, høvesvis den indoeuropeiske og den austronesiske språkfamilien.
Denne artikkelen er ein presentasjon av dei språkfamiliane og språkisolata som ein må rekne med iAfrika dersom ein byggjer på tradisjonelle språkvitskaplege metodar, i første rekkje den komparative metoden.
Språkfamiliar i Afrika
I presentasjonen nedanfor er familiane presenterte alfabetisk.Språkfamiliar som ikkje er godtekne i denne klassifikasjonen, er skrivne mellom gåseaugo,til dømes "khoisan".
1. Afroasiatiske språk
Afroasiatiske språk er ein språkfamilie med om lag 350 språk som blir tala på tvers av nordlege Afrika og i det sørvestlege Asia. Familien har hovudgreineneberberspråk, tsjadiske språk,kusjittiske språk,semittiske språk og det utdøyddeegyptisk. Det er vanleg å rekne dei omotiske språka som ei grein av afroasiatisk.
2. Aroide språk
Aroide språk er ein språkfamilie med fire språk – aari, dime, hamer og gayil – som blir tala i det sørvestlegeEtiopia. Det er vanleg å rekne dei som ei sør-omotisk grein av dei omotiske språka.
3. Austronesiske språk
Det afrikanske språketgassisk (madagassisk) høyrer til den vestlege greina av den malayo-polynesiske greina avaustronesisk med kring 1150 språk som elles blir tala på øyane i Søraust-Asia og i Stillehavet.
4. Austsudanske språk
Austsudanske språk er ein språkfamilie med mellom 40 og 50 språk som mellom anna omfattar deinubiske språka (langsNilen i det sørlege Egypt og det nordlege Sudan) og dei nilotiske språka (som turkana, maasai,kalenjin, luo og dinka). Dei fleste austsudanske språka blir tala iSør-Sudan,Uganda,Kenya ogTanzania, men det finst òg nokre iTsjad,Egypt,Eritrea og Etiopia. Greenberg rekna dei austsudanske språka som undergruppe av "Chari-Nil-språka", ei grein av "nilo-saharisk".
5. Berta-språk
Berta-språk er ein språkfamilie med tre språk – gebeto, fadashi og undu – som blir tala på grensa mellomSudan og Etiopia. Greenberg rekna dei som ei undergruppe av "Chari-Nil-språka", ei grein av "nilo-saharisk".
6. Dizoide språk
Dizoide språk er ein språkfamilie med tre språk som blir tala i det sørvestlege Etiopia. Dei kan vere i slekt med dei aroide språka. Det er vanleg å rekne dei som ei undergruppe av dei omotiske språka.
7. For-språk
For-språk er ein språkfamilie med to språk: for (eller fur) i det vestlegeSudan og amdang i det austlege Tsjad. Greenberg rekna dei som ei grein av "nilo-saharisk".
8. Gumuz-språk
Gumuz-språk er ein språkfamilie med fire nærskylde språk – nord-gumuz, sør-gumuz, yaso og daats'ilin – som blir tala på grensa mellom Sudan og Etiopia. Greenberg rekna dei som ei grein av "nilo-saharisk".
9. Indoeuropeiske språk
Det sør-afrikanske språketafrikaans høyrer til dengermanske greina av den storeindoeuropeiske språkfamilien. Indoeuropeiske språk blir frå gamalt av tala i vestlege og sørlege delar avEurasia, men har spreidd seg medkolonisering til mange delar av verda. Dei gamle indoeuropeiske kolonispråkaengelsk,tysk,fransk,portugisisk ogspansk blir òg tala i Afrika.
10. Ju-ǂhoan-språk (kx’a-språk)
11. Kadu-språk
Kadu-språk er ein språkfamilie med seks språk – tulishi, kanga, keiga, katcha-kadugli-miri, krongo og tumtum – som blir tala i delstaten Sør-Kordofan i Sudan. Greenberg rekna dei til den kordofanske greina av den Kongo-kordofanske språkfamilien, seinare kallaNiger-Kongo-språk. Andre har føreslege at desse språka er "nilo-sahariske".
12. Khoe-språk
Khoe-språk er ein språkfamilie med åtte språk –khoekhoe, khoemana (korana, griqua), shua, tsoa (tshwa), khwe (kxoe), naro, ǂhaba og gǁana – som blir tala iNamibia og Botswana. Det viktigaste er khoekhoe (nama, hottentottisk). Saman med det utdøydde språket kwadi utgjorde dei ein større familie som blir kalla khoe-kwadi-språk. Greenberg rekna dei som ei sentral grein av "khoisan".
