
Song-dynastiet

1100-tallet.
Song var eikinesisk keisarslekt og ein periode ikinesisk historie frå 960 til 1279. Perioden vert ofte omtala som Kinas økonomiske, industrielle og til dels kulturelle gullalder. Dynastiet sleit militært gjennom heile perioden, og siste rest vart slått avmongolane i 1279.
Faktaboks
- Også kjend som
Sòng (宋)
Opphav

Etter atTang-dynastiet hadde falle følgde ei brytningstid med uoversiktlege forhold før Song-dynastiet innleidde ein periode av fullmoden og rik kulturutfalding, særleg i kunst ogfilosofi.
Song-dynastiet vart oppretta av Zhao Kuangyin i 960 då han kuppa trona frå den siste keisaren av det austlegeZhou. Zhao Kuangyin hadde vore ein framståandegeneral i det nemnde Zhou, ein av fleire kortlevde småstatar under den kaotiske perioden som går under namnet «Fem dynasti og ti kongedømme» (907–960). Som keisar (kjend for ettertida som Song Taizu) sigra han over desse andre statane og samla dermed Kina att. Han oppretta òg det omfattande og effektivebyråkratiet i Song-dynastiet, mellom anna gjennom ei utviding av det kinesiskeeksaminasjonssystemet.
Styresett
Denne verdsetjinga avadministrasjonen over det militære var noko av oppskrifta til Song-dynastiet sin suksess, men blir òg rekna som opphavet til Songs kroniske militære problem. Ein unngjekk mektige generalar ogmilitærkupp av den typen som hadde ført Song til makta, men også kreativt spelerom for driftige militære leiarar.
Den såkalla nykonfutsianismen oppstod i Song-dynastiet dåkonfutsianismen opptok trekk fråtaoisme ogbuddhisme. I dei følgjande hundreåra sigra etter kvart einkonservativortodoksi innan konfutsianismen, og dette vanskeleggjorde vidare åndeleg og intellektuell utvikling i større grad.
Ei sterk befolkningsauke sette etter kvart inn, og eit reint siviltforvaltningssystem vart gjennomført. Politisk og militært stod Song-dynastiet noko svakt.Annam reiv seg laus, og det store tongutriketXi-Xia herska overSentral-Asia, medantungusfolket kitan (opphavet til namnetCathay) herska i nordaust, med noverandeBeijing som hovudstad. I 1127 erobra jursjenarane (kinesiskrúzhēn如真), eittungusisk stammefellesskap, hovudstadenKaifeng og store delar av Nord-Kina. I perioden som følgde, kalla Sør-Song (1127–1279), var Song-dynastiet sittterritorium avgrensa til området sør forYangtze-elva.
Økonomi og vitenskap
Økonomisk og kulturelt blomstra likevel Kina som før i Sør-Song. Lin'an (noverandeHangzhou), den nye hovudstaden, overtokKaifeng sin plass som truleg den mest folkerike byen i den tida. I tråd med den innovative ånda i Song-dynastiet vart det utvikla ei rekkje militære nyvinningar, som krutvåpen,kompass,hjulbåt og kastevåpenetblide.
Mange nye byar vart grunnlagde og bymurar bygde. Stolen teken i bruk sommøbel,teen vart ein vanleg drikk i alle samfunnslag,kortspel ogdomino vart oppfunnen, ogvifta vart innført fråJapan.Fotbinding vart vanleg blant kvinnene tiloverklassen frå 900-talet.Boktrykk med bevegelege typar vart vanleg, det lærde eksamensvesenet vart utbygd og forbetra,matematikk ogmedisin gjorde framsteg, til dels underarabisk innverknad.
Innan dei lærde si verd arbeidde det innsiktsfulle granskarar av Kinas oldtidsminne (bronsar, innskrifter,segl, grev). Kunstsamlarar,encyklopedistar, reisande ogbibliografar samla og ordna med stor flid det veldige materialet.
Den oversjøiske handelen auka i Song-dynastiet, og kinesarane byrja å navigere etter kompasset. Blant importvarene varrøykjelse,rav,korall,perler,ibenholt,elfenbein ogbomullsstoff.
Fall
Frå 1230-talet var Song trua av eit nytt nomadisk rike i nord. I 1234 hadde dei slått jursjenarane og erstatta dei som herskarar i nord-Kina. Deimongolske angrepa byrja for alvor i 1259, men vart avbrote nesten med ein gong då storkhanen Möngke brått døydde. Eit tiår med pause frå mongolske angrep følgde.
Khubilai-khan, den nye storkhanen, bydde Song-dynastietvasallstatus og sjølvstyre innanfor det mongolske riket, slik som Korea hadde fått. Song-herskarane avslo. I 1268 fortsatte krigen med angrepet på Xiangyang, som fall i 1273.
I 1276 fall hovudstaden, og Song-keisaren gav frå seg keisarmandatet tilmongolane. I kinesisk historieskriving er det vanleg å rekne dynastiet fram til 1279, då den siste resten av Song-hoffet i sør-Kina kapitulerte. Kina vart då sameint under mongolsk herredøme iYuan-dynastiet.
Les meir i Store norske leksikon
- Kinas historie
- Kinas forhistorie
- Periodisk oversikt over Kinas historie
- Xia-dynastiet (2200 til 1800-/1700)
- Shang-dynastiet (1760–1122 fvt)
- Zhou-dynastiet (1050–221 fvt.)
- Qin- og Han-dynastia (221 fvt.–220 evt.)
- Tang-dynastiet (618–907)
- Song-dynastiet (960–1279)
- Yuan-dynastiet (1280 til 1368)
- Ming-dynastiet (1368–1644)
- Qing-dynastiet (1644-1911)
- Republikken Kinas historie (1912-1949)
- Folkerepublikken Kinas historie (1949-1997)
- Kinas samtidshistorie
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.