13. Komanske språk
Komanske språk er ein språkfamilie med fire språk – uduk, kwama, komo og opuuo – i grenseområda mellom Sudan og Etiopia. Uduk blei tidlegare tala i Sør-Sudan. Greenberg rekna dei som ei grein av "nilo-saharisk".
14. Kuliak-språk
Kuliak-språk er ein språkfamilie med tre språk – tepes (soo), nyangia (nyang'i) og ik (teuso), som blir tala i det nordaustlegeUganda. Greenberg rekna dei som ei grein av den austsudanske greina av "Chari-Nil-språka", ei grein av "nilo-saharisk".
15. Kunama-språk
Kunama-språk er ein språkfamilie med tre språk – kunama, bitama og ilit – som blir tala i det nordvestlegeEritrea og litt over grensa til Etiopia. Greenberg rekna dei som ei undergruppe av "Chari-Nil-språka", ei grein av "nilo-saharisk".
16. Mabanske språk
Mabanske språk er ein språkfamilie med fire språk – kenjeje, masalit, aiki og mabang – som blir tala i Tsjad,Den sentralafrikanske republikken, Sudan og Sør-Sudan. Greenberg rekna dei som ei grein av "nilo-saharisk".
17. Niger-kongo-språk
Niger-kongospråk er ein av dei største språkfamiliane i verda, med nærmare 1400 språk. Han omfattar dei fleste språka iVest-Afrika, det sentrale og sørlege Afrika og ei lita gruppe språk i Sudan. Mellom dei niger-kongospråka som har flest førstespråkstalarar erakan,bambara,fulfulde, igbo,lingala, nyanja,joruba,shona,wolof ogzulu. Flest andrespråkstalarar harswahili.
18. Omotiske språk
Omotiske språk er ein språkfamilie med om lag 20 språk som blir tala i det sørvestlege Etiopia. Flest talarar har wolaytta og kafa. Det er vanleg å rekne dei som ei grein av dei afroasiatiske språka.
19. Sahariske språk
20. Sentralsudanske språk
Sentralsudanske språk er ein språkfamilie med om lag 60 språk som først og fremst blir tala i Tsjad, Den sentralafrikanske republikken ogDen demokratiske republikken Kongo, men òg i Kamerun, Sør-Sudan og Uganda. Mangbetu, lendu og lugbara har alle over ein million talarar. Greenberg rekna dei som ei undergruppe av "Chari-Nil-språka", ei grein av "nilo-saharisk".
21. Songhai-språk
Songhai-språk er ein språkfamilie med litt over ti språk som blir tala nær elvaNiger iMali,Burkina Faso,Benin,Niger ogNigeria. Familien har ei sørleg og ei nordleg grein. Tidlegare meinte ein at songhai var eitt språk, men fleire av variantane er så forskjellige frå kvarandre at dei må reknast som eigne språk. Størst er zarma (djerma), med over to millionar talarar. Greenberg rekna dei som ei grein av "nilo-saharisk".
22. Tuu-språk
Tuu-språk er ein språkfamilie med to språk – !xóõ og !kwi – som blir tala i Botswana ogSør-Afrika. !kwi blir berre tala av nokre få eldre. Greenberg rekna dei som medlemer av "khoisan".
Afrikanske språkisolat
- Bangime, som blir tala av om lag 2000 menneske (2005) i det sørlege Mali av folk som etnisk reknar seg somdogon. Språket har blitt klassifisert som ein sterkt avvikande medlem av dogon-språka.
- Dompo, som blir tala av om lag 65 menneske (1999) i Brong-Ahafo-regionen iGhana.
- Hadza, som blir tala av litt over 1000 menneske (2012) i Tanzania. Greenberg rekna det som ei grein av "khoisan".
- Jalaa, som blei tala av om lag 200 menneske i det nordaustlege Nigeria. Språket er sterkt truga, kanskje utdøytt.
- Kujarge, som blir tala av om lag 1000 menneske (1983) i Tsjad og Sudan.
- Laal, som blir tala av om lag 750 menneske (2000) i det sørlege Tsjad.
- Ongota, som blir tala av 12 eldre menneske (2012) i det sørvestlege Etiopia.
- Sandawe, som blir tala av om lag 40 000 menneske (2000) iDodoma-regionen i Tanzania. Det kan vere i slekt med khoe-språka. Greenberg rekna det som ei grein av "khoisan".
- Shabo, som blir tala av om lag 400 menneske (2000) i det sørvestlege Etiopia.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
- VILKÅR FOR GJENBRUK:
- avgrensa gjenbruk
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forAfrikanske språk
